Hamnaholmen Feriehus

Brosjyre frå Hamnaholmen Feriehus i PDF-format kan ein sjå her.

Huset er bygd i 1936 og er på 4 etasjar. Huset ligg i sjølve Værøyhamna, ei lun og
god hamn.Heilt fram til 2003 var det butikk i kjellaren. 

No har huset fått ny fasade, og skiftar samstundes namn frå Gamlehuset til
Hamnaholmen Feriehus. I tillegg til ny og flott fasade, er enkelte rom pussa
skikkelig godt opp.

Utleigeleilegheita er på 2 plan. Huset har 5 soverom etter oppussinga. Senger til 13
personar totalt + barneseng. Er da fleire som vil bu her samstundes er det ingen
problem med å legge ut madrassar for fleire.

Plan 1: Velutstyrt kjøken (med blant anna oppvaskmaskin, mikrobølgjeomn, komfyr,
kjøleskåp og vaffeljarn), fjernsynsstove, spisestove, "glasveranda", 1 soverom med
dobbelseng (120cm), toalett, bad med dusj og badekar.

Plan 2: Fire soverom: 1: to enkle senger. 2: 3 enkle senger, 3: dobbelseng (150 cm)
og enkelseng 4: dobbelseng (120cm) og enkelseng. I tillegg er det eit vaskerom med
varmt og kaldt vatn, stellebord og strykebord.

Om nokon har lyst å tilbringe ferien sin i det tradisjonsrike huset i Værøyhamna på
Værlandet, så ring Anne Britt 951 42 957 eller Laila 970 92 691. 
Bilde av Hamnaholmen Feriehus under Nordsjøporthelga 2008. Da må nevnast at da er ikkje vanleg med så mange båter ved kaia, da skjer ei helg for året. Men vil ein sjå fine båtar og båtliv, so er da berre å sitte på altanen og kikke nordover i havna mot Værlandet Båt.
 
Du må klikke på bilete ein gong for å få dei større.
 

Vestsida av Hamnaholmen Feriehus, nyoppussa og eit vakkert syn. Mykje god verandaplass tilpassa alle vindretningar, og skulle da verte ekstra kaldt ute er da innandørs veranda og.

Mot aust ser ein rett opp på Alden, eller og kalla Den Norske Hest

Her ser ein litt av inngongsdøra som er inngongen til ein stor gang. Skikkelig god plass til å henge frå seg klær og ellers romestere som ein vil. Kassen bort i kroken inneheld varme tøfler for kalde føter

Kassen med assortert utval av varme tøfler. Skulle du komme ein kald vinterdag og fryse på føtene, so er da berre å forsyne seg med varme tøfler før du tuslar vidare inn for å nyte resten av da flotte huset

Frå yttergongen er da inngang til badet som ein ser noko av her

Toalett rett ved sidan av badet. Her kan ein putle på med da ein pleie gjere på eit toalett, mens ein stikke ut ny kurs på sjøkartet som heng på veggen.

Her ser ein kjøkenet som inneheld alle dei fasiliteta eit moderne kjøken skal innehalde. Koselig kjøkenbord i austre enden av kjøkenet.

Søre veggen på kjøkenet

Som da høve seg i gamle hus er da to stover, ei til kvardags og ei til helgedagar. Her er kvardagsstova, skikkelig flott sofakrok for å sitte å nyte livet.

Same stova som og syner ovnen og inngongen til kjøkenet

Kvardagsstova mot nord. Ein ser inn i "beststaua" som dei sa i gamle dager, berre brukt til helg og høgtidsdagar. No kalla vi vel da spisestove.

Her er "beststaua" eller spisestova. No er da opp til gjestane å bestemme kor tid den skal brukast, ein treng ikkje vente på helgedagar for å bruke den.

I "beststaua" står ein gamal ærverdig omn. Denne ovnen er sopass gamal og ærverdig at dersom gjestane vil fyre i ovnen so anbefalast da å bruke ovnen i kvardagsstova.

Soverommet i hovedetasjen.

Mot vest er ein flott altan som er tilpassa all slags vær. Her ser ein frå den innandørs altanen og mot sør.

Innandørs altan med utsyn mot nord

Her er utsyn mot sør frå nordligaste enden av altanen. Den raude båten ein ser rett utfrå husveggen heiter "Harald 1" og føl med når du leiger huset

Båten som føl med, "Harald 1" ,Hamnaholmen Feriehus i bakgrunnen

Litt av innerste gangen og trappa opp til øverste etasje. Ein ser og inngongen til soverom i hovedetasjen

Eit av soveromma i øverste etasje, dette vender mot nord og ein kan sjå båtlivet ved Værlandet båt

Endå ei soverom oppe, mot sør.

Endå eit soverom oppe, mot sør det og

På soverommet oppe, som vender mot vest, står ei seng som bestefaren til vertskapet laga for 80 år sidan. Da var ei lita uryddigheit på gardina som vertinna, Anne Britt, måtte ordne opp i før heimesideskrivaren fekk lov å ta bilde, men som ein ser klarde han ikkje halde seg

Slik ser vertinna Anne Britt ut heile tida, nydelig vakker og smilande nesten frå øyre til øyre, uansett om ho held på med å ordne uryddigheiter på gardinene eller gjere noko anna.

Soverommet mot vest, med perfekt ordna gardiner.