Min gamle ransel

av Rannveig Søreide

 

Det var hausten 1944 at eg skulle ta til på skulen. Det var krig og lite utval i skuleranslar. Korleis mine foreldre fekk tak i skuleransel veit eg ikkje. Men eg fekk ein ransel av papp. Ein svart ransel om lag 40-50 cm. høg og breid, med ei tjukn på om lag 15 cm. I begge endar var det ein treklosse som heldt pappen i form til ein ransel. Lokket gjekk over frå toppen og ned til feste under, der det var festa med to reimar som eg kunne feste lokket med.

Det som var så spesielt med denne ranselen var at den var svart, og av berre tjukk papp. Denne skuleveska hadde eg i alle dei 7 åra eg gjekk på folkeskulen på Værlandet. Kvar haust når eg skulle ta til på eit nytt skuleår, hadde onkel Magnus lakka den skuleveska. Den var lakka med fleire omgangar lakk, og var så blank at eg kunne spegla meg i henne. Eg var stolt av denne skuleranselen. Men at den kunne vare i heile sju skuleår, denne pappveska, det har eg mange gonger tenkt over no i ettertid. Det var noko anna og som var litt spesielt med denne veska. Det låg alltid ei utskriva diktatbok der. Den var i bruk kvar gong eg hadde enten gløymt att stilkladden, eller eg hadde gløymt å skrive stilen,. Då la eg berre opp den utskrevne boka opp, slik at det såg ut som dette var stilkladden, og så førde eg inn stilen direkte or hovudet i innføringsboka. Vi skulle føre inn stien på skulen i ein eller annan time. Denne gamle utskrivne boka var i grunnen mykje brukt.

Det siste året var eg redd for at ranselen skulle gå sund i botnen, men den heldt i alle år.