| Webkamera på Værlandet og i Bulandet. Flyttbart kamera finne ein her.
For dei som kom direkte til denne
sida, so finn du hovedsida her. |
![]() |
| No har vi montert webkamera på butikken på Værlandet Da vi sei at Gunnar
stod for da meste av monteringa utandørs, mens heimesideskivarane stod
på innsida og oppmuntra han so godt vi kunne. Pr. 23.mai 2007 so er vinkelen på kamera som ein ser no, dette skal vi justere etter kvart. Vi har ikkje fått fininnstilt enno. Gunnar stakkars vart blåfrosen og kaldt itte å ha stått ute på taket og montert, og so kom da ei voldsom stortevass byge i tillegg. Bilete frå kamera vert oppdatert sånn annakvart minutt, du må ta oppdater på sida for å sjå utviklinga vist du venta på ferja. So må vi få takke Henrik Grotle, som jobba i avisa Firda, han var
svært behjelpelig til å hjelpe oss med å få kamera på lufta. |
![]() |
| I og med at vi har so mange velvillige og rause sponsorar , som
igjen har medført av heimesida har ein del penga på konto, so kjøpte
like godt heimesideskrivarane eit kamera til. Den 6. juli var heimesideskrivarane på Fiskeindustrien og monterte kamera, som peika på butikken og deler av gjestekaia. Kamera står utfor vindauga på kontoret til Malvin, ser de nokre skjeggstubba i kameralinsa so er da berre Malvin som har haue ut glaset. Bilete frå kamera vert oppdatert sånn annakvart minutt, du må ta oppdater på sida for å sjå utviklinga vist du venta på nokon som skal dukke opp ved gjestekaia. |