Intervju med Klara Nybø (Fødd 24/3- 1920)
Vinteren 1987. Utført av 7. – 9. klasse v. Værlandet skule.
Vi gjekk på skule annankvar dag .Vi hadde mykje lekse, men det gjorde vi som regel unna med det same vi kom heim frå skulen. For vi måtte arbeide til liks med dei vaksne ,for dei venta det av oss at vi tok del i arbeidet. På ein måte var det svært at dei stilte forventningar til oss ,men somme tider kunne det vere vel mykje.
Vidare seier ho om heimelekse at :”Men leksa, den var viktig. Vi fekk ikkje gå på skulen før dei hadde spurt oss i leksa. I dei dage måtte vi lære leksa utanåt. Fyrst gjorde vi alle reknestykka. Så hadde vi ”uttatelekse”; bibelsoge, geografi, historie og slike ting som vi hadde då. ”Uttateleksa” måtte vi fortelje til foreldra våre, eller ein av foreldra skulle høyre om vi kunne leksa. Dersom vi ikkje kunne det ,vel, så var det å sette seg til å lese det om att.
Somme tider grein vi og var trøytte og leie.
Heldigvis var det ikkje berre plikter, strev og krav. Vi hadde valdsamt mykje moro ilag vi borna, hugsar eg.