Folk og diverse på Værlandet i gamle dager og ikkje fullt so gamle dagar.

Bilete har vi fått frå Inger Blom, Klara Nybø, Anna Kjæmpenes, Arnold Jonason Landøy, Målfrid Hittun Fedøy, Harald Leite..
Stor takk til dei for bileta.
Harald Leite har sendt masse kjekke bilete med gode historiske tekstar, tusen takk til han for da.

Er da nokon som har tillleggsopplysningar eller ser dåke noko som er skreve feil, so må
dåke gje beskjed ved å sende mail til ---> Her er noko lurt heimesideskrivarane må få vite.

Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i virkeligheita.
 
Er da nokon som har bilde og historie frå fiskeri eller daglegligliv frå tidligare dager, da treng ikkje være so gamalt, so kontakt oss heimesideskrivarane. Da er berre so kjekt å legge sånt ut på nett.
 

Eit kjekt bilde av Harald Leite og nokre gåsunger i Fadersvatnet. Her fortel Harald med eigne ord om tildragelsen:
Eg trur det var 1958. Vi var i Håsteinen på taren. Det var i forbindelse med tørking at eg forkjorla ei grågås med eit stort kull. Eg trur eg kasta tare på henne der ho låg heilt kamuflert usynleg. Der vart eit forferdeleg spetakkel, ho for på sjøen og til havs med nokre og resten vart mine eller svartbaken sine. Eg jagde på svartbaken og plukka ongar i lomma, men kva skulle eg gjere med dei? Sleppte eg dei so sat stormåsen klar på hågen og strakte hals. Mora og dei andre ungane var borte so eg måtte ta dei med meg heim. Eg ol dei opp og dei heldt til på Værlandet, tre andre ville slo seg ilag med dei og vart like spake. Den eine måtte bøte med livet då ho vart gåsesteik. Det var ikkje alle som kunne sjå på desse vakre fuglane utan å ete dei. Om hausten for dei to gjenverande til syden saman med dei andre. I heile tre år etter kom dei og helste på meg på nordtur om våren. Fyrste året var dei saman med ein 8-10 andre som krinsa fleire turar rundt huset og heldt eit forferdeleg spetakkel, men dei landa ikkje. Dei andre åra fauk det berre lavt over huset og skreik ei helsing. So var det.
 


Dette "Gamma"-bilete har Harald Leite teke ut av ein 16 mm film som han tok sjølv då ho gjekk siste gong ut av Værøyhamna 1984 på veg til den nye eigaren Jostein Dale i Ovågen.
I 1986 vart "Gamma" seld på ny til Marius Sanden Hellesøy og ho fekk no navnet "Sandy West".
I 2008 var tida som fiskebåt slutt og ho gjekk over i sin nye tilværelse som feriebåt.
2012 vart ho seld på ny til Tom Oscar Foldnes Straume og fekk no namnet "Skomvær".

Bileta under har Harald fått hos Kjell Birger Sønstabø.

Gamma som Sandy West i Bergen 1991
( Foto S.T.Sønstabø)


Gamma som Sandy West i 1994 på Avaldsnes med nytt brukt styrehus ( Foto K.B.Sønstabø) 


Eit bilete av "Diskus", gavlen til Johannes og Bjarne Landøy.
Den var bygd i Bøfjorden i Sogn 1955 av Bendik Bråstad.
Bilete er fått frå Harald Leite

Harald Leite har sendte eit bilde frå, truleg midten av 1940 talet. Bak frå venstre har vi Arne Landøy og Oddmund Landøy. Framme frå venstre Karl Landøy, Harry Landøy ( son til Kristina som er dotter frå Haldan sitt første ekteskap med Astri som døde) og Hildur Landøy.
Dette er borna til Halvdan og Anny Landøy, Anny var Halvdan si andre kone. Haldan kjøpte i 1919 den nordste av jordene på Landøy, som då låg under Søre Myrajorda.
 

Eit bilde frå 1960-talet. Vi ser to fine jenter frå Værlandet som er på rotur, og vel so fine er dei den dag i dag. Til venstre sit Mona Værøyvik og til høgre Sissel Værøyvik Sjarmøren helt til venstre veit vi ikkje navn på, men har var vist frå Florø traktene.

Ikkje kom å fortel at det ikkje finnast stor fisk på Værlandet. Denne store ruggen vart fanga i Fargedalsvatnet i 1996. Fisken var feit og fin med lakserød farge på fiskekjøtet. Nøyaktig vekt var 2,832 kg. Fiskaren er Harald Leite.


Er ein fødd til fiskar , so balla da berre på seg med storfisk. Her er Harald Leite , etter ein liten fisketur med sluk i 2010.

Eit bilde frå ca. 1946 /47. Frå venstre ser vi hunden Frøya, Anna Værøy, Signy Smelvær, Gunvor Værøy, Aud Leite og Dagfrid Leite. Bak ser vi gamle Vikahuset.
 

Werner Vesterås har sendt eit bilde, som faren hans, Øyvind Vesterås, tok i juni 1971. M/K Bulending er på vei heimatt frå pigghåfiske ved Shetland.
Frå venstre ser vi Oddmund Sandøy, Olav Vesterås, Jostein Sandøy, Torbjørn Sandøy, Olav Rogne, Birger Rogne og Sverre Vesterås.
 

Bilde frå bryllupet til Betsy og Konrad Kalvøy. Far til Konrad, Leonard (Gamle Kalvesen), bygde huset i Pilestredet i Bulandet. Bryllupet fant stad i 1930, og her er link til fleire detaljar. Er da nokon som har endå fleire detalja, så berre sei frå.
 

Eit bilde frå rundt 1970. Frå venstre ser vi Edvin Nikøy, Edvard Kjempenes, Mathias Kjempenes, Johnny Kjempenes og Arve Kjempenes. Bildet er teke på Værlandet, i staua der ho Anna Kjempenes bur no. Edvin, Edvard og Mathias er fint pynta, so dei er sikkert på søndagstur for å besøke slekta på Værlandet.
 

Eit bilde frå 1946-47. Bak står Anna Værøy (Kjempenes) og Andreas Værøy, framme står Arne Blom.
 

Dette bilde er truleg frå slutten av 1940 eller tidleg 1950-talet. Sonja Leite og Arne Landøy koser seg på båttur.

Eit bilde frå truleg 1930 talet. Det er nokre jenter på Værlandet som har gått på syskule.
Frå venstre ser vi  Kristine Landøy, Klara Værøyvik, Johanna Nybø, Hildborg Myrevåg, Dagny Værøy, Bergljot Værøy, Aslaug Landøy og lærarinna  Signe Hagen.
 

Torolf og søstra Målfrid Værøyvik. Her er Torolf  rundt 10 år og Målfrid 6 år. Eg veit ikkje når dei er fødd, men det er det sikkert nokon som veit.
   
   
Første bilde er teke i hagen på Vaineset på Vadøy i Bulandet på slutten av 1950-talet. Frå venstre har vi Anna Kjempenes ( Vadøy), Mathias Kjempenes og så har vi barnebarnet Arve Kjempenes og mor Anna Kjempenes ( Værøy).
Dei andre bilda er teke nokre år seinare på Værlandet. Anna Kjempenes (Værøy) har fått dissa to krabatane sine til å sitte iro i 5 sekunda. Krabaten til venstre er Johnny Kjempenes og krabaten til høgre er Arve Kjempenes. På dei to siste bilda er det far, Karl Kjempenes som held kontroll på krabatane.
 

Eit bilde frå tideleg 1950 tal. Det er full aktivitet i slåtten på Værlandet. Frå venstre Jens Værøy, kona Magrete Værøy og dottera Anna Værøy (Kjæmpenes). Anna vert 80 år 25.april no i år (2010), men da vil ho aldeles ikkje ha noko blest om, og heimesideskrivar Kurt har lovd å ikkje nevne da so mykje. Difor nevne eg da berre sånn litegrande her. :-)
 

Eit bilde som sikkert er frå tideleg 1950-tal. Ein gjeng med ungdommar frå Værlandet er på søndagstur i fineveiret. Eg trur bilde er teke ved kaia ved gamle butikken i Værøyhamna, og at vi ser Nybua i bakgrunnen. Nybua kan ei lese om lenger ned på dette bildearkivet.
Frå venstre i båten ser vi Torolf Værøyvik, Sonja Leite, Vermund Landøy, Laila Leite, Arne Landøy og Judith Landøy.
 

Eit bilde frå 1946 eller 1947. Her ser vi foreldrene Klara og Per Nybø med dottera Solveig. Solveig blei fødd i 1946, og ho var vel meir kjent under kallenavnet "Vesla" enn Solveig. "Vesla" var ei utruleg musikalsk, kreativ og  "levande" jente, som dessverre gjekk bort so altfor tideleg i 2002. Klara feirer forresten 90 års dag, med opent hus, i Værlandet ungdomshus i morgon 3. april.

Eit bilde med halvparten Værlenninger og halvparten Bulenninger. Bildet er truleg teke i 1969, pluss minus ett år.
Den staselige karen til venstre er Johnny Kjempenes, so Frode Kjempenes, Heidi Kjempenes og Wenche Kjempenes.
 

Bilde frå Melvær 1947/48, i anledning avdukinga av minnestøtta for brødrene Asbjørn og Vemund Melvær som falt under krigen.
Frå venstre står Jonas Landøy, Magnus Sandøy, Asmund Melvær, ukjend, Einar Hillersøy, Magnus Melvær, ukjend. Han framfor støtte er ukjend. Førstemann til høgre for støtta er òg ukjend, so har vi i bakerste rekke Teodor Myrvåg, Edvard Hillersøy, ukjend, Jonas Leite og Konrad Kjempenes. Dei to framme er frå venstre Sigmund Myrvåg og Petter Nikøy.
 

Eit bilde frå 1974 eller 1975. Ho Laila som sit på sykkeltraktoren er fødd i mai 1973 i alle fall. Bilde er teke på kaia i hamna på Værlandet. Frå venstre ser vi Gro Værøy, Anne Britt Fedøy, Laila Fedøy og Inge Værøy.

Johannes Leite, som kom frå Værlandet. Han vart fødd i 1863 og for til Amerika i 1888. Dette er eit bilde som er teke i Amerika, så det er etter 1888. Etter at Johannes for til Amerika så er det lite ein veit om han, men han hadde mykje slekt att på Værlandet.
Werner Vesterås har funne litt informasjon om Johannes.
Her er han nevnt i folketeljing når han var 3 år.
Her er han nevnt i arkivet for emigrantar som reiste ut frå Bergen.
 

Bilde av bryllupet til Betsy og Konrad Kalvøy. Dei budde opprinneleg i huset der Kristian og Oddhild i Bulandet bur no. Bryllupet fant stad i 1930, og her er link til fleire detaljar.

Ett bilde som ikkje er så gammelt, frå slutten av 1990 talet, men kjekt er da.. Det er 3. og 4. klasse ved Værlandet skule som tek imot pris for årets nysgjerrigper. Dei hadde laga eit prosjekt om kvifor det er så mykje søppel i Sørværet. Bildet er frå eit avisutklypp. Frå venstre ser vi Christer Landøy, Lars Ole Etterlid Kjæmpenes, Aud Marit Landøy, Jens Stoltenberg, Hans Olav Hopen Landøy, Vegard Leite og Andreas Landøy.

Her ser vi ein del av tømmeret frå Leitefloren som desverre vart nedriven og oppbrend ein gong på 1980 -talet. Underskrivne ( Harald Leite) var "tett på" når dette vart gjort, og fekk ta bilete og film i siste liten. Denne floren som truleg var fleire hundre år gamal var lafta med 12 toms tømmer, utruleg fint handverk. Floren var eit eksempel på byggjekunst som var heilt spesiell. Kledningen på lang-og endeveggene var 8 toms "ale" fure som var festa med naglar i eit 7 toms furebord som berre var hekta på naglar heilt oppe under rafta, tre naglar på langsidene og to på endesidene. Det var ellers ingen feste av kledningen til tømmeret. Hjørneborda 1 x 9 tomms furu var nagla fast i desse "flakane" og heldt desse på plass. Ikkje noko hol i kledningsborda kunne lede vatn inn til tømmeret innanfor og forårsake råt. Det vart heller minimalt med kuldebru inn til tømmeret. Var det rart at hus som var bygde på denne måten kunne stå i fleire hundre år? Taket var meir vanleg, sjølvsagt var torvtaket borte og erstatta med bølgeblikk, men den handsmidde troa låg framleis under rupanel som var lagt oppå. Dei kan ikkje ha stola heilt på gamleroa dei som la nytt tak. Den handsmidde troa var veksla og låg i cirka 60 cm lengde frå mønet og ned på rafta, Kvar fjøl var skråsmidd slik at eventuellt vatn skulle fylgje fjølene frå møne til rafta.Vi veit at det på Værlandet på 1600-talet vart felte furutre som vart brukt til husbygging, kanskje vi hadde eit hus med matreriale frå denne perioden oppe på Leite for ikkje so lenge sidan,ja, kven veit?
 

Eit bilde som ikkje er so gammelt, berre 10 år, men eit knakande kjekt bilde er da for da. Bilde er av 1. og 2. klasse på Værlandet Skule i 1999.
Heilt til venstre sit lærerinna Trude Vesterås.
Så har vi framme frå venstre Hans Olav Hopen Landøy, Lise Landøy, Anja Blom Landøy, Aud Marit Landøy og Maria Florhaug Landøy.
I andre rekke frå venstre har vi Andreas Landøy, Vegard Leite, Jostein Blom Vesteraas, Asbjørn Kalvøy Leite.
 
           
Ein gjeng frå Alden er på besøk hos Edvard Kjempenes (skruen) i Bulandet. Bilde er frå 1940 talet eingong, og er teke på sørsida av "skruehuset". På det første bilde står Edvard og held rundt Marit og Turid Alden, Marit er minst. Bilde nummer to er og av Marit og Turid. På tredje bilde har vi frå venstre Johan, Marit, Turid, bak Turid står Modolf, Mathias og Fredrik. Alle med etternavn Alden. Han som har sneke seg med i høgre bildekant på tredje bilde er Johannes Norstrand frå Bulandet, han blei alltid omtala som Dyrlege Norstrand sidan han var noko så fint som dyrlege og vanlegvis budde inne i Bergen. På siste bilde står Mathias Alden med sønene Johan og Modolf, Johan står på høgre sida av faren. Mathias er og far til dei to jentene, og Mathias var gift med Malene fødd Værøy. Mathias og Fredrik er brødre, og Fredrik på bilde her er far til Fredrik som vi kjenner idag.
       
I 1955, om sommaren, gjekk båtane på Værlandet i fast rute til teglverket på Helle og henta stein til det nye Bedehuskapellet som skulle reisast med mykje dugnadsinnsats. Andreas Ringstad var på Værlandet på oppdrag i høve vegbygging, men deltok aktivt i transporten av teglstein og sand frå hamna. Vi ser han er på veg tilbake til hamna etter nytt lass. Personen midt på bilde, som står med ryggen til og stuar stein, er Johannes Kristoffersen. Kanskje nokon veit kven dei andre er?

Dei to siste bilda er 15 år yngre. Etter mange laster med sand ifrå Hjartholm og stein ifrå Helle hadde værlandsbåtane fått på plass det som skulle til for å mure opp huset. Hausten 1960 var huset ferdig og dei to siste bilda er frå innvielsen av bedehuskapellet.
 

Ikkje kom å fortel at det ikkje finnast stor fisk på Værlandet. Denne store ruggen vart fanga i Fargedalsvatnet i 1996. Fisken var feit og fin med lakserød farge på fiskekjøtet. Nøyaktig vekt var 2,832 kg. Fiskaren er Harald Leite.

 

Ungane ser på bestefaren når han bøter makrellgarn, ein gong på 1970 talet
Frå venstre Dag Leite, Lisbeth Kirkeli, Jan Birger Kirkeli og bestefaren Tomas Leite.

Her er bilde av dei to personane som ofte har vore kjelde til hendingar frå Værlandet, som Harald Leite har skrive om her på heimesida. Johannes Kristoffersen til venstre og Tomas Leite til høgre. Desse voks opp ilag og var mest jamngamle, det skilde eit år mylja dei. Dei var og tremenningar, bestemødrene deira var systre, ho Petrine med Vatnet (Værøy) og Lene i Sandøyna (Sandøy).

Ute i øyane våre veit vi at det opp gjennom tidene har vore fostra opp mange vakre jenter, her er ei av dei. Jenta til høgre på bilete er Hansine Henriksdotter Værøy. Jenta ho er saman med er ukjend, men kanskje nokon veit?
Bilete er sikkert teke i Amerika for ho var borte der ei stund. Hansine er bestemor til karane på Vestbygg AS, som er sponsorar til heimesida.
 

Tre kjekke damer frå Værlandet, ivrig opptekne med handarbeidet sitt, ein gong på 1970 talet. Det er kvinneforening hos Lisa og Tomas Leite.
Frå venstre sit Klara Nybø, Johanne Kristoffersen og Gunnhild Værøy.
 

Eit kjekt bilde av 6. klasse på Værlandet skule i 1984. Bilde er ikkje so veldig gamalt, men jammen er da kjekt å sjå på ungdomsbilde av folk som ein kjenner og. Er da nokon som er misfornøgd med å ha bilde av seg på heimesida so må de sei frå, da kan hende da vert vurdert å fjerne da i tilfelle.
Framme frå venstre framme står Laila Halsøy, Vibecke Landøy, Arnt Henning Blom, Jonny Blom, Gry Leite, Vivian Landøy, Laila Landøy,  Ann Kristin Værøy, Brynhild Hopland og Magni Blom Landøy. Bak frå venstre står lærerinna Anita Moltemyr, Kenneth Landøy, Gro-Anita Værøy Sørensen, Sissel Landøy og Kjell Landøy.
 
   
Werner Vesterås har vore så snill og sendt bilde av farfaren og marmora til faren hans. Er da nokon som har gamle kjekke bilde, vert vi veldig glad vist de sende til oss.
Mannen er Severin Olai Kalvøy.  Han blei berre kalt for Olai. Han blei født i 1875 og døde i 1950. Han er forresten sønnesønn til Knut
Nilsen Rikheim fra Lærdal, som står omtalt på historiesidene. (Gytten)

Kvinnen er kona hans, ho Hilda, født Kjempenes, som ble født i 1880 og døde i 1967. Ho var eldst i en uhorvelig stor søskenflokk.
På bilda ser dei veldig alvorlige ut, noko som kan henge sammen med at bilda ble tekne for å brukes i grenseboerbevisa som folk måtte ha
under krigen.
 
  
Bilde av familien Kjempenes, som budde i Alden. 
Morten Andreas og Karen Frederikke fekk 11 barn saman. 
Morten Andreas var son til Mathias Nikøy og Mari Nedrehegg, dei budde på Kjempenes i Bulandet og derav det endra etternavn. Mathias og Mari er ellers tipp-oldeforeldrene til den mannlege heimesideskrivaren.
På bildet, som er teke i 1902 eller 1903 er foreldrene og alle barna med. Dei hadde ei jente til, Kamma Frederikke, men ho dødde i 1890, seks år gammel.
Personane på bildet:
1. Morten Johan (1882 - 1962)
2. Bernt Nikolai (1888 - 1940)
3. Morten Andreas (1860 - 1935)
4. Edvard Olai (1898 - ?)
5. Karl Fredrik (1896 - 1949)
6. Mathilde Marie (1886 - 1963)
7. Maria (1890 - 1960)
8. Mathias (1892 - ?)
9. Morten Andreas d.y. (1894 - ?)
10. Karen Frederikke (1860 - 1944)
11. Mathias Petter (1901 - ?)
12. Hilda (1880 - 1867)
Hilda ser ein som vaksen på forrige bilde.  Hun var gift med Severin Olai Kalvøy.
Bernt Nikolai drog til Amerika i 1906.  Han gifta seg der borte med ei norsk jente, Esther Kalset, fra Halsa. De fikk to barn, Solveig og
Harold. Bernt Nikolai døde i 1940, i Kitsap County, Washington. Kona døde 51 år senere, nesten 101 år gammel.
Takk til Werner Vesterås for bilde.
 
     
Johan Hittun i tre ulike variantar. Til venstre er han som 6-7 åring når han er på besøk hos slekta i Nordfjord. I midten er i militæret på Voss og til høgre sit han i hagen og koser med Reidun.
 

Her ser ein får venstre Marie Hittun, "Loppen" og Alida Hittun."Loppen" hette egentlig Ludvig og tok etternavn Hittun han og. Marie og Alida var søstre av Bernt Hittun ,som ein kan sjå bilde av lenger ned på sida her. Alida arbeida lenge i Bergen som sydame, så kom ho tilbakers til Værlandet og gifta seg med Ludvig og dei var dei siste som budde i gamlehuset i Hittun. Bilde av huset finn ein og lenger ned på sida. Ludvig var 20 år yngre enn Alida, men da kaga dei ikkje på. Marie var ugift.

Grensebuarbeviset som Marie Hittun hadde under krigen.

Andreas Hittun i snekka som vart kalt "Gullhøna". Det var Johanna Hittun, kona til Johan som igjen var bror til Andreas, som gav båten navnet. Ho syntes karane var vel mykje opptekne med å pusse og stelle på dinna båten, mens da som skulle ryddast i og omkring huset kom i andre rekke. Ho meinte dei passa på dinna båten som ei "Gullhøne", og da vart båten kalla. Da er tydelig at gamlekarane hadde akkurat same prioriteringa som vi karane i dag har, da er ikkje alt som forandra seg med tida.
 

Her ser ein frå venstre Målfrid Hittun, Johanna Hittun, Johan Hittun og Britt Neverdal. Dei står utfor fjøsen i Hittun. Fjøsen er no riven.

Eit knakande kjekt bilde av tre flotte jenter ombord i Hittun gavlen ( Hittun 2) på veg til Bulandet for å komfirmere se. Bilde er teke i 1965. Frå venstre Britt Neverdal, Målfrid Hittun og Marit Værøy.

Hittunsgavlen "Hittun II" der han ligg nord for Alden. Johan står på dekk og det er sikkert Andreas som bøyer seg ned på babord side av styrehuset. Det er truleg at bilete er teke eit par tre år etter krigen då karane var nord i Aldefjorden og spela opp kjetting og vire frå minebeltet som låg der. Tre andre båtar var med på opprasjonen. "Union" "Årvak" og "Alvhild".
Dei kom oppatt med fleire lås med kjetting og masse vire. Johan brukte viren til bakfortøyning på gavlen i mange år. Kjettingen som Leitekarane berga vart og brukt til fortøyning. På dekket til "Alvhild" hadde dei fått opp ei minebeltebøye. Den vart lagd opp vest av Berntbua og rusta vekk der. Desse bøyene var mest ein meter i diameter og karane brukte dei mykje til å barke tau i.
 
 
Eit gamalt bilde av huset der Agnar og Regina bur i dag . Årstal for bilde og navnet på ungen som står der er ukjent, så vi tek gjerne imot tips. Til høgre ser vi bilde av huset slik det er i dag, 15.februar 2009.

Kaffikos i Lambholmen. Bernt Hittun med kaffikjelen, guten ved sidan av han er Johan Hittun. Framme frå venstre sit Lisa Leite, som kom som tjenestejente og er mor til blandt anna Harald Leite. Så har vi Andreas Hittun og Margrete Hittun.
 

Nokre kara utfordra kvarande i å dra krok. Til venstre Per Nybø og til høgre Johan Hittun. I midten sit "Loppen" og ser på. "Loppen" som han blei kalla hette Ludvig til fornavn, vi veit ikkje etternavn, men da ordna seg sikkert. "Loppen" var den siste som budde i Gamlehuset i Hittun, som ein kan sjå under her.
 

Bernt Hittun kosa med sauene sine.
 
Lene Larsdtr. som berre gjekk under navner "Råa" på vei frå fjøset i Hittun. "Råa" kan ein lese mykje meir om i ei eiga historie Harald Leite har skreve, den finnast på Historiesida. Til høgre kan ein sjå huset som i dag (2009) står på same plassen som fjøsen på da gamle bilde. Ho hadde nok blitt stor i auga "Råa" om ho hadde sett fjøsen i dag, med elektrisk straum og parabol og greier.
 
   
Gamlehuset i Hittun, der Bernt Hittun vaks opp. Far til Per Nybø, Mathias, var bror til Bernt og vaks og opp her. Både Bernt og Mathias hette Værøy til etternavn når dei vaks opp. Mathias rydda seg land på Nybø, og tok etternavn Nybø. Bernt flytta bort i hitt tuna og tok då etternavn Hittun. Gamlehuset blei reve på begynnelsen av 1970 talet. På da neste bilde viser hustuftene slik dei ser ut i dag ( 2009), omtrent frå same bildevinkel. Da siste bilde viser hustufta sett frå nord
austsida

Eit koselig bilde av ein gjeng som steller med hesten i Hittun. Frå venstre Borgny, "Gamleresen" ( Leonhard Ludviksen) , Bernt Hittun, Johan Hittun og Margrethe Hittun. Bernt og Margrethe var foreldre til Borgny og Johan. "Gamleresen" finn ein litt meir om på historia frå Harald Leite om Værøen Gard. Margrethe var jordmor og har teke imot dei aller fleste av dagens eldre garde både i Bulandet og Værlandet.
 
På tur til fotografen. Bak frå venstre står syskene Andreas, Borgny og Johan Hittun. Framme til venstre sit mor til borna, Margrethe og ved sidan av søstra hennars, ho Karolina.  Begge søstrene var jordmødre. Tilnærma årstal for fotografering skal vi sjå om vi finn ut om ikkje so brått, vi tek gjerne imot hjelp i so måte. Bilde til høgre er dei tre syskene åleine.
 
  
Elevar stilt opp utfor gamleskulen på Værlandet. Da er mogeligt att elevane som står der er dei same som på neste bilde. Antalet og klærne passa godt. Så er det eit bilde som viser tuftene frå gamleskulen slik da ser ut i dag (2009). Kor tid gamleskulen blei reven veit vi ikkje, men da skal vi finne ut.

Elevar ved Værlandet skule. Årstal ukjend så vi tek gjerne imot hjelp i so måte. Da er mogelig dei same elevane som står utfor skulehuset på bilde til venstre, og bilde er kanskje teke på same tid som eit av bilda under her. Framme frå venstre ser ein Harald Myrvåg, Lene Kristoffersen, Dina Værøy, Alvhild Leite og Johanna Melvær. Dei 3 som står midt i er frå venstre Sigfred Landøy, Borgny Hittun og Olga Værøy. Jenta heilt til høgre er Alvhild Værøy. Dei 3 ved sidan av kvarandre bak er frå venstre Magnus Værøy, Andreas Hittun og Egil Værøy. Heilt bak står Johan Landøy.
 
  

Bernt Hittun, bestefar til Målfrid Hittun Fedøy, har vore hos fotograf ved to ulike anledninga her. Da er nokre år mylja anledningane, men årstal er ukjent og vi tek gjerne imot hjelp.

Skuleelevar frå Værlandet. År er ukjent så vi tek gjerne imot hjelp om da.
Bak frå venstre er Harald Myrvåg, Sigfred Landøy, Andreas Hittun, Magnus Værøy og Olga Værøy. På steinen framme sit Alvhild Leite og vidare bortover har vi Johan Landøy, Johanna Melvær, Egil Værøy, Borgny Hittun, Alvhild Værøy, Lene Kristoffersen og Dina Værøy.
 

Skuleelevar frå Værlandet. År er ukjent så vi tek gjerne imot hjelp om da.
Bak frå venstre står Magnus Leite, Olav K. Værøy, Johan Hittun og Torfinn Melvær.Jenta heilt til venstre er Tora Myrvåg. Dei 3 jentene som sit ved sidan av kvarandre i midten ,er frå venstre, Lina Landøy, Klara Værøy og Kirsten Værøy ( om ein synes Kirsten likna på den kvinnelige heimesideskriverska so stemme nok da, ho er bestemor til Linda). Dei 3 jentene framme frå venstre er Hildeborg Myrvåg, Johanna Nybø og Bergljot Værøy. Guten som står heilt fremst er Anton Landøy, han blei gift med Kirsten og er dermed bestefar til heimesideskriverska vår.

Nokre kjekke damer samla på trappa til Borgny Neverdal ein gong på 1960-talet. Det er huset Malvin Grepstad og Elsa Neverdal bur i no. Bilde er sikkert i forbindelse med eit møte i bedehusforeninga. Bak frå venstre sit Inger Lien som var tjenestejente, Kirsten Landøy, Borgny Neverdal, Martha Helgheim og Olga Værly. Framme frå venstre sit Lisa Leite, Johanna Melvær, Johanna Hittun og Laila Vederhus.

Harald Leite skriv:
Det var Dagfinn Alisøy på kutteren "Glimt" som var fyrst ute.Sør på Fonnes hadde makrelldrivaren "Familien II" lagt opp og der var ledige makrellgarn. Turen gjekk til Fonnes og "Glimt" vart rigga for makrelldriving.
So den finaste våren i manns minne 1974 i mai for Glimt saman med "Havrand" med kurs for Vikingbanken ein tur på 6-7 timar.
Makrell fekk dei. 6-7 tonn på "Glimt" og 10-11 tonn på "Havrand"
Når "Glimt" sette kursen for Bulandet var han so nedlasta at sjøen sitla over "gåtta" bak styrehuset. Lensepumpa må ha fungert for dei kom til lands.


Harald Leite skriv:
Ein kjend båt i Værøyhamna om sumrane på 1970-80-talet når drivgarnsfiske etter makrell  pågjekk. Bilete er lånt av Ole Martin Grotle.
Skøyta er "Havrand" 59,5 fot og har her ein 100 hk. Volda.
I 1967 selde dei skøyta til Erling Sund på Atløy og ho fekk reg.nr. SF 265 A. Kring 1970 vart Voldaen skifta ut med ein 240 General.
Båten vart tilhøyrande i Askvoll til den ut på 1980-talet vart kondemnert og ligg no i djupaste Brufjorden.
Det var karane på denne skøyta som drog drivgarnsfiske etter makrell igong i Bulandet og Værlandet. Desse karane var veteranar i dette fiske, dei hadde drive det heilt tilbake til 1950- talet. I den fyrste tida deira var det berre bomullsgarn som vart brukt og desse måtte tørkast kvar helg. Fyrste året,fortel dei, fiska dei med leigd båt. So i fyrstninga av 1950 kjøpte Erling Sund skøyta "Kvartnes" 55,4 fot med 50 hk Rubb. Etter kvart som nylongarna gjorde sitt inntog i slutten av 1950-talet vart bomullsgarna deira gradvis utskifta so når dei hadde fått hand om Bremangerbåten "Havrand" var bomullsgarna forlengst borte. "Havrand"gjorde det godt på makrellfiske, det var hovedfisket deira i mange år. Når då dette fiske trakte seg nordover og når"Havrand" tok til og lande 10-tonnarar i Værøyhamna då vakna fiskarane hjå oss til liv.
 

Harald Leite skriv:
Deltakarar i makrellfisket med drivgarn auka på ute i øyane, fiskarane såg seg om etter meir egna båtar, i den perioden kom skøyta "Gamma" til i flåten. "Gamma" 47 fot 220 Hk Grenaa vart kjøpt frå Åna-Sira av Bjarne Kalvøy og Svein Værøy. Ho fekk reg.nr. SF 27 A.
Karane hadde båten i tidsrommet 1977-1984.

Ut på 1980-talet vart det vanskeleg med leveranse av makrell, fiskemottaket i Værøyhamn vart nedlagt, fiskebåtar vart selde og det stilna av i hamnane.


Dette "Gamma"-bilete har eg teke ut av ein 16 mm film som eg tok sjølv då ho gjekk siste gong ut av Værøyhamna 1984 på veg til den nye eigaren Jostein Dale i Ovågen.
I 1986 vart "Gamma" seld på ny til Marius Sanden Hellesøy og ho fekk no navnet "Sandy West".
I 2008 var tida som fiskebåt slutt og ho gjekk over i sin nye tilværelse som feriebåt.
2012 vart ho seld på ny til Tom Oscar Foldnes Straume og fekk no namnet "Skomvær".

Bileta under har Harald fått hos Kjell Birger Sønstabø.

Gamma som Sandy West i Bergen 1991
( Foto S.T.Sønstabø)


Gamma som Sandy West i 1994 på Avaldsnes med nytt brukt styrehus ( Foto K.B.Sønstabø)
 

         
Harald Leite skriv:
I 1975 rigga vi oss til på "Union" med 90 makrellgarn og tinebenk og kraftblokk. Vi hadde året før modernisert båten med ny motor ein 143 hk. Merc. Radar og autopilot, dette kom vel når vi i mai mnd. saman med dei andre båtane sette kursen mot Vikingbanken.

Bilde til venstre: Union.
Bilde til høgre: Her er fem Leitekarar i makrelltining, på kaia står Karl K. Værøy.
 
  
Harald Leite skriv:
Bilde til  venstre: Frå v. Tomas Leite, Harald og Tormod Leite.

Bilde til høgre: Vi fekk fullt dekk. Tomas, Tormod og Harald i full sving


Harald Leite skriv:
Makrellfiskarane leverer makrell i Værlandet kring 1980. Frå venstre "Union", "Øyning" og "Havrand" frå Atløy til høgre. Inne ved kaia ligg båten til Jan Alden "Cany".

Harald Leite skriv:
I fyrstninga av 1960- talet starta eit nytt fiske ute i øyane, det var drivgarnsfiske etter laks.
Her var Atle Nikøy frå Bulandet fyrst ute, og det var på båten "Fei" som her ligg ved kai på Nikøy.

Harald Leite skriv:
Atle Nikøy fiska berre ein sesong åleine. Sumaren etter var det allerede fleire båtar. Vi kjøpte 50 laksegarn av nylon og slo oss ilag med "Feien" ute på feltet. Her er Svein Værøy i arbeid med garnsetting ut og nord for Bulandet. Harald Leite står i styrehuset. Bak i styrehuset kan vi skimte Magnhild Værøy og Ruth Leite tek bilete. Desse to jentene skulle vere med oss den natta. Vi var litt tvilande om dei kunne halde seg våkne og fylgje med heile natta, men då fekk vi "passet vårt " påskrive, når vi kunne drive med dette fiske, som føregjekk seg om natta, heile veka, so måtte no dei kunne greie det ei natt. Når klokka nærma seg halv to om natta var begge to i den djupaste søvn framme i lugaren. Når vi hadde levert nattens fangst hos A. Fedøy i Værlandet i åtte-nitida om morgonen vakte vi jentene for at dei skulle få komme seg heim.
 

Harald Leite skriv:
Berre ein halvtime etter at garna var ute hadde vi den fyrste laksen ombord. So fekk no jentene sjå korleis vi fiska laksen.
Den beste natta vår hadde vi 66 fiskar og fekk like mykje framover dagen so vi landa mest 130 fiskar på eit døger. Men det kunne vere dagar vi så vidt såg fisk. Dramatikk var det og, ei brugde på 32 fot hadde ei natt vasa seg fast i enden på lenka, vi streva fælt med den store fisken som til slutt fann ut at ho ville forlate oss, då var det ingen ting som kunne halde henne igjen. Heldigvis hadde vi sett garna fast slik at vi ikkje vart med på ferda. Ei veke seinare enda brugda i ei laksenot på Svanøy. Ho hadde tre-fire laksegarn på seg og nokre laksar i garna.
 

Harald Leite skriv:
Fyrste turen til "Værland" våren 1971. Mai mnd. Turen går til Irland og Rock Al på rundfisken (på longa) som dei sa. Ingen av Værlendingane hadde vore på dette fisket før,difor var det upløygd mark. Bulendingen Anders Nordstrand hadde vore der før, då med båt frå Måløy. Var dei heldige kunne dei rekke tre turar på longa, før dei i august gjekk over på pigghåfiske i Nordsjøen.
 

Harald Leite skriv:
Bilete av "Værland" ved kai i Måløy. Utlånt av Rune Tistel.
Den fyrste "Værland" var 80,9 fot og 425 hk. Caterpillar, Etter at han vart forlengd og påbygd shelterdekk 1974 vart han då 97,9 fot. Motoren var den same.
Pigghåfisket i Nordsjøen tok slutt, dei hadde nokre turar på pigghåen på Shetland, dette vart og ende so då vart rundfisketurar på Tampen og nordover til Haltenbanken og Trænabanken som erstatta denne. På slutten dei hadde han var dei vistnok nokre turar på torskefiske på Finnmark. Ellers var nok turane på langa om sumaren det viktigaste fisket.
"Værland" var det dei kalla for "autoliner" og var difor kun rigga for liner.



 

Harald Leite skriv:
Dette bilete av "Værland" er også utlånt av Rune Tistel.
Her har "Værland" fått nye eigarar.

Og so den syrgjelege endelikta til flaggskipet frå Værlandet, der mange av ungdomane på øya hadde sin arbeidsplass i mange år. I ein artikkel frå Norsk Skipsfarts Forum utlånt av Rune Tistel dat. 26 September 2004 kan vi lese: "Nordmenn reddet fra synkende fiskebåt i Somalia" Ref:" Den norske skipparen og maskinisten, samt resten av mannskapet på 15, ble reddet da fiskebåten deres sank utenfor kysten av Somalia.
Fiskebåten "Marie" drev med hummerfiske utenfor Somalia, med skipper og maskinist fra Nordvestlandet om bord. Mannskapet ble brakt til land i havnebyen Bosasso. Det var nyttelaust å redde "Marie" som nå ligger på havets bunn."
Det skulle vistnok være ein lekkasje som vart endelikta til "Marie" tidlegare "Værland"
 

Harald Leite skriv: ( På bilde ser ein Svanøy)
Fekk dette bilete tilsendt av Rune Tistel. Det er eit ordtak som seier at eit bilete fortel meir enn tusen ord. Eg kan prøve å sette nokre av desse orda på papir. Vi ser her Nybua til Hittunen i si glanstid. Det er 100 år i år sidan Bernt Andreasen overtok post, ekspedisjon og handel etter Iver Karlsen frå Hyllestad, i Værøyhamna. Bernt tok seinare namnet Hitttun. Vi veit at han bygde denne bua her i 1916-17. Både han og Iver måtte borda dampskipsbåtane innom "Holmen" eller i Nordnessundet etter at fylkesbåtane i 1890 oppretta fast anløp i Værø som det heitte på den tid. Når då Bernt bygde kaia ved Nybua kunne han ti år etter at han overtok ta båtane inn i havna. Folk som kom og reiste kunne no gå på land her. Her på Nybua var fiskemottaket i Værlandet. I gamle skriv ser vi at det var stor aktivitet i Værøyhamna etter at det nye fiskemottaket kom igong. No var det ikkje so mange båtar som sokna til Værlandet i 1910- 20 åra men vi kan sjå i protokollane til Hittun at heile flåten var i drift. Det var mest hyse dei fiska. Dei som hugsa den tida kunne fortelje at heile klyngja med båtar låg ved Nybua om kveldane og venta på byrt. Korleis dei kunne ta imot og pakke tonnevis med fisk kvar dag i dei dagar har eg forundra meg på. Vi finn fangstar på 600 kg pr. båt. Eg veit dei hadde ishus på fleire av buene i hamna, om dei hadde det på Nybua veit eg ikkje. Hittunen dreiv og løypte is frå Guggevannet til ishuset sitt i bua i øvre hamn, so der hadde han is. Eit kjendt syn ved Nybua var båten "Viking" ein 42 fots kutter med ein 10 hk. Gideon. Denne fekk Hittunen ny i 1914 og Nils Helgheim frå Jølster som jobba på bua der førde fisk på denne til Bergen. Tilbake hadde han med seg salt, kassar og det som trengtes på bua kanskje også is. Eit kjendt syn på byleia skulle vere Nils ombord i "Viking" Båten var og kalla for kvitesluppen. Ein annan som også deltok i frakt til og frå var Bernt Henriksen på kutteren"Hittun" han var 46 fot og hadde ein 14 hk Hein. Bernt Henriksen var gift med syster til Hittunen og difor dette namnet på båten.
 

Harald Leite skriv:
Her ser vi "Lauholm" Båten til Bernt Henriksen. Kutteren var 67 fot og hadde ein 50 hk Wichmann. Vi ser Nybua til venstre og dampskipskaia med kaihus til høgre. I 1934 bygde Sverre Brosvik butikk med kai i Værøyhamn. Han var frå Rutledal i Gulen. Foreldra hans var Olai Jakobsson Brosvik og Marie Alette Ivarsdotter Breidvik. I 1937 bygde han dampskipskaia som vi ser til høgre på bilete. Han søkte då om å få overta posten i Værlandet. Det fekk han. Han overtok også dampskipsekspedisjonen på den nye kaia si. Sverre hadde ei stund medan han etablerte seg på "Nakken" eller "Holmen" som dei sa i daglegtale, drive handel i Hittunsbua. Her var han i fleire år. I Gards og ættesoga for Gulen kan vi sjå at kona til Sverre, Berte Martiniusdtr. vart gift på Bulandet 29/1 1929 med handelsmann Sverre Johan Brosvik. Det skal sjølvsagt vere på Værlandet. Yngste bror til Berte, Edvard Martin Martiniusson (Edvard Neverdal) gifte seg i 1946 med dotter til Bernt Hittun, Borgny Alvhild Berntsdtr. Hittun. Når desse banda vart knytte mellom desse to familiene, so forstår vi godt at det ikkje var noko dramatikk i at Sverre Brosvik overtok både post, ekspedisjon handel og fiskemottak i Værøyhamna.
 

Harald Leite skriv:
Her ser vi ved Vikabua skøyta "Trygg" som dei tre vikabrødrene Torfinn, Ragnar og Knut kjøpte i 1941. Dei dreiv med drivgarn etter storsild og var på drivgarnsfiske etter makrell ved Haugesund og Røvær og ellers linefiske i heimetraktene. Skøyta vart seld til Harry Grimelid etter at dei i 1952 kom heim med nyebåten "Bjorholm".
Borte ved Leitebua ligg skøyta "Årvak" eigar Henrik Leite. Båten var 32 fot og hadde ein 20 hk. Grei. Skøyta vart brukt i motstandsrørsla under krigen og som vi veit måtte Henrik svi for dette med tre år i tysk fangenskap. Denne skøyta hans var litt spesiell på grunn av den store motoren han hadde sett inn. Når han "gav fullt" so skaut ho av garde og grov seg i "djupaste" havet. Dette spesielle med skøyta berga nok livet hans og fleire med, ein gong han kom i "møya". Henrik fortalde soleis: Han skulle føre to engelske agenter frå ein plass nord for Bergen til Melvær i Bulandet. Han hadde fått gjordt det klart at den tyske vaktbåten låg i yste Steinsund. Han gjekk inste leia ved Skjerjehamn for å komme lengst vekk ifrå vaktbåten. Når han kom opp i trongaste indre Steinsund der låg vaktbåten, ei rekvirerte stor skøyte frå Hordaland. Det Henrik då gjorde berga livet deira. Han slakka opp motoren når dei gjorde teikn til han om kontroll. So seig han heilt sakte med kurs fram om baugen til vaktbåten. Han gjorde som om han ville stoppe og lest som ingenting. Akkurat framfor baugen kjøyrde han hendlane i "holk" og skøyta skvatt avgarde med grønsjøen rundt seg. Tyskarane fekk sjokk og forstod ingenting, dei stod berre og måpte, han var ikkje sikker på om ikkje dei lo litt og. Han kunne sjå at det vart retta eit våpen mot han, men ein av dei la handa på løpet og senka det ned. Det gjekk ikkje an og skyte på slike folk! Nede i lugaren hadde dei to engelske agentane forsvunne.Ei luke i skottet til lasterommet vart teken ibruk, ho kunne opnast frå lugaren og var komen vel på plass igjen. Om nokon letta på luka til lasterommet so såg dei berre tomme kassar og fiskeredskaper.
"Årvak" vart seld nord til Straumshamn på Møre til Bertin Søvik. Henrik gjekk nord med den då han i 1951 var i Bjørkedalen og henta den nye skøyta "Maria".
 
  
Etter at storsilda og pigghåen vart borte på 1950-talet vart det makrelldorging på sør-og sørvestlandet som vart det viktigaste fisket for mange værlands-og bulandsfiskarar og for kystfiskarar frå kysten ellers.
Her var fiskarane frå øyane våre pionerar. Bileta her viser dei to fyrste båtane som for sørover for å prøve lykka,seinare kom fleire til. "Maria" eigar Henrik Leite og "Sveinodd" eigar Knut Hillersøy. Henrik hadde med seg Johan Alden og med Knut var Håvard Halsøy. Året var 1959.
Henrik Leite med "Maria" var den som leverte fyrste fangsten av vestlandsfiskarane. Fangsten var 360 kg og vart levert i Arendal, der dei starta fisket i 1959. Møringen Ole Kvalsund med "Tunafisk" leverte hakk i hel. Året etterpå starta dei i Risør.
 

Makrellfiskarar ved kai i Farsund på 1960 talet.. Frå v. Ole Kvalsund, lokalt kalla " Ola Møre" frå Ørsta, Jan Alden, Svein Kvalsund (son til Ole) og Sverre Sætre frå Sandshamn, Håvard Halsøy, framme Knut Hillersøy og ein son av møringane.



.

Makrellfiskarar i havn i Farsund. Frå v. Sverre Sætre, Arvid Vesterås. Sverre Vesterås, makrellpioneren Henrik Leite.

7 båtar frå Værlandet ligg ved kai i Risør. Dei var på makrelldorging ca. 1960/61. Nærmast kai ligg "Diskos"  eigd av Bjarne Landøy så kjem dei på rekke og rad,  "Knut" eigar Sverre Andreasson Landøy, "Harald" eigarar Olav og Arvid Vesterås, "Svalen" eigarar Oddmund og Arne Landøy, "Maria" eigar Henrik Leite, "Union" eigarar Tomas og Jonas Leite, "Øyning" eigarar Anton og Arnold Landøy.
 

Makrellfiskarar frå Værlandet i Korshavn ved Lindesnes 1959 saman med kjendtfolk frå staden. Frå venstre Vermund Landøy, gut ukjend, Astrid Pedersen, far til Astrid, Ingvar Landøy, Harald Leite, Tormod Leite.

 

Makrellfiskarane var godt likte av folket i Korshamn, dei ville gjerne gifte bort døtrene sine. Vermund og Astrid var ikkje kjærester, men gode venner.

 
         
Harald Leite skriv:
Her er skøyta "Flora" og "Sandvak" av Sandshamn på Møre. Desse to båtane var vi mykje saman med i alle år dorginga pågjekk. Vi ser "Flora" har full seglføring som eg har nevnt var karakteristisk for mange dorgarar.
 

Harald Leite skriv:
Eit velkjendt syn på dorgefeltet var båtar med segl. Vi brukte desse til støttesegl då fisket føregjekk seg på tvers av vinden. Med full seglføring og frisk vind låg båtane stødigare og vi vart sparde for slingring.
 

Harald Leite skriv:
Her ser vi "Glimt" båten til Dagfinn Alisøy på heimveg etter endt sesong på makrelldorging. Kutteren var 43 fot og hadde ein 80 hk. Merc. Som vi ser so hadde dei dobbelt dorgesett, han hadde spirer både ved styrehuset og framme. Dorgesettet framme var mindre(kortare) enn det bakre settet, alt etter størrelsen på båten, dette for å unngå konflikt med det bakre sett. Båtar som var rigga soleis var tre og firemannsbåtar. Når ein slik båt fann seg ein makrellstim var det lettare for dei til å få fisken til å fylgje då det her til stadigheit var meir fisk som hang fast på krokane, denne fisken blødde og danna ei luktstripe bak båten som fisken heile tida søkte inn til. På tomannsbåtar måtte vi til tider for å halde luktstripa sterk nok spyle sjøvatn over fisken vi hadde fått inn, blodvatn av den rann då ut i sjøen. Etter eit slikt spyl måtte vi vere serleg oppmerksom på dorgesettet vårt for no søkte makrellen heilt inn til båten og tok anglane mest før vi hadde fått dei ut. då kunne han symje ihop dorgene til ein einaste knute og vi måtte sette på nytt. Difor var spyling berre ei nødløysning når vi merka at fisken var i ferd med og forlate oss.
Dagfinn Alisøy med båten "Glimt" var ein pioner då han i 1974 starta med drivgarn etter makrell på vårt felt. Båtar frå Værlandet og Bulandet hadde ikkje delteke i dette fisket sidan "Trygg" skøyta til vikakarane var sør med Haugesund og Røvær i 1940 -åra. Ein annan båt som også mogeleg deltok i dette fisket skulle vere Kutteren "Alden" ein 40 fot båt med ein 15 hk. Idealmotor. Eigar Olav Andersen. Om "Alden" deltok i dette fisket har eg ikkje funne dokumentasjon på. Det er det kanskje nokon som veit? "Trygg" var ei 36 fot skøyte med ein 10 hk. Union.
 

Harald Leite skriv:
Her ser vi kjende makrelldorgarar i havn i Egersund 1971. Ytterst i rekka "Union" neste "Fram" eigar Ingvar Landøy. "Suløy" Arne Lending (Solund). "Vidar I" Audun Grøneng (Værlandet) "Diskus" Johannes og Bjarne Landøy.
Dorgefisket etter makrell i den perioden føregjekk seg i ein sesong frå slutten på juli til midt ut i sebtember. Nokre år tidlegare starta dei allerede i mai mnd. so langt aust som til Risør. Den tida var no forbi. Flåten heldt no til ifrå Lindesnes til Sirevåg med flest båtar i Egersund. I slutten av 70-talet talde vi 50-60 dorgebåtar i Egersund frå Værøy og Røst i nord til Arendal i sør. Ut på 80-talet tok også dette fisket slutt. Det manuelle dorgefisket vart etterkvart overteke av båtar med dorgemaskin. Dette fisket vart ikkje båtar frå vårt distrikt serleg med på, no er flåten i Egersund representert av båtar frå Oslofjorden og til og med Egersund. Båtane er også større på snitt.


Endå eit bilete av "Diskus", gavlen til Johannes og Bjarne Landøy.
Den var bygd i Bøfjorden i Sogn 1955 av Bendik Bråstad.
 


Harald Leite skriv:
Her ser vi Tomas Leite i fiske på makrelldorging ombord i "Union". Vi var her to mann og hadde to dorger(regler) på kvar til saman 40 anglar. Tok makrellen godt kunne vi dra 500-1000 kg i timen alt etter størrelsen på makrellen. So var det då kor lenge makrellen fylgde med oss der vi draksa avgårde i 2-3 knops fart. Trefte vi stor fisk i lysninga og han fylgde oss i 4-5 timar hadde vi ikkje plass til meir og måtte gå til lands for leveranse.

Harald Leite skriv:
Her er "Union" på veg til lands med alle bingar fulle. Det kunne vere fint i solrenninga ute på Jærens rev. Fisket føregjekk seg for det meste 40-50 n.mil av land, av og til var vi lenger ute og til tider nærmare land. Når vi hadde fått fisken ombord vart han godt nedisa og fekk ligge i isen til vi var ein time eller to ifrå land, då sorterte vi han i fleire størrelser.
         
Harald Leite skriv:
Makrelldorginga var mykje nattarbeid, når egersundarane gjekk kveldstur på promenaden om kvelden kl. 2300 livna det til i dorgeflåten og dei kom draksande på dekk med kaffikjelen for å hete han "kaffilars". Det var frukost i dorgeflåten.
I 4-5-tida i grålysninga gjekk dorgene i havet, vi hadde våre teikn kor tid vi var komen fram i makrellstimane, og var desse gode nok so tok han anglane etterkvart vi slakka ut. På bilete her har vi full klaff. Som vi ser so fossar makrellen i bingane, og denne dagen var dekket fullt før kl. var 0800. Arbeidsdagen var ikkje ferdig med det, framføre oss låg turen tillands med ising og sortering av all fisken. Starta vi dorginga fem timar ifrå land og dorga utover i heile fiske kunne ofte turen til lands ta 6-7 timar so vi hadde tid til mykje kaffi og røyk før vi seig inn på Egersund havn ut på ettermiddagen. Når fisken då var levert og vi hadde handla matvarer, ete middag,bunkra olje og vatn, laga nye dorger til neste dag, då var det ikkje so lenge igjen til alarmen gjekk på nytt i dorgeflåten kl. 2300.
 

Harald Leite skriv:
Makrellflåten i Farsund: Før "regla" gjorde sitt inntog i flåten var reiskapane to snøre pr. mann med tre anglar. Beite (agn) var fleskesvor. Ei vanleg kjend lukt i dorgeflåten på den tid var steikt flesk, for vi måtte kjøpe masse flesk for å få svor til beite. Etter at "regla" kom vart fleskebeite erstatta med rød 4-5 mm plastslange. Ei lita historie om fleskebeite: Vi låg i Farsund, Knut Hillersøy hadde vore på kjøtbasaren og oppdaga at det gjekk an og få fleskesvor gratis i metervis. Han kom nedatt på "Maria" og sa soleis: "Henrik veit du: Alt flesket som vi har ete i oss i sumar er heilt vekk-kasta, sjå her kva eg har fått". og so visste han Henrik rullen med svor. "Ja, svara Henrik, men du ser no ikkje ut som du har teke skade av alt flesket for du ser godt ut, rund og god i kjakane".

.


.

Harld Leite skriv:
Henrik og ein Møring driv og ekspedimenterer med ei vekt for å vege enkle makrellar. Det var ikkje alltid godt å få sorteringa rett. Det var 3-7 pr kg og 2-3 pr kg  og det som Møringane kalte for "Bolt", 500 g og 600 g.
"Bolten" var best betalt difor var det freistande og prøve med ein og annan 490 og 480 g. Det som var "aberet" var at vart det for mykje undermåls i den
store so vart det nedklassa til 2-3 fisk og då tapte vi masse pengar."
 

Harald Leite skriv:
Mange båtar vart innkjøpt med tanke deltagelse i dorgefisket etter makrell. Her ser vi "Tona" skøyta til Jan og Johan Alden. Ho var 35 fot og hadde ein 20 hk.Nogvamotor. Jan står i styrehuset og vi ser Johan bak kappen framme. Fleire Værlendingar fann seg piger på sørvestlandet i dorgeperioden. Underskrivne var ein, også Johan Alden og Harald Landøy var iblandt dei. Andre året Harald var med meg på "Maria" hadde vi flyttelasset hans med frå Landøy til Korshamn. Eg reiste heimatt åleine det året frå Egersund.
 

To Værlandsbåtar i Egersund havn på 1960- talet. "Maria" båten til Henrik Leite og "Vidar I" kutteren til Audun Grøneng.

Harald Leite skriv:
Når det føregjekk seg slipping og sjøsetting i Hittunstøa var det spanande for ongane og vere med for å sjå på åtbersla. Her ser vi Gry og Joar Leite på kaia til Henrik. Bak dei ligg båten til Harald Fedøy.
 

Harald Leite skriv:
I Hittunstøa øverst i Værøyhamn vart det på 60-talet rigga til med slipp med vinsj. Vinsjen var manuell og gjekk på "langebrød". Der i støa slippa karane båtane sine. Under sjøsetting kunne det vere til tider høge brøl når dei skulle "ta i" alle på same tid. Johan Hittun var den som dirigerte brølinga. Når han var komen på plass og hadde fått tak då "kom da". På bilete her ser vi sjøsetting av "Balder", båten til Bodvar Værøy. Vi ser Tormod Leite, Arne Blom, Johan Hittun og Bodvar Værøy. Guten som står og bivånar det heile er Joar Leite.
 

Harald Leite skriv:
Her er "Balder" undervegs. På styrbord side nederst Harald Fedøy, Harald Leite og øverst Karl Kjempenes. På andre sida ser vi Henrik Leite. Det gjekk godt med avløpet, men båten vart lagt litt for mykje over til babord som bilete og viser. Heldigvis so stod det sterke karar på andre sida som held han oppe når han tok laust. Vi ser at Karl Kjempenes er fullt klar over stoda, og prøver og dra båten tilbake.
 

Harald Leite skriv:
Når vi har fått ut "Balder" so skal snekka til Henrik Leite opp. Når vi hadde sjøsetting og slipping so var det viktig at vi var godt hjelpa. Ombord i "Brasen" ser vi Jonas Leite i gul oljetrøye saman med Harald Leite. Dei som står på land er frå venstre: Henrik Leite, Bodvar Værøy og Karl Kjempenes som her styrer tauet.
 

Harald Leite skriv:
Her er slippinga av "Brasen" godt igong. Tre karar styrer med eit kvart nede på renna og vinsjen har stopp. Dei som styrer er frå venstre: Bodvar Værøy, Arne Blom og Karl Kjempenes. Oppe ved vinsjen ser vi frå venstre: Tormod Leite, Henrik Leite styrer viren, Arvid Værøy og Harald Leite var i sveiva. På andre sida av hamna ser vi Ragnar Melvær oppteken med og reperere eit gjerde. So hadde dei sauer fremdeles på nordre Vikajorda i 1977, då desse bileta var teke.
 
         
Harald Leite skriv:
For fiskarane i Værlandet var fiskemottaket som Bernt Hittun dreiv i Hittunsbua ( bilde til høgre) oppe i Værøyhamn svært viktig. Han tok imot alleslags fisk, skaffa fiskarane agn og is. Isen skar dei i Guggevatnet om vinteren og sende han ned til bua på løypestreng der han hadde laga eit isrom i nordre enden av bua. Når han då i tillegg dreiv med handel, post og telefon i same bua vart det trangt. I 1916 gjekk han difor igong med Nybuprosjektet og i 1917 stod Nybua klar ( i høgre kant på bilde til venstre). No vart mest alt som hadde med fisk og sild flytta hertil. Mange gode sildeår gjorde til at her vart det til mange kjærkomne arbeidsplassar for folk både i og utanfor bygda. Mange saltebilete frå denne tida viser dette. Dei var heldige dei som hadde Hittunen som arbeidsgjevar for det vart sagt om han, at maken til ein slik omtenksom person som han Bernt fantes ikkje, so var han og ein høgt respektert person i bygda.
Nybua var bygd i spikartida,no brukte dei ikkje naglar lenger. Desverre so måtte spikaren gje tapt etter mange år utsett for salt og lake. Difor vart ikkje Nybua særleg gamal, Hittunsfolket gjorde nok kva dei kunne for å ta vare på bua si, men måtte til slutt gje seg. Bua var gjennomsyra av salt og lake so ein ny spiker stod heller ikkje lenge. I ein nordveststorm på 90-talet måtte ho ei natt i 1-tida gje tapt og ramla med eit forferdeleg brak.
 
         
Når Nybua i Værlandet fall.
 

Kjøpekontrakten for tomta der Nybua vart bygd.
 
         
Harald Leite skriv:
Har fått dette bilete av Rune Tistel med tittel: Under storsildfisket. Hamna på Kalgraff (Kolgrov) ca. 1930.
Bilde til venstre:
Midt på bilete ligg kutteren til Værøy-brødrene Jens, Johannes og Halfdan , "Velkom Heim". Skøyta til venstre er Kolgrov skøyta "Anna". Det ser ut som ho er brukt som lossement  i anledninga. Kutteren til høgre er Trovåg -kutteren "Anna", litt pussig at begge heitte "Anna",men slik er det no.
"Velkom Heim" er ein "engelskmann",brødrene reiste til England tidleg på nyåret 1911 og den 24 januar vart "Welcome Home" fra Yartmouth klarert inn til Haugesund med ballast. Den var 12 år gamal, målte 39,77 reg. ton.
Haugesund Avis fortel:
Dei siglde frå England forrige laurdagskveld, tirsdag morgen var dei under land ved Norge i kuling og regntjukke, dei måtte gå tilhavs atte og heldt det gåande i storm og tjukke for 2- og 3- reva segl, mesanmasta brakk. Laurdag morgen fekk dei kjenning av Utsira og kom inn her. Dei var då svært utmatta.
Bilete til høgre:
Landnotfiske 1930 har eg fått lånt hos Solund Sogelag.
Dette er teke i same tida men frå ein anna vinkel.
.

Harald Leite skriv:
På 1950-talet starta Hittunskarane Andreas og Johan taremottak for a/s Protan i Haugesund på Nybua. Dei tok fyrst i fleire år imot tørka fingertare, seinare bygde dei silo og tok då også rå fingertare. For oss som vaks på Værlandet i denne tida var dette eit kjærkome tiltak. Båtar hadde vi og dei ordna det også
slik at vi kunne kjøpe eller leige tarebåtar som a/s Protan skaffa. I sumarhalvåret var vi mykje opptekne av tareskjering og draksing av taren på land ute i holmane for tørk. Når vi kom til taremottaket med hågraka båt med tørka tare, då var vi ikkje lite krye. Pengane fekk vi kontant på "labben". Seinare vart også denne næringa mekanisert og store trålarar overtok. Mottaka vart sentraliserte og taremottaket på Værlandet vart nedlagt.
Bilete er teke kring 60-talet og vi ser a/s Protan sin føringbåt Røværskøyta "Langøy", på sida av henne ligg Hittun II, bak desse ligg Hansasabben. Snekka ved Hittunsgavlen trur eg er Jon Fedøy si.
 

Harald Leite skriv:
I den tid då gamle dampen var einerådande om samferdsla ut til øyane våre, vart det mange turar med privatbåt når nokon skulle til og frå. Dette bilete er frå 1965, eg hadde nett kjøpt skøyta "Maria" og borda her Hurtigruta i ytre Steinsund på veg nordover.
( Bilde er sikkert teke frå hurtigruta)
Var ofte i denne passasjerfarten. Eg var også innom dyretransport. Ein gong henta eg fullt rommet med oksekalvar på Askvoll som skulle til Jardar Melvær.
 
         
Harald Leite har sendt  bilete av avdukinga av minnestøtta på Værlandet i 1948. Harald har og sendt  med diktet som Sverre J. Landøy skreiv til 50-års minnemarkeringa då krigen starta. Da kan du lese her.

 
         
Harald Leite skriv:
Her ser vi det siste anløpet i Værøyhamn av "Sending II" året er 1971. Vi ser Ludvik Grytten prøver og finne ly for tenning av sigaretten før han gjer klar tampen.
Det andre bilete viser "Sendingen II" på full fart innover Værøysundet for siste gong. Ein 90-års epoke med "dampane" til øyane våre var dermed slutt.
Ved kaia ligg båten "Værland" og vi ser litt av "Bjorholm" framføre.
 

Harald Leite har eit kjekt militærbilde i arkivet sitt.
Bak frå venstre: Martin Landøy frå Værlandet,  Johannes Heggøy ( Sjøtun) frå Atløy, Jørn Avløp frå Atløy, Jens T. Værøyvik frå Værlandet og Sivert Andreas Landøy frå Værlandet.
Framme frå venstre: Ukjend, Peder( i Tuna) Gjervik frå Atløy, Peter Kalvøy frå Værlandet og Johan Vilnes frå Atløy.

"Værland" ved kai i Måløy, Dei har fangst ombord, kven veit, er det lange eller pigghå dei har innabords? Bilete er teke før han var ombygd med shelterdekk. 1970-talet.

Frå nordre Værøyhamn under mudringa av havna i 1978. I søre havna er muringsarbeidet igong difor ligg alle båtane i nordre havn. Dei to båtane til venstre høyrer til nordre havn og er her båten til Bjarne Kalvøy "Roald" og skøyta til Svein Værøy "Sveinodd". Til venstre ligg snekka til Johan Hittun og og gavlen hans "Hittun II", so Atløybåten "Havrand" og "Union". Dorryen og snekka midt i havna er Harald Fedøy og Bodvar Værøy sine i same rekkefølge.
 

Kvinneforeninga på Værlandet i stova til Lisa og Tomas Leite. Frå venstre: Borgny Neverdal, Lisa Leite, Olga Vesterås, Gunhild Værøy, Olga Værøy, Klara Nybø, Ragna Leite, Johanne Melvær, og framme Johanna Hittun. Framme til venstre Tomas Leite.

Værøyhamn kring 1960. Vi ser mange kjende båtar. Midt på bilete "Lauholm" båten til Bernt Henriksen Værøy. Borte ved bua til Edmund og Jon Værøy ligg "Bjorholm" båten til Vikakarane og "Gladys" skøyta til Edmund og Jon. På babord side av "Gladys" ligg båten til Magnus Værøy, "Sonja" og motoren i den er den samme som stod i moritsgavlen "Sydvær" ein 7 hk. Union.
Til høgre framme ligg skøyta til Jens Værøy, "Sjøfuglen" , motor 7 hk Rubb.
 
         
Den fyrste båten til Tormod Leite "Fro I". Her står han klar til å stige ombord saman med Ruth Leite(Bakke). Tjue år seinare gjekk han saman med Torolf Værøyvik og kjøpte nybygget "Værland" som her ligg ved kai i Stongfjorden der Torolf hadde hytta si. I den andre båten ser vi Harald Leite som allerede er på veg til havs.
 
         
Gamle og nye "Union" båtane som Leite-karane hadde i over 50 år. Gamle-"Union" er på veg ut Værøyhavna kring 1950 og nye-"Union" ligg i idylliske Håsteinen før holmane vart freda.

Her er ei staselig jente frå Værlandet. Er da nokon som kan hjelpe Harald Leite med å finne ut heilt sikkert kven ho er. Han har fått nokre tips som meiner å vite kven ho er då.
Tips kan sendast til webansvarlig@bulandet-grendalag.org so formidla vi svar vidare.
         
Ein kjendt og kjær mann på Værlandet, handelsmannen vår Andreas Hittun. Han overtok butikken dei hadde i Hittunsbua etter faren Bernt Hittun, og når krigen braut ut og den andre handelsmannen i hamna Sverre Brosvik måtte rømme til England var Andreas åleine om handelen på Værlandet i fleire år.
 

Frå gamlebutikken på Værlandet i begynnelsen av 1970. Frå venstre Arne Blom, Ragnar Melvær, Kåre Hansen, Fredrik Alden, Odd Alden, Frank Alden, og bak disken (systa) Margrete Kalvøy.

"Bjorholm" var båten til Vikakarane og var eit kjendt bilete i Værøyhamna i mange år. Brødrene Torfinn. Ragnar og Knut Melvær kjøpte båten ny i midten på 1950-talet og hadde han til langt fram på 1970 -talet.
Båten deira fekk navnet etter holmen deira som ligg vestanfor Landøy
Bjorholm var bygd 1952 og ombygd(forlengd) 1956. Fyrst ein 60 hk Union, etter omb. ein 160 hk. Union.



 


Harald Leite har sendt dette saltebilete, som han har datert sjølv til ca.1940. Når da gjeld navn på folk so har han spørt seg rundt til diverse personar om da, og skulle da være nokon som har andre meininga er både Harald og heimesideskrivarane interessert i å få beskjed om da.
Bak frå venstre: Olav Kristoffersen, Frida Værøy, Gurina Værøy, Karl Værøy, Erling Bråstad, Per Nybø, Johan Hittun, Solveig Værøyvik, Margit Landøy.
Framme frå venstre:Leonard Ludviksen (Resen), Margit Smelvær, Anna Kjempenes,Johanna Melvær, Lina Landøy, Kristoffer Ludviksen Værøy.
 

Bilete frå Landøyna teke sånn ca.1937. Fotografen er Magnus Landøy.
Severine Landøy med 7 barn pluss 5 naboar.  Alle heiter Landøy og bakerst frå venstre har vi  Aslaug, Kristine, Lina, Rolv, Severine, Anton og Sverre. Framme frå venstre har vi Judith, Lilly, Arne, Oddmund, Arnold og Bjarne.

Bilete av sildesaltarar frå ca. 1943.Bak frå venstre ser vi Frida Værøy, Signa Bråstad, Ragnvald Værøy, Anders Værøy og Kristoffer Værøy. Framme frå venstre ser vi Margit Smelvær, Lilly Landøy, Lisa Leite, Klara E. Værøy, Solveig Værøyvik, Ein tilreisande arbeidsformann frå Bergen som heitte Storm, Dorthea Leite og Leonard Ludviksen

So har vi sildesaltarar frå ca 1950. Alle her er damer og etternavn etter giftemål er skreve i parantes. Bak frå venstre ser vi Bergljot Værøy ( Søreide), Sonja Leite (Molven), Sigrid Myrvåg (Kjæmpenes), Anna Værøy (Kjæmpenes), Lina Landøy (Kalvøy). Framme frå venstre har vi Margit Landøy, Solveig Værøyvik (Nybø) og Lilly Landøy (Gulbrandsen).
 

Jentene i ein skuleklasse frå ca. 1930, da var vistnok frå ein handarbeidstime. Giftenavn i parantes. Bak frå venstre ser vi Kristina Landøy, Klara Værøyvik (Nybø), Johanna Nybø (Olset), Hildeborg Myrvåg, Bergljot Værøy (Søreide), Aslaug Landøy og Signe Hagen (Yndestad). Framme står Dagny Værøy (Igland).
 

Gutane i ein skuleklasse frå ca. 1930, Her var da vistnok ein sløydtime dei hadde føre seg. Heilt til venstre står lærar Bjarne Høvik. Bak frå venstre har vi Johan Hittun, Olav K. Værøy, Anton Landøy. Framme frå venstre står Per Nybø, Bernt Myrvåg, John Værøy, Knut Melvær, Andreas Nybø, Kåre Hansen, Karl Værøy og Trygve Værøyvik.

Bilete av Magnus Andreasson Landøy som var misjonær i Assam, India. Han var fødd i 1903. Starta å jobbe som fiskar før han begynte på skule. Blei prest i 1936 og drog same år til India for Santalmisjonen. I 1940 gifta han seg med Norskamerikanske Adelaide frå Iowa. I 1943 kom dottera Anne. Klimaet i Assam herja med Magnus, og han døydde av lungebetennelse i 1943. Adelaine levde i 1990 og dottera Anne var lærar ved eit universitet i Georgia, USA.
 

Bileta under høyrer alle til i den same familien.
Nemleg familien til Hans Knudson Landøy og kona hans Nikolina. Dei hadde åtte barn: Knut, Kristoffer, Nikolai, Henrik, Søren, David, Sofie og Tomas. Alle barna så nær som Knut og Sofie reiste til Amerika. Henrik reiste faktisk to gonger. Han kom attende til Noreg. Det er den "Henrik i Landøy'ne" som det går mange rabiner om. Sofie var gift med Martin Landøy og ho er bestemor til Magne, Jorunn, Harald og Øyvind Landøy og Margareth Landøy.
 

Sildefiske i Alaska. Dette kortet vart sendt til Herman Landøy, frå onkelen hans, Kristoffer. Herman var svært flink til å kaste stein som gut, og det seiest at han skaffa middag til familien ved å hive stein på alker og skarv.

Herman var fødd i 1903 og han døydde i 1924, berre 21 år gammal, av tuberkulose.
 


Dette julekortet sende Kristoffer  heim frå Amerika. Det står " Glædelig jul. Tag imod en hilsen til Julekvæld, fra en, der mindes sin Barndomsgjeld. Gud signe os alle Tilsammen!

Bak på julekortet står det:

Til Mr. Hans K. Lando, Værlandet.

Kjære far, Nu skal de faa se en af deres sønner om de kjender ham igen. Jeg vil ynske eder alle en Glærdelig Julefest og et Velsignet nyttaar. Fra deres sønn Kristoffer."

 


Dama med svart skjørt er ho Maria. Ho var gift med David. Dei budde først i Bulandet der dei dreiv butikk på og krabbefabrikk på Fedøyna.Maria fødde trillingar medan dei budde der, desverre døydde alle tre kort etter fødselen. Seinare flytta dei inn i Landøyna og dei sette opp "Mariastaua" (huset som Greta og Magne bur i i dag). Dei fekk to barn til. Herman og Ragna.
 

Her ser vi Mariana. Det var systra til Maria. Ho var sjukepleiar.

Det seiest at ho var svært langbeint og ei historie vil ha det til at Henrik ein dag hadde lurt på om det var han Anton som gjekk på stylter på rabben (området vest for huset), men då han såg nærare etter, var det ho Mariana på veg i floren.


 Dette er Ragna, dottera til David og Maria. Ho vart berre 19 år gammal, ho døydde 17 dagar etter broren, Herman, av tuberkulose.

Dette er Hans Knutson Landøy eller "Gamle-Hansa" so han òg vart kalla.