Skulen på Værlandet     v/ Tomas Leite fødd 28/5 –1907

 

Den fyrste læraren med utdanning som kom til Værlandet skule var Ole Rogne frå Voss som tok til som lærar her i 1870. Han hadde ca. 1 års utdanning på ”Seminaret” og var då i 17års-alderen.

Før Rogne kom her til hadde her vore nokre lærarar utan utdanning som hadde hatt nokre veker skule for året. Ein av desse heitte Barsnes. Ettermælet hans var vel helst det at han var så flink med avstraffing i skulen, mellom anna å gje skuleborna ”dengsle”.

Skulen gjekk på omgang rundt om i heimane (omgangskule) og det var visstnok berre hos dei som hadde dei største husa at skulen heldt til. Og det vanlege i skulen var at både husmora og borna i heimen stelte med sitt ,og husfaren dreiv og stundom med sitt yrke i stova, til dømes arbeid med fiskeredskap ,binding av garn eller not. Ja, det  hende visstnok og at husmora sette seg til rokken å spinne i skule-tida..  Så det var ikkje så lett å undervise for læraren under slike forhold.

Det fyrste skulehuset her vart bygt i1898.Skulen var då 7årig og delt i to klassar: småskulen 3 år og storskulen 4 år. I småskulen hadde vi berre lærarinne som lærarar og i storskulen var Ole Rogne lærar her og i Bulandet i over 50 år (Frå 1870-til 1921).

Både småskulen og storskulen veksla med 14 dagar i Bulandet og 14 dagar her.

Dei vanlege faga i skulen var: Kristendomskunnskap som nr. 1.Bibelsoge og Luthers vesle katekisme og Pontoppidans forklaring .

Som nr.2 kom rekning, og i rekning hadde vi 3 reknebøker; fyrste, andre og tredje hefte. Andre fag vi hadde, var soge, geografi og naturfag.