BULANDET GRENDALAG
B.G. vart skipa i 1989 og er og har vore eit svært aktivt
grendalag som arbeider for innbyggjarane sitt ve og vel.
Dei siste åra har vi hatt eit nært og givande samarbeid med Værlandet vel.
Samarbeidet har i hovudsak vore om
veg-og bru bygging og om nye ferje og bussruter etter at Nordsjøporten kom på
plass i desember i 2003.
To personar i bygda må nemnast i denne samanheng og burde vel eigentleg hatt ei
spalte under ”Hederleg omtale”.
Asle Fedøy sat som leiar i Bulandet Grendalag i 13 år og gav først frå seg roret
inneverande år.
Jardar Mælver sat som skrivar omlag like lenge. Saman har desse to karane vore
dynamitt og har i gjennom
Grendalaget lagt ned eit stort og betydningsfylt arbeid for Bulenningane.
Vi skal prøve å få på plass meir informasjon om kva vi arbeider
med og det vil bli lagt ut referat frå alle møta våre.
Dersom nokon har saker de ynskjer at vi skal arbeide med, kan de sende mail til
bulandet-grendalag@hotmail.com
eller
webansvarlig, så vert da formidla vidare.
Med helsing Bulandet Grendalag
Informasjon frå Bulandet Grendalag
Vedtekter for Bulandet Grendalag
Møtereferater
Eit lite referat frå vegfestivalen 2. - 4.juli 2004, skrevet av Heidi Kjempenes.