Intervju med Anton Landøy (f.9/11-1918)
Merete Ytrøy, Therese Kalvøy, Joar Leite, Arve Vesterås og André Landøy.
Korleis var det å gå på skulen i di tid?
Svar: Voldsomt tungvint. Vi måtte møte presis klokka 9 på skulen. Den låg midt på Værlandet. Ein kan endå sjå noko av murane etter det gamle skulehuset som var i bruk fram til 1961. (Den låg i det som no er hagen til Hjørdis og Arne Blom, red. anm.).
Vi måtte starte tidleg, seinast klokka 0730 då vi var små og korte i steget. Dessutan gjekk vi i tresko, og utan veg vart det over haugar og nedi dalar, så dermed vart vegen endå lenger.
Hadde du mykje lekser?
Svar: Vi hadde stadig heimelekser, men sidan vi gjekk annankvar dag så hadde vi god tid til lekser.
Korleis var forholdet til dei andre elevane?
Svar: Stort sett var vel forholdet godt, men det var stadig nokon som var sterkare enn andre ,nokon var penare enn andre, dei vart vel noko meir beundra, men heile tida var det om å gjere å kunne best mogeleg.
Korleis var forholdet mellom elevane og læraren?
Svar: Vi hadde respekt for læraren.
Kor lenge gjekk du på skulen ?
Skuleåret : Eg trur vi starta tidleg i august og heldt på til langt fram i juni. Dette finst vel i gamle protokollar .
Antal år: Vi gjekk på skule i 7 år. Vi vart konfirmerte i 1933.
Antal timar: Skuledagen var frå klokka 9 til klokka 4 om ettermiddagen, sumar som vinter, kvar klasse 3 dagar i veka.
Vi hadde1 time middagsfriminutt, frå klokka 12-13.
Frå
andre kjelder har vi høyrt at læraren gjekk heim og åt middag og deretter tok
seg ein middagslur .

![]()