Den gamle Myrvågvegen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

”Det var langt å gå, men vi kom aldri for seint!”

Borna i 3.- 5. klasse ved Værlandet skule, ville gjerne gå den gamle skulevegen frå Myrvåg til ”Gamleskulen”. På biletet ser vi borna saman med Sigmund Myrvåg. Han er ein av dei som gjekk denne vegen i sju skuleår.

 

”Det var langt å gå, men vi kom aldri for seint på skulen!” fortel Sigmund, 77 år gammal, på spørsmål frå VG (Værlandets Gang, skuleavis red. anm.) om den gamle skulevegen. Han fortel at han byrja å gå klokka åtte om morgonen for å rekke fram til klokka ni, då skulen byrja. Været var ofte dårleg, snøfokk og styggevær, men dette sette ingen stoppar for turen. I regnveret brukte vi regnfrakk, men elles var det ullklede vi brukte. Sigmund fortel at dei første vintrane, då han gjekk i småskulen, måtte eldste broren leie han. Sigmund legg til: ”Han  drog meg like mykje som han leidde meg gjennom dei store snøfonnene. ” Vinterstid var det mørkt då vi skulle gå , og då brukte vi fjøslykt (parafinlampe inne i ei firkanta lykt med handtak) for å finne vegen. Vi brukte ein time på turen. ”Var du ikkje trøytt mange gonger?” spør vi Sigmund. ”Nei, vi var unge og sterke den gongen.”

 

Korskletten ligg vestafor Høgkletten, og du ser den godt frå ”Råkjinje”.

 

 

 

 

 

 

                                                                                                            

 

 

 Korskletten

 

 

Midt mellom Myrvåg og ”Gamleskulen” ligg der ein stein som ser ut som eit strykejern. Då vi kom dit, visste vi at vi var komne halvvegs.

 

 

 

  


 

 

 

 

 

Ved Sløkjene tok vi oss ein pause. Vi beundra den flotte naturen, og mange av oss visste ikkje at vi hadde slikt sumpområde på Værlandet. For å komme over her, måtte dei gå over ein planke. Planken som låg der på Sigmund si tid er borte, men Arvid og Sverre Vesterås la ned ein ny, slik at no går det an å gå den gamle skulevegen att.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sigmund fortalde oss at ved Gåsevatnet, i Maria ”med Vatnet” sitt uthus, skifta dei sokkar. Etter turen gjennom myrane var dei ofte våte på føtene, og hengde dei våte sokkane til tørk i uthuset medan dei var på skulen. Difor kalla dei denne plassen for Sokkeplassen. Vi spurde kva for skor dei hadde og på dette svara han at dei brukte tresko eller ”Per og Kari sko”. ”Per og Kari sko” er beksaumstøvlar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her er vi samla på trappa ved den gamle skulen. Trappa og grunnmuren er det einaste som står att av det gamle skulehuset. Vi målte grunnmuren, og den var 9 meter x 6 meter. Vi var trøytte etter den lange skulevegen, og tenkte med beundring på dei som gjekk den kvar dag i all slags vær fram og attende. Og som ein av elevane sa: ”Eg hadde ikkje orka å gå heimatte og!”

 

 

 

 

 

Dei som var med: Bjørk Kirkeli, Ruth Bakke, Ingebjørg Vesterås, Sigmund Myrvåg, Morten B. Gjøstein,  Johnny Værøy, Kari Bakke, Ingvill Landøy, Marianne Kalvøy, Andreas Landøy, Steinar Værøy, Christer Landøy, Lars -  Ole Kjæmpenes og Hans Olav H. Landøy.

 

 

  1. Nordre vegen – Kalvøyvegen til Massistova (frå 1 til 9)

 

  1. Søre vegen - Landøyvegen over Stråka med båt. (frå 2 til 7 )

 

  1. Heile vegen – Landøyvegen utan båt (”Sør om” ”Gjekk rundt”)( frå 3 til 7)

 

  1. Myrvågvegen  ( frå 4 til 7)

 

  1. Strykejarnet

 

  1. Sokkeplassen

 

  1. Gamleskulen

 

  1. Nyeskulen

 

  1. Massistova