Minne frå skuletida, 1942-1949, v/ Rolv Landøy.
Stangenstaua. Her budde ho Maria på Håganje.
Første året mitt på skulen, 1942, budde eg hjå tante Maria på Hågane, (Værøy) så gjekk eg 3 veker i eit strekk, og så hadde eg fri 3 veker. Det vanlege var at ein gjekk annakvar dag, og då var det "storskulen" ein dag, og "småskulen" ein dag. Men sidan eg var så liten for alderen, ville ikkje mor sleppe meg gjennom myrane åleine. Vegen frå Landøy til Værlandet vart ikkje bygd før etter krigen, så vi gjekk gjennom utmarka fram til då.
Tante Maria og Ivar hadde ei dotter, Signa. Ho var gift med Bendik Bråstad, og dei hadde to søner, Erling som var 2-3 år eldre enn meg, og Kåre, som var eit år eldre enn meg. Så hadde dei ei dotter, Ingrid. Ho var fleire år yngre enn meg.
Erling, Kåre og eg pleidde å gå heim til dei til middag, for mat-friminuttet var bra langt. Erling og Kåre vart fort ferdige med maten, og var klar for å springe nord att til skulestova som sto på Johannes Værøy si jord. Eg brukte lenger tid, og dei to sto ved døra og trippa, og masa på meg.
Læraren dette året heitte Arne Ytri. Han var frå Sogn ein plass. Ein godsleg gubbe, ikkje av dei kvikkaste, men han prøvde vel etter evne å gjere jobben. Men han var medlem av det forhatte nazi- partiet NS, Nasjonal Samling. Dette gjorde at dei store ungane mobba han med godt samvit, sidan han eigentleg representerte fienden, Hitler-Tyskland.
Her kjem eit par episodar som eg hugsar godt: Isen låg på Gåsevatnet, og i friminutta, særleg det store, midt på dagen, var mange av ungane ute på isen på skeiser. Då læraren bles i fløyta, var det "ingen" som høyrde det, det var i all fall ingen reaksjon. Han gjekk då opp på haugen ved skulehuset og bles i fløyta, men framleis ingen reaksjon. Faktisk så "gøymde" dei seg bak om holmen midt i Gåsevatnet. Etter ei tid kom likevel ungane på plass att. Læraren spurde kvifor dei ikkje kom då han fløytte? Nei, ingen hadde høyrt fløyta, og dermed var den saka "ute av verda."
Sidan det var så korte friminutt, og lang veg til Gåsevatnet, og det tok lang tid å snøre skeisene på og av, hugsar eg at dei store ungane, altså dei som gjekk i storskulen, gjekk inn att i skulestova med skeisene på.
Så kan eg hugse at jentene i storskulen, spesielt Liv Leite, bad om å få skjønnskrift i staden for rekning, eller i staden for eit anna fag. Skjønnskrift var eit fag som ikkje kravde så stor førebuing, ein skulle berre prøve å skrive fine bokstavar etter mønster i boka. Og læraren gav etter når gjentene bad fint om å få skjønnskrift.
Ein gong stod Liv Leite oppe ved tavla og skulle skrive med krit på tavla. Læraren stod like ved og skulle rettleie. Då kasta Arnold, (bror min) Arne (Kjempenes), og Toralf (Værøyvik) snøball på tavla, så det vart fuktig og vanskeleg å skrive. Læraren og Liv protesterte og freista å få ro i klassen, men det var vel helst fåfengt.
Fleire gonger "forsvann" halve klassen "nord i Hamnen", altså på dampskipskaia då båten kom. Det var ingen represaliar frå læraren si side då dei kom att, men ein liten diskusjon var det nok. Men dei store ungane hadde alltid gode argument for handa.
Det sto ein stor vedomn i skulestova, og det var kjøpt inn bjørkeved til å fyre med. Eg meina at det var dei store ungane som saga ved og bar til rette. Læraren hadde ein spesiell måte å seie skie på.(Vedskier) Han sa : "shie". Og dette var noko som storskuleungane la merke til, og dei sa "shie" så ofte og på ein slik måte at læraren måtte oppfatte det som mobbesak.
Arnold skreiv i ein stil om ein båt som hadde drive på land, (Rappen) og det var eit hol i skutesida. Han las opp stilen frå kateteret, og midt i stilen la han til: "Så tok vi ei shie og sette i holet." Dette kunne gått bra, men så fekk han låtten på seg, og då vart læraren sur, sjølvsagt.
Fleire gonger vart det hengt lange sløyfer eller tråd-remser med papirbitar i buksebaken til Ytri. Merkeleg nok oppdaga han det ikkje før han sette seg på det. Men det var aldri noko særleg oppstuss om dette. Det må ha vore ein tolmodig mann.
Hjå næraste nabo til skulen budde ei kone som heitte Alma. Ho hadde ein talefeil, ho sa "s" med ein "f"-lyd. Ein dag hadde nokre av ungane fått med seg noko ho hadde sagt om ei kjerre, eller kanskje det var ei høyvogn: "Ho e` fo fonde!" Dette vart det mykje moro av på skuleplassen. Ut på dagen fekk ein av gutane ei flenge i buksebaken. Då ville fleire av ungane ha moro av dette, samstundes som dei sa: "Ho e` fo fonde!" Dette enda med sinne og eit lite slagsmål, så læraren, Klara Nybø, måtte bruke tid til å dempe gemytta i første timen etterpå.
Ein morgon hadde ein eller fleire av gutane frå Kalvøyna vore innom ein bærhage på veg til skulen. Dette hadde mannen i huset observert, og han reagerte voldsomt. Medan vi sto utanfor skulestova og venta på at Klara skulle låse opp, kom han setjande rundt nordre nova med ein ljå (stuttorv) høgt heva i handa. Eg sto tett ved søre nova, og eg smatt sørom huset og gøymde meg med det same. Dei andre ungane sprang nok også.
Leikeplassen ved det gamle skulehuset låg på ein haug, med grasmark på alle sider. Når vi slo ball, som var ein vanleg ball-leik, hende det ofte at ballen hamna i graset. På den tida var alle jordeigarar nøgne med at folk ikkje måtte trakke i graset, sidan det var dyrefor. Dersom ein trakka det ned, vart det forringa, og vanskeleg å hauste. Men kva skulle vi ungane gjere når ballen hamna i graset? Eg hugsar dette som eit konfliktfylt leikemiljø.
Nokre år gjekk småskuleungane i Massistaua, eit stort gamalt hus nord på Leita. Det vart rive nokre år seinare, men det sto litt nord for der som Per Hansen sitt hus står no, år 2003. Eg gjekk der eit år, og det var 2. året mitt i skulen. Då hadde vi ei lærarinne (det heitte det den gongen) som heitte Navelsaker. Ho var grei. Seinare vart det andre lærarar, det var som regel skifte ein gong for året, minst. Ein av lærarane heitte Kristen Kvåle. Etter krigen fekk vi først Gjertrud Halsøy, og seinare Klara Nybø. Begge desse hadde lærarskule, i motsetning til mange av dei andre.
I fleire år under og etter krigen var det eigen skule i Alden. Eg hugsar at Modolv var ivrig etter å samanlikne reknekunnskapane sine med våre. Dei var som regel komne mykje lengre enn vi i rekneboka.
Eg må nemne ein episode frå ein dag i krigsåra. Ein lastebåt inne ved Aralden vart angripen av engelske fly, og vi såg røyk frå båten. Eg kan enno hugse at det kom opp nokre striper med røyk, eg trur det må ha vore antiluftskyts.
Sigmund og Arne Blom flytta til Værlandet i 1945 eller -46, til tanta si, Sina Værøy. Sigmund er eit år eldre enn eg, så vi gjekk i skulen ilag. Ein lærar, Kvåle, var etter Sigmund fordi han etter læraren sitt syn ikkje hadde rett betoning under høgtlesing. Eg hugsar at Sigmund las Øverland sitt dikt om Rokta-forliset: "Helter, hvem snakker om helter her? Det er jo folk som vi kjenner?" Sigmund hadde trykk på første stavelsen i helter og kjenner. Læraren ville ha mindre trykk på første stavelsen.
I tredje eller fjerde klasse hadde eg ein mannleg lærar. Så var det ei gamal kone, Maria Værøy, (Maria med vatnet) som hadde med reinhaldet av skulestova å gjere, + at ho fyrte i omnen om morgonen.
Så må eg fortelje at det var tre vegar frå Landøyna til Værlandet. "Heile vegen" gjekk opp gjennom øyna til Landegarden, langs Duvatnet, og vidare langs Gåsevatnet, og fram til skulestova. Den andre vegen var "søre vegen". Då måtte vi ha skyss over Stroka, og så var det inn gjennom Vauleskaret, over Vaulemyrane, og vidare sør om Gåsevatnet, og fram til skulen langs den same løypa som slutten på "heile vegen". Begge desse vegane førte forbi stova til Maria "med vatnet". Nordre vegen gjekk nord om Gåsevatnet, og vart helst brukt dersom ein skulle i Hamnen. (På butikken).
Ein gong må Maria ha vore arg på meg, eller oss ungane frå Landøyna, og gramt seg ovafor læraren, for han gav meg ei skikkeleg skjennepreik om ting som eg skulle ha gjort mot Maria. Men eg var så uskuldig som eit lam der eg sto og tok mot kjeften, medan dei andre ungane stod rundt og høyrde på. Eg vart så paralysert av styrken i skjennepreika, at eg kunne ikkje få fram eit ord.
Dette er eit vondt minne, det gjer vondt enno, i år 2003, når eg skriv dette. Læraren burde ha snakka med meg åleine først, før han kom med dette voldsomme utbrotet i plenum.
Andre året mitt i skulen gjekk eg i Massistova, som nemnt tidlegare. Der var det nokre digre pultar som var tenkt for to ungar. Plata (toppen)var måla svart. Sør for Massistova var det ein liten grasbakke, der leika vi i friminutta. Vi slo ball og/eller spretta jeppe. Av og til kunne nokre av gutane krangle. Då kunne du høyre ukvemsord som ungane må ha høyrt heime.
Den tida eg gjekk på skule i Massistova, fylgde eg som regel Arne og Vermund som vart skyssa over Stroka. Så gjekk eg "nore vegen" til Massistova. Heim att var det på same vis. Vegen gjekk gjennom Fargedalen, der ei elv gjekk delvis under jorda. Saman med Olav Vesterås, Asbjørn Kalvøy m fl hadde eg mykje moro med å kaste trepinnar, grastorver eller liknande ned i elva, og fylgje med når sakene kom opp att lenger nede.
Ofte handla vi på butikken, og hadde varer med heim. Eg hugsar godt dei digre buntane med brød som vi hadde under armen. På denne tida av dagen var vi gjerne svoltne, og vi kunne lett gnage i oss kvar sitt halve brød på heimvegen.
Det hende ofte at dei andre Landøy-ungane alt var komne heim når eg kom fram til Neset, der eg måtte ha skyss over Stroka. Då var det til å rope: "Kom og før!" Så var det berre å vente til dess nokon høyrde det, og hadde tid til å koma. Det å gå "heile vegen" frå Massistova og heim, var ein dryg marsj. Når ein først var komen i Neset, var det berre å satse på skyss. Martin og Halfdan var ofte i elden med føring.
På den tida vi var på skule i Massistova, hadde Andreas Hittun butikk i ei kvit sjøbu i Hamna. Det var kort veg ned på butikken, og eg kjøpte brus der. Men hadde eg pengar til det då? Jau det hadde seg så at onkel Johannes hjelpte mor med slåttearbeidet dei åra far og Sverre sat i fangenskap, og Anton var i handelsflåten. Som takk for hjelpa, eller som ein del av løna (?) sende mor meg sør til Silla med ein liter mjølk i eit spann, kvar dag. Som takk for hjelpa med transporten betalte Silla meg nokre øre kvar dag, og dette var nok til brus på skulen.
Eg fekk nok ein del hol i tennene av dette. Eg var ikkje så flink til å pusse tenner heller forresten.
Nokre av oss gutane var flinke til å kaste stein, og å treffe det vi sikta på. Vi brukte å hive ut på sjøen ei tomflaske eller liknande, og så bar det til med å kaste på blink. Om vinteren var det ein ynda sport å kaste snøball. Eg kan ikkje hugse så grant om det var noko slags forbod mot denne sporten, men vi skulle ikkje kaste på dei som var mindre enn oss. Ein gong kom ein mann gåande på vegen nedafor skulestova. Eg hadde ein snøball i handa då Klara ringde inn, og eg kasta snøballen høgt opp i lukta, i retning vegen, før eg gjekk til oppstilling. Eg såg at snøballen trefte akkurat ned med kragen på mannen, og at han tende på alle pluggane. Eg vart ståande på plass i rekka like til mannen kom strenande forbi husnova. Då la eg til palings, rundt fjøset til ein nabo. Då besinna mannen seg, og gjekk roleg vidare. Klara sa ingen ting då eg kom inn i skulestova, ho skjøna nok teikninga.
Det foregjekk nok mobbing i skulen før i tida og, ikkje berre no. Det var gjerne nokre gutar som var fæle til å erte, som det heitte då. Og det var alltid dei same ungane som vart erta. Kunne vi gjort noko for å få slutt på det? Ja, det trur eg absolutt, men vi var feige, og redde for å verte mobbeoffer sjølve. Då var det enklare å vere på mobbarane sitt parti. Dette er ikkje så kjekt å skrive, men det høyrer med.
Kunne lærarane gjort meir for å hindre mobbing? Ja, det trur eg. Skorta det på opplæring, eller skorta det på andre ting?
Eg hugsa at ein av elevane hadde vanskar med å lesa, det var sikkert det som no heiter dysleksi som var årsaka. Den eleven hadde problem. Det var inga hjelp å få, berre flir frå medelevane.
Dei siste par åra i folkeskulen var svært inspirerande, i og med at kunnskapstrangen vakna. I motsetning til mange av vikarlærarane, hadde Klara Nybø lærarskule, og det var truleg ho som greidde å vekkja interessa for faga, og kanskje at konkurransemomentet var medverkande? Eg hadde gode karakterar i rekning og norsk, og eg hugsar at eg kunne namna på alle beina i kroppen, også visselebeinet.
Vinteren 1947 kom det eit stort snøfall, så Arne, Vermund, og eg gjekk på ski til skulen. Vi gjekk heile vegen, og på fleire strekningar gjekk vi over islagde vatn, deriblant Duvatnet. Ein dag med fint skiføre skulle vi ha utegymnastikk i skibakken i siste time. Vi skulle sør på jorda til Egil, og stå på ski i bakkane der. Men vi tre øyningane tykte at vi hadde rikeleg med skigåing i og med turen gjennom utmarka, så vi spurde oss fri. Men Klara sa nei. Etter eit lite "gruppemøte", der vi samla meir argument, spurde vi ein gong til, og eg trur det var Vermund som førte ordet. Svaret var bastant nei, vi skulle være med på denne felles skitimen.
På veg frå skulen og sør til Egiljorda, slitna Vermund sin skibinding på høgre foten. Då gjekk han bort til Klara og sa: "Ser du syn med å late meg gå med dette her?" Då hadde Klara fått nok av oss øyningane den dagen, så vi fekk beskjed om å komme oss derifrå snarast. Ho sa og at det skulle verte lenge til neste skitime.
I mai eller der omkring kunne det hende at vi fekk ein plantedag. Det var noko som vi sette pris på. Det var gjerne dei største ungane, storskulen, som vart med på dette. Eg hugsar at vi planta til Moritz Værøy, sør om Gåsevatnet, ein gong, og til Per Nybø, på nokre holmar i Sørværet, ein gong. Gutane fekk utlevert hakke, og gjentene planta. Nistepausen var kjekkast. Vi fekk med oss nokre plantar heim, som takk for hjelpa, men så vidt eg hugsar var det ingen som hadde tid til å setje opp gjerde rundt desse plantane, så dei for i smalen.
Arbeidet med vegen frå Værlandet til Landøy og Kalvøy starta opp att rett etter krigen, i 1945 eller 1946. Ei tid brukte arbeidarane ein motorbåt, "Sverre", for å koma fort inn i Hamnen. Arbeidet starta frå Værlandssida. Då fekk vi skuleungane fylgje denne båten, sjølv om det vart lang dag for oss. Når det var kaldt, særleg om morgonen, prøvde vi å halda varmen i motor-rommet.
Det låg ofte is på vatna om vinteren, og vi ungane hadde mykje moro der. Vi hadde snabelskeiser, men få eller ingen hadde råd til skikkeleg skotøy som passa, så det var å stramme så godt ein kunne på avlagte beksaumstøvlar, sjøstøvlar, eller kva som fans for handa.
Dei første "skiene" mine kan eg ikkje hugse så nøye, eg trur det var tunnestavar med ei lærreim som ein kunne sette foten inni. Men så hugsar eg at ei dame som heitte Mathilde Lysen var i teneste, vekselvis hjå Lisa Leite og Anny Landøy. Ho var frå Straumsneset, der det låg ein skifabrikk. Denne eksisterer enno, no i 2004. Det ryktast at skifabrikken av og til kunne selje ski med feil på, til ein rimeleg pris. Då Mathilde reiste heim ein tur, sende eg med henne nok pengar til eit slikt par ski, (var det 12 kr?) og ho hadde med seg skiene då ho kom ut att. Det var ein god dag! Men det var berre desse heimelaga bindingane i lange tider. Eg trur at eg fekk "rottefella" bindingar på den tida eg gjekk for presten.
Alle, eller nesten alle skuletimane starta med song. Då sto vi gjerne ved pulten. Første songen om morgonen var som regel "Sjå dagen sprett", eller "Syng i stille morgonstunder". Til avslutning om kvelden song vi ofte "Fager kveldssol smiler", eller "No soli bakom blåe fjell".
Rolv Landøy