Rundt 1930

 

Det var 7 årig folkeskule og dei starta når dei var 7 år.

Skuledagen var frå klokka 9 til klokka 4 om ettermiddagen.

 Morgonen starta med salmevers og Fader Vår, og når skuledagen  var slutt song

dei også ein  salme.

Før dei gjekk inn stilte elevane opp på to rekkjer, jentene og gutane kvar for seg.

 

Faga dei hadde  var kristendom (kvar dag), rekning, norsk, geografi, naturfag, soge, teikning og song .

Dei hadde mykje lekser både i lesing, skriving og rekning. Dessutan var det pugging av salmevers. Og kunne dei ikkje leksa så måtte dei sitje att etter skuletid for å gjere den.

 

Dei hadde plikter og. Ordensmann som vaska av tavla og delte ut bøker var dei kvar sin dag. Elevane hadde oppgåve å bere inn vatn, for det var ikkje innlagt. Elektrisk straum var det heller ikkje (kom i 1952),så elevane bar inn ved til ved-omnen som stod i skulestova.

På fritida måtte dei saman med foreldra frakte veden frå hamna og til skulehuset, sage og kløyve den, og stable den fint i lader. Kvar si veke var elevane med foreldra sine og vaska på skulen.

 

Respekten for læraren var stor , og som ein av dei seier: ”Vi var opplærde til å ha respekt for vaksne folk.”

 

Skulen var ikkje så vel utstyrt då som no. Dei hadde kart, globus, plansjar, litt fysikkutstyr  og eit orgel.

 

Skulebøkene kjøpte foreldra, og bøkene gjekk i arv til yngre sysken.

 

Dei fortel at alle elevane var med og leika i friminutta. Dei slo ball, stod berg, spretta jeppe og pakka veggspel .Matfriminuttet varte ein time. Dei elevane som budde nær skulen sprang heim att og åt, men dei som budde lenger vekke hadde nistemat med seg. Ein av dei fortel: ”For oss som budde nær skulen var det om å gjere å  ete fort. Slik kunne vi  komme oss tilbake til skulen før læraren kom tilbake så vi fekk leike og gjere litt fant.”

 

Skulevegen var lang for dei som budde i Myrvågen,  Landøyna og Kalvøyna. Dei måtte gå heimanfrå i 8- tida for å rekke fram til klokka 9. I regnver og når myrane var våte hadde dei med seg sokkebyte. Dei frå Myrvågen hadde ein stad dei kalla Sokkeplassen. Det var uthuset til Maria med Vatnet som budde i søre enden av Gåsevatnet. Her  gjekk dei inn og tok av seg dei våte ullsokkane og hengde dei til tørk. Så tok dei  på seg tørre sokkar som dei hadde med.  Herifrå var det berre nokre hundre meter til skulehuset (Gamle skulehuset)