Norges vestligaste kapell. | |||
Her kan du lese om Værlandet Kapell. Kjekke bilder av Bulandet Kapell, og kjekt historisk stoff om orgelet som står i Bulandet Kapell. Takk til Steinar Bauge for linken.
Lydopptak av orgelet i Bulandet Kapell. Rune Molvik har laga opptaket,
og Steinar Bauge har sendt oss linken. |
|||
Her er Bulandets kyrkjehistorie heilt tilbake frå 1600-talet. Historia er skriven av Jardar Melvær. |
|||
Kyrkja si historie i Bulandet. Noverande kyrkje vart bygd i 1905 etter initiativ fra bygdefolket sjølve. Det heile tok til med nokre bibellesingar kring om i private hus og på sjøbuer. Desse kom i gang 1896 etter søknad fra soknepresten, Breyholtz. Dette sette truleg fart i tanken om å skaffe Bulandet eit eige gudshus. I 1904 vart der søkt Askvoll kommunestyre om å få åtte bibellesingar årleg, men det hadde ikkje vore Askvoll kommunestyre om det vart invilga. Det enda med seks bibellesingar i det nye kapellet som sto ferdig i 1905. Dette fekk dei mot at dei sjølve sto for presteskyssen, men da skulle dei sleppe den ordinere presteskysstenesta som var pålagd krinsane. Seinare i 1906, vart det søkt til kyrkje og undervisningsdepartementet om pengar til å sette huset i slik stand at aIle kyrkjelege handlingar kunne utførast der. Pengane kr. 1500 vart til slutt løyvde og huset sett i den stand det skulle, med tårn og det heile. Men først i 1913 vart det løyvt pengar til klokke. I 1937 vart der gjort ein del arbeid rundt Kyrkja. Landingsplass for båtar med meir. Så gjekk det fram til femti og sekstitalet. Då det vart utført eit omfattande restaureringsarbeid. Kyrkja i den stand den er no, stod ferdig og vart på nytt innvigd den 19. juni 1966. Kyrkja var heilt til fram på åttitalet det einaste forsamlingshuset i bygda og alle samankomstar for utan dei kyrkjelege, som juletrefestar, basarar med meir vart halde der. Bue Kapell. Men kyrkjesoga i Bulandet er lenger enn dette. I gamal tid vart Bulandet kalla Bue og var ein del av Vilnes sokn. Her er og fortalt om Bue kapeII. I 1686 var det synfaring av aIle kyrkjehus i Askvoll og om Bue kapell er skrive: "Bue kapell er en liden trebygning liggende ytterst ved nogle havskjer. Inden outerstrøken med nogen gammel maling. Lengde der pa er 11 alen og bredde 9 alen. Der er framlegg om nogle reparasjoner, så som tjerebreeing, en ny utvendig trapp med tre trin og en ny lås, da ingen er der fra før. Inventaret var: 1 kalk av tinn. 1 Disch av sølv. 1 messehagel. 1 messeserk. 2 alterduke. 1 stykke randet klede under alteret, og 1 messingstake." lnntektene til kapellet var tiend rekna ut etter fisk og kapellet eigde og så mange som 15 kyr som dei leigde ut til jordeigarar mot betaling. I 1780 skriv presten Meldrup: "Under Vilnes Kirke hører Bue kapell. Dertil hører ti jordemenn. Kapellet er i nogen lunde stand dog uden aIle ordnamenter. Ingen klokke uden en, der kan sammenlignes med en bjelde. Ti den pyntelige som for hen var der til megen nytte for inbyggeme i mist og tungt veir når de var på havet; da de mang en gang fant vei etter dens lyd, er nu bortført til Askvoll kirke, da den som var der er bortsolgt." Det vert fortalt at dei kom og henta klokka ein godveirsdag da alle manfolka var på sjøen. Soleis var der ingen som kunne hindre at dei røva klokka fra kapellet. Kyrkja vart no etter kvart i svært dårleg stand. Inventaret vart borte og taket som var av teglstein, var vanskeleg å få til å ligge. Det bles regn og snø inn under taksteinane, noko som der står, "gjorde kyrketjenesten ubehagelig for så vel prest som menighed." Etter tradisjonen sto Bue kapell ute pa ein liten holme som heiter Kyrkjeøyna. Ein gong vart den riven ned og materialar til nytt hus vart lagd i land. Då kom der ein storm og kasta alt på sjøen. Materialane rak inn på Gjelsa. Dette såg dei som eit teikn fra oven, og den nye kyrkja vart bygd her. Der heiter det enno kyrkjebakken og ein av hjørnesteinane kan ein enno sjåast. Siste messe i Bue kapell var i fylje prost Cristie, mariemessesundag i mars 1813. Dåverande eigar fant huset så dårleg at han reiv det ned, noko han ikkje hadde lov til. Han orsaka seg med at det var gjordt av uvitenhet og ikkje av ond vilje og at han ville byggje det opp att. Han døydde kort etter og Bue kapell var ute av saga i dei neste hundre ar. Sogneprest, hr. Heiberg, skreiv i 1818 i si visitasmelding til prosten: "Hvorledes det skal bli med det for mange år siden nedrivne Bue kapell, om det skal forblive status quo, eller om det skal oppstå av sine ruiner, er meg ubekjendt. Men skal jeg ytre min individuelle mening, da anser jeg dette kapells oppbyggelse som ganske overflødig, så meget mer som almugen ikkje synes å ønske det. Som vi ser i dag vart hr. Heibergs individuelle meiningar gjort til skamme Og sjølv om det tok innpå hundre år, oppstod Bue kapell av sine ruiner. |
|||
Kyrkjebakken på Gjelsa. Her kan ein sjå bilde av Kyrkjebakken på Gjelsa der kyrkja skal ha stått til den vart riven eingong rett etter 1813. Som ein kan sjå så var da ein godt egnelig plass til kyrkjebygg, god havn for båtar var da og. Da var sikkert kai til båtar på den tida, og da er heller ikkje mange år sidan da stod ei bu her. |