Gaute Losnegård skriv i kapittel 3, side 127 og utover i boka 'Havfolk og Fjordfolk':

"Nokre få hundreår seinare, omkring 1200 f. Kr., tok det til å spreie seg ein ny skikk i Norge. mens den eldre tradisjonen gjekk ut på å leggje den døde i kista fullt påkledd og med gravgodset ved sida av, vart det no gradvis vanlegare å brenne liket før gravlegginga. Oske og brende bein, gjerne med personlege eigendelar, vart lagde ned i eit leirkar og sett inn i grava.

Omkring 500 f. Kr., ved inngangen til jernalderen, var likbrenning blitt nærast einerådande på norsk område.

På side 129 skriv Losnegård:

Berre eit fåtal graver i Askvoll er blitt opna og undersøkte under leiing av arkeolog. Derimot har det vore mange andre som har grave, i håp om å finne noko av pengemessig verdi. Gravplyndrarar og lukkejegarar har leita i mange haugar og røyser, også på våre trakter. Ein gut fortalde skulestyrar Nikka Vonen i Dale at han hadde vore med på "Aabningen af Kong Staves Grav" på Staveneset. Dei fann visstnok mykje jernsaker og ei steinøks, men han trudde at dei hadde kasta alt saman. Nokre av gravopnarane skal endåtil ha gjeve seg ut for å vere museumsfolk, slik det skjedde på Alden kring 1865. Etter det Johan Fredrikson Alden (fødd 1857) kunne hugse i 1936, kom det då to fint kledde menn til øya som gav seg ut for å vere frå universitetet. Dei hadde med seg folk frå Prestøyna til å grave. Under utgravingane fann dei ei urne med brende bein og restar av våpen. Seinare vart gravene utforska av Axel Landsem, ein ingeniør som budde ei tid på Alden. Han fann i alt 12 røyser som alle var utkasta og plyndra.

Alle funna frå gravrøysene på Alden er no komne bort, men dei opplysningane vi har peikar mot at gravene på Alden kan vere frå jernalderen. Det same gjer det at det er reist bautasteinar ved to av gravene."

Boka 'Havfolk og fjordfolk' kan ein få kjøpt på butikkane rundt om i kommunen, eller ved å vende seg til Askvoll kommune.