|
Innspel til kommunedelplanen for Bulandet. Målet med ein arealdelplan for området vårt må vere å fremje busetnad og næringsutvikling Vi
ynskjer at Bulandet
innanfor markert sirkel på kartet skal
reknast som eit
byggjefelt/hamneområde. Der skal det
vere lov med
heilårsbustad og næring. Óg
i strandsona. Områda merka med F er friområde vi ynskjer å ta vare på.Desse friområda gjeld: Fjøre på Kjempeneset , Gjørøy og på Nikøy. Klettane og Lykta på Gjørøy, Halsøyhågen på Halsøy, Statuene på Hillersøy.
Mykje
av strandsona innan dette området er
utilgjengeleg og vil
ikkje kunne nyttast
i samband med bustadbygging. Grunneigarane
vil ikkje bandlegge områda, då
ein veit lite om framtida med tanke på
mellom anna vindkraft og maritime næringar. |