Skulesoge frå Værlandet

 

 

 

 

 

 
 
Hildeborg Kalvøy, Aud Værøy, Ella Brosvik, Geir Alden,

Øyvind Vesterås, ,Anfinn Landøy, Rigmor Landøy, Birger Landøy Nils Værøy,

Johannes Kalvøy, Margunn Melvær, Bente Alden, Sylvia Landøy, Solveig (Vesla) Nybø.

 

Skreve av Klara Nybø (Stykket har tidlegare vore trykt i Sogeskrift for Askvoll kommune nr. 9)

I min barndom las vi i Rolfsens Lesebok om ”Ein skuledag i gamle dagar” - der skule og praktisk arbeid gjekk føre seg i same stova på ein bondegard. Slik var det i mi eiga bygd òg, i mine besteforeldre sin barndom. På den tid var det ikkje vanleg at alle kunne lese og skrive. I krinsmøteboka, i ref. frå 1890, står det ei underskrift med ”påholden penn”.

Då eg i 1946 vart lærar i mi barndoms skulestove og

 

fekk i hende møtebok og dagbok frå førre århundre, var det interessant og lese korleis dei hadde hatt det i skulen i gamle dagar, og det er på tide at noko av det vert fortalt og nedskrive for komande slekter.

Værlandet skule fekk nyleg tak i eit dokument:”Fra Skoleværkets Indrettelse udi Aschevolds Præstegield, Regulered og Fastsadt Anno1743”.Iniativtaker var sokneprest i Askvoll, Fr.Arentz. Der står det at det skulle vere ein skulemeister i kvart sokn(4sokn).Fleire ville verte for dyrt og unødvendig. Skulemeisteren skulle ha 15 Rd årleg i lønn. Løna vart utlikna på innbyggjarane, og det var Kyrkja som kravde inn. Det skulle veljast to pålitelege menn i kvar krins til innkrevjinga, og det var strengt - ingen nåde å få for dei som hadde vanskar med betalinga.

Då det på den tid ikkje fanst skulehus, måtte læraren reise rundt. Vi fekk omgangsskule. Læraren skulle ha ”kost og seng” på den stad skulen var. Frå først av var det det ein kalla Kyrkjeskule – opplæring i kristendom, lesing og skriving. Men læraren skulle ikkje berre undervise ungane, han måtte også vere viljug å utføre kyrkjelege tenester om nødvendig, så som andakter, gravferdstalar, heimedåp, overhøyring i kristendom av born og unge og mykje meir. Han var dessutan skrivehjelp for dei som trong det, og det var mange. Bygdefolket hadde plikt til å skysse læraren mellom krinsane. Her ute var det robåt. Dei som ikkje hadde husrom til skulen, måtte leige hos andre. Vi veit at her var skule på fleire stader frå først av, men i krinsmøteboka frå 02.02.1893 hadde dei føre sak ”Om Leie af Skolehus for Dem der ikkje selv kan skaffe det”. Andreas Berntsen ”var inntil videre villig at skaffe hus for den gjengse betaling af Skolekassen, af kr.0,10 pr dag, mod at rengjøring  besørges af Leieren 2 gange ugentlig, samt at Tør Brændsel (ved eller torv) skaffes til rette tid og i tilstrækkelig mengde”.Som sak på same møtet var ”Spørsmål om hvorvidt Bogspråket, eller Landsmålet skulle benyttes i Skolen. Beslutning: Den gjengse Dansk-norske benyttes inntil videre”.

Den eldste Skoleprotokollen frå ”Værø Kredsstue” er ført i 1886 av O. Rogne. Der står det at det var 18 skuleveker årlig. I same boka er det oppført fleire Kredsstuer i Bulandet. Han reiste mellom krinsane. Faga som er oppført er Bibelhistorie, Katekisme, Forklaring, Udvalgte Læsestykker af Læsebogen, Stavning, Retskrivning, Regning, Flid og Forhold.( ? ) Sokneprest Breyholtz har skreve under protokollen kvart år. På siste side i boka er det oppført det som var innkjøpt av materiell til skulane:

I 1865: Salmodikon med Koralbog.

I 1872: Melodibog til Sangene i Læsebogen.

I 1873: Kart over Europa. Atlas. En Kugleramme. En Inventarkiste.

            (Læraren laut ha med utstyret når han skifta krins).

I 1885: Kart over Skandinavien. En veggtavle.

I 1889: En Globus.

I 1892 :Et Europakart.

Det er interessant å sjå i skuledagboka, der det er oppført grunnen til forsøming i skulen. Ein stad står det ”Forsømt skolen på grunn av mangel på klæde” Ein annan forsømde ”på grunn av konflikt”.

I 1897 vart det vedteke at det skulle byggast skulehus i næraste framtid i Værø Kreds. Men først året etter kom det fart i byggeplanane. Det vart kjøpt tomt hos Hans J. Værø. For leikeplass og tomt til huset vart betalt kr.30.-.”Mod at slåt og klosetaffald tilfaller Hans J. Værø, samt pligt til tømming og rengjørelse efter gjeldende regler. Derfor betales kr. 100.- en gang for alle”.Byggenemnd vart vald i 1898 og bestemt at huset skulle stå ferdig i 1899. Byggenemnda var: Andreas M. Kjæmpenes Alden, Andreas B. Værø, Engel Andr. B. Værø og Knut Larsen Kalvø. Dei fekk fullmakt til å ta opp førebels lån - helst hos privatmann – stort kr 400,-. Oppsitjarane måtte ta på seg pliktarbeid, det vart ”ligelig delt på alle kredsens husfedre, og tilsiges efter tørn af Byggekomiteen”.Dei skulle få betaling, kr13,50 pr veke. Byggesummen vart kostnadsrekna til kr 2400,-. Kostnaden på huset synte seg å bli kr. 2823,46 som skulle delast slik:

Amtets andel (halvdelen )                              kr.1407,92

Herredets andel                                              kr.469,31

Kredsens andel (tredjedelen)                          kr 938,61

Desse tala er oppførde i møteboka. Vi ser at det er ganske mykje som er pålagt innbyggjarane å betale. I tillegg  til desse utgiftene kom utgifter til spyttebakkar med kr 7,62, og porto, papir m.m. kr 10,13. Spyttebakkar var viktig å ha. Eg hugsar korleis dei såg ut. Rekneskapen var nøye førd, med krone og øre. Materialane vart innkjøpt hos Salbu, Sørbøvåg. Transport skulle bygdefolket syte for. Bygningsmann Nikolai Kråkenes fekk frist i 8 veker å setje opp huset. Sjølve stova var tømra, men gangen var berre bordkledning, så det var luftig i nordavinden. Det vart sett opp liste over dei som kunne låne pengar, og kor mykje. Då ein av långjevarane sa opp sitt lån og ville ha pengane att, måtte dei låne i Askvoll Sparebank mot at to menn stilte garanti.

 

 

 

 

 

 

 

 

Då skulen var i huset til Andreas Berntsen Værø hadde Sofie Larsdotter Reset hatt 6 kroner året for å vaske to gonger i veka. Ho kravde pålegg i løna frå 1899, og fekk 20 øre i tillegg for kvar vask. Andreas B. Værø kravde 7 kroner for ulemper med nedtrakking av gras, og fekk det. Desse utlegga skulle delast på husfedrene. I den tida brukte elevane tavle og krit (griffel). Når tavla var utskriven, var det å sputte på og tørke  med albogen, sa bestefar. Så var tavla klar for nye operasjonar. Då huset vart teke i bruk i 1900, var det eit stort framsteg for bygda. Det var ikkje noko luksusbygg. Skulestova var vel 25 kvadratmeter pluss eit lite kammers  og gangen. Det var trapp opp på eit loft, og der oppe, under skråtaket, vart det i 20-åra  laga eit kott som laut tene som soverom for lærarinna, som budde i kammerset nede. Der var så vidt plass til ei seng, nattbord og stol. Ho låg sjuk der ei tid før ho måtte på sanatorium for tuberkulose. Før loftrommet vart laga, var kammerset einaste rommet hennar. Der stod ein  vedkomfyr, eit bord og eit skåp (hyller) på veggen. Skulehuset vart brukt til alle møte, festar og basarar. Då laut kammerset brukast til kjøken. Senga vart brukt til å plassere ymse ting i – det vart som regel seine kveldar før det vart vaska og rydda. Det var ikkje snakk om privatliv. Det er heilt utruleg at slikt kunne gå an, og kva folk måtte finne seg i for berre 70 år sidan.

 Skulehuset vart vaska to gonger i veka, og ei tid gjekk det på omgang mellom foreldra (mødrene). Vatn laut berast lang veg. Elektrisk straum fekk vi ikkje før i 1952, så oljelampane laut ettersjåast til ei kvar tid. Dei første åra etter at skulehuset vart bygd, var det læraren som fyrte opp i omnen om morgonen. Det var ikkje alltid lett å få det til å brenne i våt torv. ”Hver husfader må yde 3 sækker torv”, var det bestemt, men det var ikkje alltid at det var av beste kvalitet. Det var avhengig av  veret. Dei som vaska måtte passe på å tømme sputtebakkane. Læraren brukte skrå, så det vart sputt av det. Når vi ungane var med mor på jobben, fekk vi i oppdrag å finne tørr mose i sputtebakken – og så var han klar for nye klyser.

Det var etter 1920 at det kom nye helsereglar, som vart hengde opp i glas og råme på veggen. Vi har teke vare på dei. Der var sputting forbode. Der stod forresten mykje som vi tykkjer er rart – ”Det er forbode å bruka vassbytte med drikkeause”. Det var ikkje godt for skråtyggande mannfolk å la vere å sputte, så når det var møte der menn var samla, laut sputtebakken fram frå gøymestaden. Dei var av jarn, og såg ut som matskåla til kattar no. Dei kunne vere av finare slag òg, krusety med roser på.

Attende til 1904. Då vart det bestemt at avgangseksamen og innskriving av konfirmantar skulle vere om våren, og haldast i kvar krins. Det var framlegg om å reise til Askvoll, men fann vegen for lang og vanskeleg.

I mi skuletid var det både skulestart og eksamen om våren, ca.1.april. Og dei som ikkje hadde alderen innan den dato, måtte vente til neste år. Vi fekk litt forsmak på skulen før sommarferien, så vi visste kva vi gjekk til når hausten kom og nytt år tok til. Eksamen var høgtideleg. I skriftlege fag var det rekning og norsk stil.  Eit par av medlemane i krinstilsynet måtte vere tilstades. Dei hadde plikt å møte, og det var inga betaling for slike tenester. Vi hadde òg munnleg eksamen, og då kom gjerne ein eller annan frå skulestyret, og lærar frå ein annan krins. Eg hugsar Abraham Loftheim og Sofie Indrebø var der. Heile klassen (storskulen)  var samla då , og vi fekk spørsmål som vi skulle svare på. Det var kristendom, soge, geografi og naturfag, ja, rekning òg, etter det eg minnast. Då var det om å gjere å rekke opp handa når ein visste svaret.

Alt i 1909 hadde det vore røysting om kva målføre som skulle brukast i skulen. Og den gongen vart det 24 mot 1 røyst vedteke at ”Landsmålet skulle legges til grunn for undervisningen”. Det var etter dette at Henrik i Landøyna sa: ”Det er tre ting eg ikkje lika. Da e landsmål og landsøl og landsmjøl”. (Landsmjøl var ein svært grov sort).

Året før er det nemnt at det var ungdomslag i bygda, for dei søkte om å få bruke skulehuset til medlemsmøte. Det fekk dei. Etter det eg har fått vite, var det ei lærarinne , Maria Lilleng, som fekk skipe det. Ho kom som ny lærar frå Tynset, til krinsane Værlandet, Folkestad og Høvig, i 1906. Ho vart gift med Alf Melvær og vart gardbrukarkone og husmor der. I referat i krinsboka om tilsetjinga hennar er ikkje Bulandet nemnt. (Var Bulandet og Værlandet rekna for ein krins?)

 

 

 

 

 

 

 

 

I 1896 er nemnt lærartilsetjing i Herland og Værø Kreds. Det var fleire lærarar som tenestegjorde her ute. Men den som var her lengste tida, var Ole Rogne. Han kom frå Voss som pur ungdom. Det måtte vere litt av ein overgang for desse to som kom frå innlandsbygder og ut her på dei nakne øyar og skjær. Men han gifte seg og busette seg i Bulandet, der han i dag har mange etterkomarar. Han arbeidde i skulen her ute til 1922. Han hadde mange oppgåver å utføre ved sida av arbeidet i skulen, slik det var vanleg at læraren måtte i den tid. Gjertrud Halsøy fekk skulepost her etter han slutta, og var her til ho reiste til England i 1941. Ho kom att og var her eitt år etter freden (45-46). Då vart underskrivne tilsett som lærar her, og var attende i same skulestova som eg byrja i som 7-åring. Eg har såleis fått vore med å sjå og oppleve utviklinga både i skulen og i bygda elles.

Skulehuset vart brukt til alle samkomer, anna samlingshus fanst ikkje. Der var basarar, møte, jule- og 17.mai-festar. Av og til kom presten og heldt kyrkjelege møte. Folk var flinke til å møte opp på alle samkomer. Mest folk var det då Frelsesarmeen kom - dei hadde alltid fin song og musikk. Det var ikkje TV og radio som heldt folk heime i den tida, og ikkje  så mykje å vere med på, så forandring i kvardagen vart motteke med glede. Korleis alle fekk plass i det vesle huset, er ei gåte. Dei første 10-åra etter huset var bygd var det ikkje gjort noko for å gjere det triveleg ute. Det var mykje stein og humpar , og eit dike (vasspytt) nedanfor huset som alle ungane lika å bykse i når dei leika ”tikken”. Det viste på golvet når alle kom inn med skitne tresko.

Det var først i 1925 at det vart bestemt at det skulle støypast trapp, og ein veg rundt huset. Det vart ei heil forandring - det såg mykje reinare og finare ut, og det vart mindre mold inne på golvet. På den tid fekk vi òg eit fint apparat på veggen som heitte Drikkespruten. Den skulle erstatte vassbytta og vassausa. Så no var det å skrue på ein kran når ein var tørst. Det vart fylt ei bytte vatn i ein firkanta boks på veggen - derfrå var det røyr og kran, med avfallsvatnet ned i ei bytte under. Vaskefat var plassert på ein krakk attmed. Alt dette tykte vi var fine greier. Vatnet måtte berast lang veg, men det var slik alle var vane med. Det hende vi fekk ta vatn i naboen sin brønn, dersom dei hadde rikeleg. Det var mykje kortare veg- reine luksusen. Det ser ut som at reinhald og brensel til skulen var krinsen si plikt å halde. Kva årstal det vart bestemt å ordne med pedell (reinhaldar) i skulehuset er det ikkje sagt noko om i krinsboka. Men i 1932 står det at Maria H. Værø hadde fått 75 kroner året for arbeidet. Golva vart måla i 1918, før den tid var dei trekvite. Det kunne ikkje vere nokon lett jobb å skure golva etter all treskoskiten. Det kom helsereglar i glas og råme som skulle henge på veggen. Det er interessant lesnad.

Handarbeid for gutar og jenter (sløyd og tekstil)var tidleg innført i skulane i kommunen. Alt i 1915 er det nemnt reglar for henting og bringing av sløydmateriell og verktøy. Det måtte fraktast frå krins til krins. Den som utførde dette arbeidet skulle ha 8 kroner for det. I den første tida var det berre gutar som fekk praktisk opplæring. Jentene skulle lære å sy og strikke heime. Men det vart tilsett lærarinne i handarbeid for jenter òg. I 20-åra var det iallfall kome i gang i vår bygd. Handarbeidslærarinna og sløydlæraren reiste rundt i krinsane. Hos oss var det 14-dagars kurs, og det var storskulen som fekk denne opplæringa. Vi gledde oss alltid til dei 14 dagane. Det var kjekt å komme heim og vise fram det vi hadde laga av ting. Det måtte vere ein slitande jobb for dei som skulle reise rundt i krinsane. Symaskin og anna verktøy laut fraktast med, frå stad til stad. Det var berre eit rom i skulen, så jentene vart skaffa rom i privat hus dei 14 dagane.

I 1925 vart det bestemt at ”Børnene skal gå på skole i 3 dage, hver klasse pr. uke, fra begynnelsen av mars – den øvrige skoletid annenhver dag”. Alt i 1916 vart skuletida utvida og bestemt til 12 veker småskule og 18 veker storskule i året. Seinare har skuletida vore utvida fleire gonger. I mi skuletid hadde vi ein skuletur. Det var til Bulandet, og vi var på Halsøy, der lærarinna var frå, og til fyret på Sandøy. Det tykte vi var ei stor oppleving. Heile skulen var med.

Etter 7 år i skulen var det konfirmasjonsførebuing. Då reiste vi til Askvoll ein gong i veka heile sommaren, til september. Foreldra måtte syte for båtskyss frå Bulandet – Værlandet kvar sin gong. Dei som ikkje hadde motorbåt, måtte leige. Av og til var det opne gavlbåtar. Vi var heimanfrå heile dagen. Midt på dagen hadde vi fri eit par timar, for då hadde presten middagsøkt. Vi nytta tida til å spasere på Askvoll då vi hadde et nista vår, og kjøpe oss litt godt. Vi heldt til i kyrkja med undervisninga, og konfirmantane frå heile kommunen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Atle Kalvøy, Kristoffer Smelvær, Jarl Alden, Arne Blom, Jorunn Landsem, Greta Landøy, Turid Alden, Hildur Landøy, Hild Landsem, Gerd Leite, Harry Landøy, Magne Landøy, Hildur Kalvøy, Gudrun Værøy, Ingvar Landøy, Tormod Leite, Steinar Landøy, Morits Værøy, Johannes Kalvøy, Hildeborg Kalvøy, Solveig Nybø, Harald Leite, Asbjørn Alden, Anfinn Landøy, Aud Værøy, Ella Brosvik, Turid Leite, Marit Alden,  Solbjørg Værøy, Rigmor Landøy, Jorunn Landøy. Nils Værøy høyrer også til i denne gruppa, men er ikkje med på biletet.

 

 

 

 

var samla. Det kunne vere 60-70 i alt, enkelte år. Det var ei spanande tid, vi vart kjende med mange unge, og hadde mykje moro. Gløymd var sjøverk og redsla for sjøen  - ei stund.

Konfirmasjonshelga måtte vi frå øyane reise til Askvoll laurdagskvelden og overnatte. Det var spanande. I foreldra mine si tid var det overhøyring av konfirmantane før den store dagen, og dersom ikkje nokon oppfylte krava, vart dei sende heim og laut prøve att til neste år. Ikkje alle hadde lett for å lære utanåt – dei var det synd i – dei laut ofte gå både eitt og to år til. Det vart heldigvis slutt på det etterkvart. Men vi måtte stille opp på kyrkjegolvet konfirmasjonsdagen og verte eksaminerte i kristendom og salmevers. Spørsmåla visste vi ikkje på førehand, så vi måtte kunne leksa. No var vi 14 år, konfirmerte og rekna for vaksne – og no laut vi ut or heimen og skaffe oss eit arbeid og prøve å greie oss med det vi trong til klede og livsopphald, og kanskje hjelpe familien økonomisk. Her ute var det fiske for gutane og huspost og førefallande arbeid for jentene. Det var ikkje spørsmål om vi likte det eller ikkje. Det var spørsmål om å overleve.

 

Då krigen kom til Noreg i 1940 sette det sitt preg på skulen og. Det vart ei opprivande tid både for heim og skule. Det vart mykje skifte av lærarar, og på mange måtar ei utrygg tid. Arrestasjonar og det at så mange ungdomar flykta over Nordsjøen gjorde tilveret utrygt for alle. Men folk hadde ei utruleg evne til å greie kvardagen, og til å overleve. Oppfinnarevna blomstra både når det var spørsmål om å skaffe mat og å utnytte sjansane så ein kunne styre unna verste vanskane.

 

 

Text Box: Skuleåret 1941-42. Asta Håstein, Arne Kjæmpenes, Sonja Leite, Bjarne Landøy, Gudrun Myrvåg, Willy Leite, Judith Landøy, Arnold Landøy, Laila Leite, Toralf Værøyvik, Ester Værøy , Liv Leite , Anna Værøy, Dagfrid Leite.
 
 
 
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I 1945 var det å starte på nytt, bygge opp alt det som var forfalle og arbeide vidare med det nye som kom til. Mykje hadde forandra seg på dei 5 åra, både på det materielle og det åndelege området. Då eg i 1946, etter siste året på lærarskulen skulle starte som lærar i mi gamle skulestove, var det ikkje nokon lett jobb eg gjekk til. Det var ikkje mykje å hjelpe seg med, og med ein skule utan fast styring nokre år var det litt å ”ta fingrane i”. Det kom til nytte at eg hadde fått min ”elddåp” på den norske skulen i Skottland, der vi bokstaveleg tala måtte starte med to tomme hender og få det til å fungere. Så eg kvapp ikkje om det var lite å hjelpe seg med. Men den gamle svarte veggtavla hang der, like eins var dei same plansjane, karta, litt fysikkmateriell og den vesle boksamlinga som vi fekk i 30-åra, og ikkje å forgløyme stensilapparatet med sverte. Det siste er noko for seg sjølv – det må sjåast for å skjønast. Men eg bruka det flittig – var svart på hendene etter kvar bruk, men kopiar vart det, om det enn tok si tid å få det til. Og i kammerset stod den gamle vedkomfyren enno. Drikkespruten var like sprek, berre han fekk vatn – som framleis måtte berast, og den store, runde, svarte omnen ved døra varma godt når vi hadde noko å fyre med. Ja, det kneip det med av og til. Veden kom ikkje alltid i rett tid, og ein gong måtte eg ta torvkipa på ryggen og gå heim og låne torv hos far min. No til dags  hadde nok skulen vorte stengd av slik grunn. Men det hadde nett vore krig! Vi fann oss i slike problem.

Det var tungvint å få løna betalt. Løna var forresten 60 kroner pr. veke for storskule og 50 kroner for småskule, + 2700 kroner i året, i noko dei kalla reguleringstillegg. Løn fekk vi når vi hadde halde skule nokre veker, og sende rekning for det. Om sommaren var det inga utbetaling.

Frå 1937 – 1948 er det ikkje skreve noko i krinsboka, av ein eller anna grunn. Boka hadde kanskje vore bortgøymd i krigsåra?

Barnetalet i krinsen hadde auka så mykje at ein måtte dele i tre klassar. Ei tid hadde borna i Alden samla skule der inne, der læraren reiste mellom samla skule på Aralden og. Det var samla skule på fleire øyar i Askvoll i dei åra. Då det vart for lite elevar til skule i Alden, måtte dei skyssast til skulen på Værlandet. Det var trongt om plassen i skulestova. Og med tre klassar måtte vi leige rom til småskulen hos private, slik det vart gjort i omgangsskulen. Nokre år heldt dei til i ”Stangenstova”, ei tid leigde ein rom hos Egil Værøy, og eitt år var dei i småsalen i bedehuskapellet, som nett var bygd.

Det var vanskelege tilhøve både for elevar og lærarar. Utdanna lærarar var umogeleg å få til slike stillingar, problema var merkbare og kravet om nytt skulehus melde seg for fullt.

 

 

 

 

 

 

 

Harald Landøy,Bodvar Værøy,

Fredrik Vesterås, Svein Værøy,

Terje Nybø, Reidun Hittun,

Else Værøy, Mathilde Kalvøy, Eli Værøy, Gunn Leite, Elsa Neverdal, Åse Værøy.

 

Det vart bygd fleire nye skulehus i kommunen i desse åra, for dei fleste stader var det gamle, små skulehus frå århundreskiftet, slik som hos oss. I 1952 hadde vi fått elektrisk straum, det var eit stort framsteg, men huset vårt var like lite og trongt for det.

Tomt til hus og leikeplass vart kjøpt hos Bernt H.  Værøy, og i 1961 stod det nye skulehuset ferdig. Det var ein stor dag då lærarar og elevar pakka sakene og gjekk til den nye skulen. Det var ei ny verd. Du verden – kor mykje plass vi hadde fått, tykte vi. Vi gjekk frå rom til rom, store i augo. Panel på veggane og belegg på alle golv – kjellar og to etasjar, varmt og kaldt vatn, dusj og gymsal. Det var heilt storarta, etter det vi var vane med. Om det var ein god del som vanta med innbu og utstyr enno, så kjende vi oss rike. Og vigslingsdagen, jonsokdag året etter var alle flagg i bygda oppe. I vakkert ver kom mange tilreisande til festen i gymsalen. Det var folk frå fylkesstyresmakter, skuledirektør, kommunalt tilsette, soknepresten, byggenemnd, bygningsfolk, bygdefolk og ikkje å forgløyme – skuleborna. Dei hadde øvd korsong, og elles var det talar og helsingar, og ei bestemor, Severina Landøy, hadde skrive ein vakker prolog. Mat vart servert i bedehuskjellaren, så folk slapp reise svoltne frå bygda. Mange av bygdefolket fylgde på kaia då dei tilreisande for heim, og ”Millom bakkar og berg utmed havet” ljoma frå båten og på land då båten la frå .Vi kjende på oss at no byrja det ei ny tid for skulen vår.