Temaparken  
Temaparken finn du her  I andre høgda her held Temaparken til.

Informasjon om Temaparken, både fortid og framtid.


 


Jorunn i Alden

Eventyrbok for unge og vaksne basert på ei gammal, lokal segn om Jorunn i Alden.
Segna er nedskriven av P. G. Fismen i 1931 og omarbeidd av forfattaren Heidi Hattestein frå Atløy.
Boka er illustrert av Kristin Nikøy frå Bulandet.


Bestilling: temaparken@live.no
eller ring/send sms på tlf. nr. 906 18 481.
 


Temaparken viser Bulandet i fortid og notid.
Den består av ei permanent utstilling og ei utstilling som skifter alt etter kva som er aktuelt.

Den permanente utstillinga består av tusenårs skifte, fiskeri og fredsutstilling.
Fredsutstillinga har og vært på langfart til Shetland, og blitt utstilt der.
I 1995 blei den utstilt i kommunehuset i Lerwick i forbindelse med 50 års jubileum for krigens slutt.
So denne utstillinga er ein skikkelig sånn der globetrotter.

I år har dei laga skuleutstilling i det gamle klasserommet på loftet. Dei har og laga tema som kjøken,
leikar,samferdsle, forlis og kyrkjejubileum.

Det er alltid godt kjende omvisarar der, so det er berre å spørje og grave. Dei veit svar på alt.
Vist du ikkje får svar so er da ikkje omvisarane du spør, da er da nokre naturtru utstillingsfigurar.
Figurane er so naturtru at Madam Tussaud hadde blitt grøn av misunnelse hadde ho sett dei.
Figurane er laga av Kristin Nikøy, ho kan du og sjå litt meir om på utstillinga i  Galleri Havblink

Du går inn ei dør på baksida av huset på bildet og opp ei trapp, so er du der.
Utfor temaparken henger og bilete av nesten alle raringane som bur i Bulandet, og kor dei bur.
Det er ei som heiter Eli Sandøy som har lagt eit kjempearbeid i å få da til.

Temaparken fekk Askvoll Kommunes kulturpris for 2003
 

Her er bilde frå Temaparken.

Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i
i virkeligheita.

     

Her ser du ein modell av Bulandet. Den er so snedigt tillaga at da er berre å trykke på ein knapp med navn på, så lyse da på rett plass. Mykje godt arbeid bak denne modellen.

Ein del av kjøken utstillinga. Dette kjøleskapet frå tidlig 50-åra, eller deromkring, virka enno. Teorien er at da virka nettopp på grunn av at da er so gamalt, dei laga ting for å virke i dei dagar. Da er vel heller tvilsomt om nokon av dagens kjøleskap vil virke om 50 år.

Litt av utstillinga som viser leiker frå gamle dager, heilt tilbakers frå 1920-30 talet.

Ungane på skulen har laga bilder og modellar av Berte og Hansine

Skulpturane av Berte og Hansine som ungane på skulen har laga. Fotograf Siri Landøy

Spanande visualisering frå ulykka der Berte og Hansine fekk redningsmedalje for innsatsen sin. Modellen er laga av Kristin Nikøy og fotografa er Siri Landøy.

Her set sjefa sjølv, ho Liv Gjørøy, og koser seg med litt niste mellom øktene

Her set Wencke Sandøy og passer bilettkontoret. Bak viser ein del av bilda over alle Bulendinger sortert på øyer.

Da er mange som er vakter og guider, her er da Synnøve som tek bilett. Sommaren 2008

Sommaren 2008. Jofrid diskutera alle dei gamle tinga med Lilly Landøy.

Her er ein tru kopi av ei sildesaltings bu som stod i Bulandet. Ingolf Fedøy har laga bua, og Kristin Nikøy har laga arbeidsfolket

Her kan ein sjå nokre av figurane som "jobba" i bua, og som Kristin har laga

Her er modeller av mykje rart som har med fiskeri å gjere. Litt for ein kvar smak.

Inngangen til fredsutstillinga. Her er bilete og forteljingar om dei frå Bulandet og Værlandet som var med å sikra freden.

Her er den orginale preikestolen til kyrkja, den stod i kyrkja fram til 60-talet. Presten er ein av dei figurane som ho Kristin Nikøy har laga.

Her er to av omvisarane, Jorunn Nikøy og Håvard Halsøy, dei kan du spørje om alt du lurer på i Temaparken.

Temaparken

 

       Bulandet past and present

Permanent exhibitions:

Milleniumschange, fishery, peaceexhibition, communications

Opening hours 01.6.08-20.8.08:

Sunday, Monday, Wednesday and Friday: 1300-1600

Tuesday and Thursday, please, phone our guide, Marit Thistel:  90849429

Tickets

Adults: Nkr 50

Pensioner: Nkr 25

Children (6-16 years) Nkr 25

Not all local guides speak English

Bulandet früher und heute

Permanente Ausstellungen:

Tausendjahrwende, Fischerei, Friedensausstellung, Verkehr

Öffnungszeiten 01.6.08-10.8.08:

Sonntag, Montag, Mittwoch und Freitag:

 1300-1600

Dienstag und Donnerstag, bitte, telefonieren Sie unsere Fûhrerin, Marit Thistel: 90849429

Eintrittskarten:

Erwachsene: Nkr 50

Pensionär: Nkr 25

Kinder (6-16 Jahre) Nkr 25

Wenige Museumsführer sprechen Deutsch