Føreord

 

Dette heftet har blitt til i prosjektet ’Skule på Værlandet i 261 år’.

 

Bakgrunnen for prosjektet ’Skule på Værlandet i 261 år’ var avgjerda om å legge ned

Værlandet skule frå hausten 2004.

Tilsette ved skulen sette seg då ned og tenkte korleis ei så lang skulehistorie best kunne avsluttast på ein verdig måte.

Resultatet vart dette prosjektet som har vore eit gjennomgåande tema det siste

skuleåret, 2003-2004. Gjennom undervisning med temaarbeid, planleggingstid og

anna har vi prøvt å danne oss ei oppfatting og eit bilete av tidsperioden frå det vart

ordning for skuleverket i Askvoll prestegjeld i 1743 og fram til no i 2004, altså ein

tidsperiode på 261 år.

 

Heftet viser det vi har samla av dokumentasjon, både dette skuleåret og tidlegare,

med tilknyting til tema. I tillegg har vi hatt bidrag frå mange artikkelskrivarar.

Takk til alle dykk!

 

Naturleg nok har det vore lettast å skaffe dokumentasjon for skulehistoria dei siste

ca. hundre åra, og framstillinga har dermed størst tyngde der.

 

Gjennom arbeidet med den historiske framstillinga har det føregått ei bevisstgjering både hos elevar og tilsette om at vi er ein del av ein lang historisk skuletradisjon.

Vi ser at utviklinga har føregått gjennom personleg innsats og veremåte gjennom mange år.

Samtidig ser vi at om vilkåra og dei ytre omstenda har endra seg mykje, står vi i ein felles tradisjon med tidlegare generasjonar av born og vaksne som kvar på sin måte

til saman har utgjort Værlandet skule.

 

Vi vonar at lesaren vil finne innhaldet interessant.

Vi har lagt opp til ei kronologisk oppbygging av dokumentasjonen, men kvar artikkel kan eigentleg lesast som ein sjølvstendig tekst.

 

Mange lesarar vil nok kjenne seg att og få fram sine skuleminne.

For andre vil det vere meir eit historisk dokument.

 

For alle ynskjer vi:  God lesnad!

 

For elevar og tilsette ved Værlandet skule skuleåret 2003-2004

 

 

Gunn Leite

 -rektor-

 

 

 

Værlandet skule