Tomas Hansen Værøy

 

Dette er historia om Gamle-Tomas, mannen som fekk ei tragisk endelikt, men eit særdeles godt ettermæle. Han er forfaderen til opp mot halvparten av befolkninga på Værlandet og i Bulandet.

 

Tomas Hansen Værøy var fødd på seinsommaren i 1793, som sjette generasjon på garden Værøen. Faren hans, Hans Hansen Melvær, kom bort på sjøen to år etter at Tomas var fødd.

Syster til Tomas, ho Else, var fødd det året. Ho var døypt den 28.september, men vi veit ikkje kva dag dei miste far sin. Hans Hansen Melvær drog ein dag ut på Værøyhavet med liner, saman med to andre (vi veit ikkje kven, men dei var kanskje tenarar), og kom aldri til lands igjen. På spørsmål om kvar han Hans hadde enda sine dagar svara Leitekarane alltid: ”Han Hans ligg i `Stabburet´”. `Stabburet´ var namnet på ein fiskeplass dei kjende til.

 

Då Tomas vart vaksen tok han òg til å drive havet, og då skal faren hans ha vist seg for han. Dette er fortald:

”Han Tomas låg ofte på Ryggsteingrunnen og fiska. Fleire gonger han var der ute dukka det opp framfor dei ein seksæring med tre mann. Han kunne ikkje forstå kven dette kunne vere, for han kjende dei ikkje. Kvar gong han rodde mot dei, vart båten borte.

Tredje dagen dette hende, let han vere å ro mot dei. I staden rodde han så han fekk ta me` på dei i innlandet og i nordlandet. Så rodde han mot dei til båten vart borte, og deretter til han kom i me`et der seksæringen hadde lege. Tomas hadde ein mistanke om at det var faren hans som hadde vist seg, men kva ville han? Då slakka han ned snøret, og fann ein ny, svært god fiskeplass. Var det denne faren hadde funne då han omkom, og så fått for mykje fisk i båten?

Han kalla fiskeplassen for `Stabburet´, og dette er me`et han laga: Nordre Staveneset på Ryggsteinen og inste Hellelia på ytre tua på Steinen. Det er godt augarme` når Staveneset går sør på ein stein.”

 

Om Tomas som person er det sagt, at det var han dei henta når nokon låg på det siste. Han måtte komme til dei, for dei ville ha handa hans å halde i når dei forlet denne verda. Vi finn han nemnt i gamle skriv, der han var tilstades når folk trong omsorg.

Mellom anna var Tomas til hjelp då Gamle-Berent i Alden miste eldste sonen sin i Håsteinen. Dette finn vi om i `Askevold-Slægten og nogle i den indgifte Slægter – Genealogiske Optegnelser af Bernt Askevold´, sitat: ”Jens Berntsen Alden, f.1791, død i Marts 1822 ved at omkomme p. Søen (ved Haastenen); Hans Fader var med, men bjergedes” sitat slutt.

Gamle-Berent i Alden var kjend for si rå styrke og hardskap, men han gjekk først til Tomas då han kom inn att frå Håsteinen. Han ville opp på Leite og få støtte og trøyst frå Tomas, før han reiste inn att i Alden. Vi veit òg at Tomas sat ved dødsleiet til Gamle-Berent sin andre son, han Nikolai Berntsen Alden. Han døydde berre 29 år gamal.

Han Johan i Alden hugsa godt Tomas. Eg hugsar at eg som tolvåring var med faren min på besøk hos Johan dei siste åra han levde. Då far spurde om han hugsa Gamle-Tomas, svara han: ”Han Gamle-Tomas, ja, ja, ja, om eg hugsar han? Jau, det er nok mange som hugsar han. Han var eit heilt eineståande menneske, han var godheita sjølv.”

 

Historia om korleis Gamle-Tomas sjølv møtte døden på havet, er fortald munnleg mange gonger, men ikkje skrive ned før no:

 

`Det er måndag 2.februar 1874, og på Leite livnar det til i Nyehuset. Sjølv om det er tidleg på morgonen er det lyst ute, for det er fullmåne og det har lagt seg eit lett lag med snø i løpet av natta. Vinden som har rasa heilt til dagen før har roa seg, og det er stille vær. Ho Sofie på Leite tenner lampen i kjøkkenet og kveikjer opp i omnen. Ho set på kaffikjelen, og lagar frukost til Leitekarane. Ho har vore gift med Jonas i 20 år. Andreas, sonen deira, er 16 år. Han må òg på føtene i dag. Karane skal på sjøen, og han bestefar Tomas skal òg vere med.

Tomas har passert dei 80 og er ikkje lenger med ut til havs, men i dag skal dei fiske i ”nerehanda”, og då vil han nytte sjansen til å kome seg på sjøen igjen.

Dei snakkar om å prøve etter torsken med snøre. Dei er einige om at dei skal ta ”nordfjordingen” i dag, den er lettare å handtere og snauare enn både seksæringane og slagkeipingen deira.

Det er eit alvorleg mistak. Den vesle båten ligg djupt i sjøen berre eit par mann går om bord. Han Andreas er ikkje ein unge lenger, så dei er tre vaksne karar, og skulle i det minste ha valt den lette seksæringen.

 

Etter frukost kler dei seg godt, for det er kaldt å vere i open båt om vinteren, og det er ikkje mindre kaldt nær landet. Lite anar dei, der dei tre går ut i snøen, at ein av dei berre skal få sette fara sine ned til sjøbua, og ikkje heim att.

Færingen står på berget utanfor bua. Han er lett å få ut, og dei tek om bord snøre og eit par ausekar med salta brisling som dei finn i tønna i bua. Dei ror ut hamna og set kurs mot Nordnessundet.

 

Nordnessundet

 

Uttai landet”

 

Dei kjem ”uttai” landet, og fram med Beiteskia. Her er det så vidt det er farande, for det er kraftig sjø og ”råene” truer med å fylle båten deira. Men dei kjem seg forbi, og fær vidare sør gjennom Mælversundet. Her gjer Jonas klar snørene, medan Andreas og Tomas set ved årene.

 

Indre Melværsund

 

 

Inn og nord for Bjørnøybåane er det dei kallar ein ”hyseål”. I denne står det ofte sild og bakkesyle, og her samlar torsken seg. Her er ein ”innaskjers”, og det går an å få seg gode fangstar, sjølv under dårlege vêrforhold.

 

Vel framme i ålen legg dei bi og let snørene gå. Han Andreas set seg bak i båten, i bakskåten, medan han Jonas set på baktofta. Tomas set på framtofta og andøver. Det er mykje fisk i ålen, og det tek ikkje lange stunda før dei får mykje fisk inn i båten.

Tomas likar ikkje dei tunge ”dragsveinane” under båane ovanfor dei. Dei er såpass kvasse at han til tider må legge båten rett på dei, men samstundes må han ligge på søraustvinden, så dei fleste treffer dei difor på sida. Berre når han ser at dei som kjem er for dryge for dei, vrir han båten med framstamnen i mot. Men det vert tungt for 80-åringen å stadig måtte snu båten slik. Etter kvart vert båten litt lasta og tyngre, og det går seinare og seinare å få snudd han. Men torsken bit, og det haglar fisk i båten.

 

Så skal han Jonas prøve å hive noko fisk i framskåten, og Tomas må flytte seg litt tilsides på tofta for å gje han plass. I det han dreg seg tilsides vrir eine åra seg, går ned i havet og legg seg flat. Akkurat då ser Tomas ei større rå som kjem imot dei, og han må igjen prøve å snu båten. Men han får ikkje åra fort nok opp av sjøen, han får ikkje snu henne på høgkant slik at ho kjem lett.

Alt skjer så fort. Ripa vert halden nede av den flate åra, råa treff dei i sida og heile båten vert fylt. Så går båten rundt. Jonas og Andreas kjem seg opp på kvelvet, men kor er han Tomas? Der ser dei strikkejakka hans, og Jonas prøver å ta etter han, men får ikkje tak. Skinnhua hans flyt opp, og legg seg ved kvelvet. Dei ser ikkje meir til faren og bestefaren, han Tomas er borte.

 

Bjørnøyna med Bjørnøybåane i bakgrunnen

                                     

 

Jonas og Andreas klamrar seg til kvelvet, det er isande kaldt. Dei tek til å rope på hjelp. Nokon må kunne høyre dei, elles er det ute med dei. Duren og bråket av sjøbåra rundt dei gjev dei ikkje stort håp, ropa vert liksom borte i sjøbruset. Og måsen skrik så det er mest umogeleg å overdøyve han. Det er fisken deira som flyt rundt dei, han samlar seg på. Er deira siste time komen?

Folk ute på Bjørnøyna er på veg opp til husa frå sjøbua, dei høyrer måsen skrik sør om landet, og dei ser måse som flyg på strake vengjer over hovudet deira mot søraust. Vare som dei er for sildeteikn denne tida på året, er dei ikkje seine om å komme seg opp i høgda for å sjå kva måsen har føre seg. Det dei får sjå set ein støkk i dei – dei ser ei måsesky og noko som ser ut som ein kvelv, dei skimtar folk òg. Det er nokon det har gått gale for.

Dei skundar seg til sjøen og legg i veg, dei klemmer på og ror mot kvelvet. Dei får dei to karane om bord, og leitar ei stund etter han som er borte, men eit par årer er alt dei ser. Omsider må dei ro tilbake til Bjørnøyna, der Jonas og Andreas får tørre klede og vert teken godt hand om.

 

Seinare på dagen får dei skyss inn att i Værøyhamna. Sofie ventar dei heim att, og ser seksæringen som kjem inn på hamna og legg til ved bua deira. Ho synest ho dreg kjensel på folk i båten, men ho undrar på kvifor dei kjem heim i ein annan båt, og kvifor det er fire mann i båten.

Mads Henrik, tenaren på Leite, står oppe ved løa når dei kjem roande opp hamna. Han skjøner at noko har gått gale og skundar seg ned til sjøen. Snart kjem han opp att og kan fortelje Sofie kva som har hendt.
´

Hittunsbua der han Mads-Henrik budde oppe på lemmen, det øverste glaset. Han enda nok sine dager der, for dei fann bibelen hans under opprydding i 2005. Han skulle vere inne i frå Nausdalstraktene og heitte Hansson.

 

Det var stor sorg i heimen på Leite då Tomas gjekk bort. Han hadde vore enkemann i 12 år etter at ho Helene gjekk bort. Jonas og Sofie hadde fem ungar, Henrikka var den eldste på 18 år, og Tomas var yngst og berre 7 år.

 

Kor mange etterkomarar har han Gamle-Tomas på Leite ute på øyane Værlandet og Bulandet? Eg kan tenkje meg at fram under halve befolkninga på Værlandet og i Bulandet finn røtene sine tilbake til han. Etterkomarane må også vere mange i Solund på Færøy og Steinsøy. Og sønene Knut og Hans, som fòr innom fjorden til Atløy og Folkestad, deira slekt veit vi er stor. Vi veit mindre om slekta hans i Solund, men vi kjenner til at etterkomarar derifrå kom nord att og gifte seg i Bulandet.