BULANDSFERIE.  Overnatting og gjestehavn. Pernillestø og Rorbua.
Sånn ser Pernillestø ut når du kjem frå sør. Her er Rorbua sett frå nord.

MIDDAGSERVERING I PERNILLESTØ
Skjærtorsdag kl. 13.30 - 16.30.
Meny: Biff Stroganoff--Røkt svinekam
Dessert,Kake og kaffe.
Fint om du ringer for bestilling innen tirsdag 3/4.tlf.91647196
 

Bulandsferie vert drive av Gunlaug Gillesøy, ei driftig dame som opprinnelig kjem frå Bergen.
Som med so mange andre var da kjærleiken som lokka ho til Bulandet i 1966,
og her har ho vært sidan.
Ho Gunnlaug eig og driv ein bedrift som heiter Bulandsferie, og som har eiga heimeside.
Bulandsferie feira 15 års jubileum i mai 2005, og då hadde ho Gunlaug ope hus med
servering av si vidgjetne fiskesuppe. Bilete frå jubileet kan du sjå her.

I Pernillestø har ho gjestebrygge og overnatting. Her kan du og få vaske klær og deg sjølv om du vil.
Det er stor kai med mange sitjeplasser og grill, så her går det an å kose seg skikkelig.
Det er 2 leiligheiter her som heiter Pernille1 og Pernille2.
I Pernille1 er det 4 senger pluss madrass, i Pernille2 er det 5 senger pluss madrass.
I underetasjen har ho møterom / selskapslokale.
Som møterom passer det best om ein er maks 20 - 22 personar, som selskapslokale
har ho hatt oppdekning til 45 personar.
Så har ho ei hytte her som heiter Pernillestø. Der er det sengeplass til 6 personar.

Ikkje nok med det, ho har meir overnatting og. På andre sida av øya har ho Rorbua.
Der er det 3 leiligheiter, Nordbu, Sørbu og Buatoppen.
I Nordbu og Sørbu er det 4 senger fordelt på 2 soverom.
På Buatoppen er det og 4 senger fordelt på 2 soverom pluss at det er ein hems med plass til
eit par stykker til.
Da er ikkje slutt med det heller, på Buatoppen har ho jammen endå meir på lur.
Ho har ei luke i veggen som kan fjernast, og der er det plass til endå ein sengeplass.
Rommet er ikkje så stort så det passer best til eit barn. Men det har og lagt 2 Bremanger damer
der på ein gong.
No veit ikkje eg størrelsen på desse Bremangerdamene, men dei sov godt og var vistnok både blide
og fornøgde på morningen. Så på Buatoppen er det plass til mykje folk.
Ellers er det fin uteplass her og.

Ho Gunlaug treff du på lettast på mobilnr. 91 64 71 96, ellers har ho tlf. nr. 57 73 21 72
eller 57 73 21 24.

Båtutleige, sløyeplass og mogeligheit til oppbevaring av fiskefangster er det og.
Berre sjå på bilda under så ser du korleis det ser ut både her og både der.
 

Her kan ein sjå at ho Gunlaug var ei driftig dame alt før ho kom til Bulandet.
Da var ikkje lenge før bydama sat på traktoren. Berre klikk på bilete så
vert det større.
Bilete er teke frå ei bok som heiter "Kjerringkavet" og som er utgjeve på Selja Forlag.
Der kan ein lese meir om Gunlaug og andre fiskarkvinner frå Sogn og Fjordane.
Her er bilete frå Pernillestø
Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i
i virkeligheita.

Når du kjem landevegen og ser dette skiltet so er da berre å svinge av til Pernillestø.

Her ser du nordover. Rundt Jonsok så går sola ned akkurat under brua du ser.

Her kan båtfolket kose seg. Hytta Pernillestø i bakgrunnen.

Her ser du sørover. Det er fredelig i dag så ein måse benytter anledninga til å kose seg litt på brygga.

Gjestekaia ved Pernillestø tidelig ein sommarmorning

Her er god kaiplass med benker og grill.Pernille1 og Pernille2 ligg i andre høgda. Møtelokale og vaske mogeligheiter i underetasjen

Hytta Pernillestø.

Her er Gunlaug på kaia, sløyebua i bakgrunnen.

Sløyebua. Her kan ein sitje å kose seg med noko leskande etter ei hard økt på sjøen, mens kallen eller kona sløyer fisk inne i bua. Det er vistnok oftast kallen som sit her og lesker seg.

Her kan ein sitje i solveggen og kose seg i fred og ro utanfor Pernille1 og Pernille2

Kjøkken i Pernille1

Stue i Pernille1

Soverom i Pernille1

Endå eit soverom i Pernille1

Kjøkken i Pernille2

Stue i Pernille2

Soverom i Pernille2

Her er bilete fra møterom/ selskapslokale i underetasjen.

Her er møterommet/ selskapslokalet i underetasjen pluss ho Gunlaug då.

Dei same motiva frå ein annan vinkel.

Eige røykerom er det og.

 

Her er bilete fra Rorbua

Når du ser dette skiltet så er du rett i nærleiken av Rorbua

Her er Rorbua med ho Gunlaug klar til å ta imot gjestar.

Båtar med påhengsmotorar kan ein leige vist ein vil ut å fiske.

For dei meir nostalgiske kan ein få leige robåt og.

Her er fin sløyeplass i gamal stil.

Fryseboks på innsida og koøye i veggen som ein kan sende fisken gjennom. Det går sjølvsagt an å bruke døra og.

Ein liten plass for å slappe av i fiske sløyinga er det og.

Det er stor plass for å nyte sola i sørveggen.Grill har ho Gunlaug laga her og.

Kjøkken i Nordbu.

Stue i Nordbu

Soverom i Nordbu.

Kjøkken i Sørbu.

Stue i Sørbu.

Kjøkken på Buatoppen. Døra bak kjøkkenbenken er inn til dusjen.

Stue på Buatoppen.

Det er ein kjekk spisekrok på Buatoppen der ein kan sitje å sjå rett ut på sjøen.

Inngang til soverom på Buatoppen.

Så har vi kommet inn på soverommet.

Her er hemsen på Buatoppen.

Her er trappa ned (eller opp, alt ettersom ). Toalettet finn ein her rett ved sidan av soveromma.

Her har ho Gunnlaug laga ei luke inn til eit rom der det er fint å stue vekk bagasje.

Her er luka inn til da "hemmelige" soverommet. Må berre flytte litt på sofaen. Her er ein fin soveplass for ett barn. Og sidan 2 Bremangerdamer har lagt der og, så skal nok andre som kjenner kvarandre godt få plass der og.