Barneåret offisielt avslutta

07.06.04 - Barneåret i Bjørgvin bispedømme vart offisielt avslutta
med ei gudsteneste på Bulandet 6. juni. Kring 200 born og vaksne
var møtt fram til friluftsgudstenesta. Dei fekk oppleve ei
gudsteneste der borna tok aktivt del i alle ledd. Og eit av borna
sa etter gudstenesta: Det var verdas finaste gudsteneste!

Dåpspåminning ved skuleelevar og biskopen. Foto: Kari VengenBiskopen og born
frå Værlandet og
Bulandet stod saman i
planlegginga av
familiegudstenesta
heilt ute i havgapet.
Borna bygde altar,
lagde ein kross
og plukka blomar,
øvde seg som
forsongarar og plukka
steinar til
syndsvedkjenninga.
Dei var med på å
forma innhaldet av
gudstenesta og
samtalte med
biskopen om kva han
skulle ta med i preika.


– Dette har vore ei uvanleg vakker og meiningsfull avslutning av eit viktig år for
Bjørgvin. Her ute i havgapet har vi møtt eit lokalsamfunn der barnearbeidet er
levande og har ein sjølvsagt plass i nærmiljøet, seier biskop Ole D. Hagesæther.

Sol
Biskopen kom til Bulandet fredag kveld. Laurdag førebudde skuleelevane frå
Værlandet og Bulandet gudstenesta til søndag saman med biskopen og fylgjet hans.
Ungane vart delte inn i grupper som arbeidde med ulike oppgåver saman med biskopen,
prestane, undervisningsrådgjevaren og alle lærarane. Borna og dei vaksne arbeidde
med iver og glede.

Laurdag ettermiddag var biskopen med fylgje på båttur ut til Sandøya, det der no bur
ein fastbuande. Om kvelden var det stor familiefest på Værlandet med fleire barnekor
og andakt av biskopen.  Gunnlaug Gillesøy fekk tildelt "gullfisken" for førti år i teneste
med søndagsskulen på Bulandet.

Vêrmeldingane for søndagen var dårlige, og dagen tok til med regn og gråvær. Ettersom
gudstenesta nærmde seg vart det opplett. Då gudstenesta tok til, med at skuleborna kom
i prosesjon opp mot det sjølvbygde altaret utafor kapellet, skein sola.

Barneåret
Barneåret i Bjørgvin (skuleåret 2003/2004) kom i stand etter eit initiativ frå biskop
Ole D. Hagesæther. Noko av målet har vore å synleggjere borna sin verdi og plass i
kyrkjelyden. Ikkje minst har ein arbeidd med å involvere borna i gudstenesta. Omsorg
for og oppfølging av frivillige, vaksne medarbeidarar i barnearbeidet har også vore viktig.
I tillegg har bispedømmerådet arrangert ein større tverrfagleg konferanse om born med
vanskelege oppvekstvilkår "Kven bryr seg?". 

– Med barneåret planla me eit viktig år for borna, men så kom det til å røra ved heile
tenkinga vår her Vest: Borna er ikkje nokon som skal førebu seg til å bli kyrkjeaktive,
det er dei som er kyrkja. Dei er eit førebilde for oss vaksne i sitt enkle møte med
evangeliet, seier biskopen.

"Nye steg"
Bjørgvin bispedømeråd satsar på borna også etter at barneåret vert avslutta. Born og
gudstenesta og barnediakoni vil stå i fokus. Dessutan vil ein i samband med
trusopplæringsreforma prioritera innsatsen mot barn 0 – 4 år og deira foreldre og fadrar.
Denne satsinga har fått namnet "nye steg". Då vil ein blant anna sjå på dåpssamtalen,
dåpsgudstenesta, fadrane, barnehagearbeid, babysang og fagleg oppfølging av dei som
driv trusopplæring.