Sandøyna

Sandøyna er den vestligaste øya i Bulandet, og den einaste øya utanom Bjørnøya som ikkje
har vegforbindelse med dei andre øyane.

Bilda er tekne av Eli Sandøy, Ronny Svoren og undertegna.

Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i
i virkeligheita.

Nordligaste delen av Sandøyna, og Steinane, 4. juli 2009. Steinar Bauge er fotograf.

Sandøyna og øyane synnafor, 4. juli 2009. Steinar Bauge er fotograf.

Sandøy, teke frå Halsøyhågen 2. påskedag 2008. Eli Sandøy er fotograf

Sjøen bryt ved Sandøyna

Sandøyna sett frå aust

Soloppgang på Sandøyna

Sandøylykta tidlig på morningen

Bilete teke nord på Sandøyna og sørover

Det er flotte farger når sola går opp. Han Ronny Svoren er tidelig opp for å fotografere, eller so er han sent i seng.

Flott bilete teke mot nordaust.

Ein hjort står ute på Steinen å lure. Han ligg der å slappa av om dagen for so å symje inn på Sandøyna å beite om natta.

Fred driv skytetrening. Berre slapp av, Sandøyna er ein fredelig plass sjølv om han Fred kjem på besøk av og til. Både folk og dyr har komme levande og uskada frå besøket, i alle fall fram til dags dato.

Bilete frå havna på Sandøyna

Enda eit bilete frå havna på Sandøyna

Sandøy lykta sett frå havna.

Sandøyna sett frå Sandøy lykta.

Sandøyna sett frå Gjørøykletten.

Vinterbilde av Sandøyna sett frå Halsøy hågen.

Steinane vestafor Sandøyna.

På Steinane er det ein innsjø med saltvatn som blir skikkelig oppvarma i sola. Det er vanskelig å legge til med båt og den er vanskelig å finne so her er da mest lokale som nyt den varme badetemperaturen.