Merknad frå heimesideskrivarane:
Dette er avskrift av eit intervju elevar frå 7.-9.  klasse på Bulandet skule
gjorde i januar 1995. Orginalen finnast i Temaparken.
Intervjua som blei gjort omhandla kvardagslivet under 2.verdenskrig.
Her er da Olav Rogne som har vorte intervjua. Intervjuerane er
Gard Kjæmpenes og Kristoffer Rogne.

Intervju med Olav Rogne januar 1995.

Han møter oss i gangen, spør om det er reportarane som kjem, og ler.
Vi får småkaker og brus.

Kor gammal var du da krigen starta?
- 19 år svarar han, utan å nøle.

Korleis var det då tyskerane kom til Bulandet?
Spør vi.
- Vi såg ikkje så mykje til dei. Tyskerane var helst i Sandøya. Vi hjelpte dei der
ute med å flytte alt dei eigde inn i landet.
( Merknad heimesideskrivar: Alle i Sandøyna fekk 3 dagar på seg for å flytte då tyskerane kom. Da kan ein lese
meir om i eit intervju med Oddmund Sandøy.
)

Var det farleg å vere ute og fiske?
- Ja, somme vart skotne på. Ein mann på ein anna båt miste auget i ein skyteepisode.
Alle lyktene måtte vere sløkt. Det var difor vanskeleg å komme til land om kveldane.
Det var mange flyteminer.

Else prøver å skjenke brus i glasa våre, men søler utover duken. Olav seier at
krigshistoriene hans berre er blåbær i høve til dette.

Nekta tyskarane dykk nokon gong å fare på sjøen? Spør vi vidare.
- Nei det gjorde dei ikkje. Vi fiska berre om vinteren (sild).

Var det vanskelegå få tak i mat?
- Vi hadde mykje mjøl. Elles var det kortrasjonar på kaffi og sukker o.s.v. Eg var med og henta mjøl i Vaksdal. Vi var blandt dei siste som kom vel i frå det.

Var båten din med på å smugle våpen eller liknande?
- Det einaste vi var med på, var å smugle med oss 100 kg sukker frå Færøyna.

Korleis var det å levere fisk?
- Forsyningsansvaret tok seg av det.

Var du med på farlege operasjonar?
- Nei.

Var du nokon gong i verkeleg fare?
- Ja, ei mine rak bak med båtsida eingong vi skulle til Måløy. Ho var så nær at vi kunne nå borti ho med pentekroken. Ein annan gong fekk vi ei mine på garna. Vi drog oss så nær vi kunne og skar. Vi mista 5 garn.
Minene var ca. så store seier han, og viser med armane.

Korleis fekk du vite at det var fred?
- Det var no jungeltelegrafen. Opplysningane kom vel fra radioen til Sivert Halsøy.

Var det først ut i fredsdagane de fekk vite kva som hende elles rundt i verda?
- Vi fekk helst tyske nyheiter, og dei var ikkje å rette seg etter. Vi fekk no vite det langt om lenge.

Korleis var det dei første fredsdagane?
- Berre herlighet og glede. Eg var på Gjeldsehaugen og flagga den 8.mai.

Feira dei tyske soldatane freden?
- Ja, det kan du skrive opp. Dei hadde det sværaste fyrverkeri som har vore her. Dei skaut med kanoner og gevær heile natta.

Gard Kjæmpenes
Kristoffer Rogne