Filmsnuttar som omhandlar Bulandet, Værlandet eller noko anna lurt.

Tilbake til hovedside.

Her tenkte vi å presentere kjekke videosnutter som kan ha interesse for lesarane av denne heimesida.
Finn du ein video- eller lyd-snutt rundt om på internett som du meiner har interesse for lesarane av
dinna heimesida, so må du sende oss eit hint på mail.
Eller so kan du lage ein kjekk video- eller lyd-snutt som du kan få legge ut på denne sida.
Mail ---> webansvarlig@bulandet-grendalag.org

Diverse filmsnutter som ligg på Youtube eller andre plassa.

Ein flott videosnutt frå ein båttur i Bulandet. Lars Grepstad har filma og laga til videosnutten, mens Daniel Fedøy kjørte båten.
I og med at båtturen tidvis foregår i ganske så ureint farevatn, så brukte dei for sikkerhets skuld båten til Ruben Fedøy under filminga.


Spor 9 på cd'n "Havet" av Nybø Band frå Værlandet. "Kaldt om natta", tekst av Janne Nybø og melodi av Per-Vidar Nybø.


Spor 7 på cd'n "Havet" av Nybø Band frå Værlandet. "Sommarfugl", tekst av Doddo Andersen og melodi av Janne Nybø.


Spor 6 på cd'n "Havet" av Nybø Band frå Værlandet."Folkevognbuss", tekst av Janne Nybø og melodi av Per-Vidar Nybø.

Spor 5 på cd'n "Havet" av Nybø Band frå Værlandet."Bergen Bossa", tekst og melodi av Janne Nybø.


Spor 3 på cd'n "Havet" av Nybø Band frå Værlandet."Sommar igjen", tekst av Janne Nybø og melodi av Per-Vidar Nybø
 


Spor 2 på cd'n "Havet" av Nybø Band frå Værlandet. "Tilfeldigt forbi", tekst og melodi av Janne Nybø.


Spor 1 på cd'n "Havet" av Nybø Band frå Værlandet. "Beste venn", tekst og melodi av Janne Nybø.


Ein redigert utgave av CD som blei spelt inn når Catchy Club, med Terje og Per Vidar Nybø, hadde konsert i Florø 18.06.12


Ein reklamefilm for Tine som egentlig ikkje har noko med Bulandet og Værlandet å gjere. Men den er knakande god, og er teken opp i Naustdal. Så kjenner heimesideskrivaren litt til hesten i filmen, den heiter "Borken".

Rune Thistel har sendt oss ein kjekk snutt om ein tidligare Bulandsbåt, "Buesund".

Rune Thistel har sendt oss ein kjekk snutt om ein tidligare Bulandsbåt, "MG Sandøyvåg".
 

Joker Bulandet ved sjølvaste Magni Tysse Rogne i "Ukens Joker"


Filmsnutt som blei brukt på 17.mai 2011 i Bulandet.


Link til ein flott padlefilm frå Bulandet.

Ein lokal kjendis som sler seg laus og syng karaoke, når han er vekk frå heimbygda si.


Ein kjekk videosnutt med Bulandsbilder.

Ein videosnutt frå då Per Vidar Nybø spelte med Catchy Club på Håvebua i Florø 18.06.2010
 

Ein liten videosnutt frå garnhotellet på Værlandet.

 

Link til ein videosnutt på Youtube som viser eit kortfatta resymè av ein biltur frå Bulandet til Bergen.
Dei har laga ei sperre på den, som gjere av vi ikkje kan spele den direkta av her på heimesida.

 

Kjekk videosnutt laga av nokon som har vore på tur i Bulandet og Værlandet.


Vinternatt av Per Vidar Nybø og framført av Nybø Band.


Havet. Musikk av Per Vidar Nybø, framført av Nybø Band og bilder tekne av Bjørn Brendeland.


Ein litt uvanleg arbeidsdag på Fiskeindustrien i Bulandet.

Frode Kjempenes har lånt ut ein video til heimesideskrivaren, som blant anna inneheldt nokre palefiskesnutter frå 2002 og sommaren 2003. No har heimesideskrivaren klart å plukka ut da som berre er palefiske, og lagt da ut på YouTube. Da dukka opp ca. 2 sekunda med bilde av Dorthea midt i filmen, som eg ikkje klarte å luke vekk, men da gjere ikkje noko.


Werner Vesterås har laga videosnutt på Youtube av bilder han har lasta ned frå webkamera på ferjekaien på Værlandet.


Rune Thistel har sendt link til filmar om sildefiske på 1950-talet. Her er 2 filmar om vintersildfisket på Vestlandet.
Vintersildfiske på Vestlandet. Del 1


Vintersildfiske på Vestlandet. Del 2.


Rune Thistel har sendt link til filmar om sildefiske på 1950-talet. Under her er 3 av filmane.
The Silver Harvest, fiske utanfor Vestlandet.


Havets sølv. Del 1


Havets sølv. Del 2


Film frå 8.mai 1985, 40 års markeringa på Værlandet av at krigen var slutt. Takk til Harald Leite for filmen. Lagt inn september 2008.


Sunnfjord Folkehøgskule på tur i Bulandet. Lagt inn mai 2008.


Njord i Bulandet, frå "Ut i naturen". Lagt inn mars 2008.


Ein filmsnutt av då Håkon Magnus og Mette Marit var i Bulandet 2006.


Julebading på Værlandet. Lagt inn desember 2006.

 

Reklamefilmen som MS Hillersøy var med i, takk til Rune Thistel for linken.


 

Rune Thistel har sendt link til nokre filmsnuttar som syner 14 Hk Rapp motoren han har på bua si.
Motoren er frå 1948 og stod først i "Svein Odd" og sidan i "Fix".






 
Motorlydar frå CD fått hos Bjørn Landøy.
Det er nokon frå Lysekil i Sverige som har laga CD med gamle motorlydar, som dei på svensk kallar tennkuledunk.
Fleire motorlydar vil komme etter kvart. Vi har delt lydane opp litt, då da tek so mykje plass å legge inn ein heil CD med lyd.
So har vi kjempa litt med å få lydane i eit format som krev minst mogelig plass.
Motorlydane passa i fylje Bjørn til mange ulike anledninga. Du får berre kose deg med motorlydane, og so får vi håpe da gir inspirasjon til litt av kvart kjekt.

Dette er frå ein bukserbåt som heiter Storm Princess. Den har ein Skandia 2 sylinder 210 Hk motor.
Her frå start av motoren, 1:27 minutt.   Her høyrer ein motoren under gang, 2:32 minutt.

Dette er ein bukserbåt som heiter Billy. Den har ein Skandia 1 sylinder 50 Hk motor.
Her høyrer ein start og gang, 3:28 minutt.

Dette er og ein bukserbåt som heiter Rolf,  bygd 1906. Den har ein Seffle 2 sylinder 170 Hk motor frå 1950.
Her høyrer ein start av motoren, 1:34 minutt.   Her høyrer ein motoren under gang, 2:20 minutt.   Her er motorlyd frå maskinrommet, 1:02 minutt

Dette er ein fiskebåt som heiter Absalon, frå Moss. Den har ein Hundested 1 sylinder 98 Hk motor.
Her høyrer ein start av motor, 1:26 minutt.   Her høyrer ein motoren under gang og manøver, 2:00 minutt.
Her er motorlyd når den legg til kai, 2:47 minutt.   Her er motorlyd frå maskinrommet, 1:03.

Dette er ein fiskebåt som heiter Telnes, frå Fredrikstad. Den har ein Brunvoll 1 sylinder 50 Hk motor.
Her høyrer ein start av motoren, 1:27 minutt.   Her høyrer ein motoren når den får litt belastning, 1:46 minutt.
Her høyrer ein motoren ved lavt turtal, 1:53 minutt.

Her er ein fiskebåt som heiter Elin. Den har ein Skandia 2 sylinder 100 Hk motor.
Her høyrer ein start og gang ved lavt turtal, 3:19 minutter.

Her er ein fiskebåt som heiter Dolly. Den har ein Skandia 2 sylinder 130 Hk motor.
Her høyrer ein start av motoren, 1:07 minutter.   Her høyrer ein motoren under gang, 1:31 minutter.
Her høyrer ein motoren under lave turtal, 2:33

Her er ein fiskebåt som heiter Grønskjær. Den  har 2 stk. Skandia motorer. Ein 1 syl. 75 Hk motor som hovedmotor, og ein 5 Hk motor som hjelpemotor.
Her høyrer ein begge motorane gå samstundes, 1:00 minutter.   Her høyrer ein 75 HK'n under gang, 1:31 minutter.   Her høyrer ein 75 HK'n ved start og vending, 3:57 minutter.

Dette er frå ein bukserbåt som heiter Tyra. Den har ein 2 sylinder Bolinder på 220 Hk. Her kan ein høyre 3 ulike lyder frå den motoren. 
Bolinder 220Hk, fyrste lyd, 1:49 minutter. 
Bolinder 220Hk, andre lyd, 1:30 minutter.
Bolinder 220Hk, tredje lyd, 1:08 minutter.

Dette er frå ein fiskebåt som heiter Asta. Den har ein 2 sylinder Skandia  på 130 Hk. Her kan ein høyre 3 ulike lyder frå den motoren. 
Skandia 130 Hk, fyrste lyd, 1:26 minutter.
Skandia 130 Hk, andre lyd, 2:00 minutter.
Skandia 130 Hk, tredje lyd, 2:28 minutter.