Båtane deira:  Sørebåt/ Listerbåt/ Skøytene og Kutterane(Sluppane) og  Gavlane.

Øyfolket var tidleg ute og skaffa seg «Sørebåt» sjølv om vi veit at dei gamle tradisjonelle båtypene som seksering og slagkeiping var i bruk heilt fram i det 19de århundre ja, so langt fram som i 1920- åra vart seksæringen og slagkeipingen nytta i fiske på Værlandet, men då mest til line-og snørefiske So tidleg som i 1881 ser vi at fiskarane frå Værlandet som deltek i torskefisket frå Flåvær, alle står oppførd med «Sørebåt».
Kven som skal ha æra for å ha utvikla den nye båttypa er det vel delte meiningar om. Historia fortel at det var Gjert Gundersen frå Herand i Jondal som var fyrst ute. I Herand hadde dei båtbyggartradisjon heilt tilbake til 1700 talet, difor var det ein mann som visste mykje  om båtbygging som sigla sørover langs kysten i 1814 med frukt og ost til salgs frå Hardanger.
På Lista møtte han den store kjærligheten og vart verande der, og starta med båtbygging.
Før han kom til Lista var det lite båtbygging i dette distriktet, folk kjøpte båtane sine østfrå. 
Gjert Gundersen kombinerte sin kunnskap frå Hardanger med byggjemåten av båtane østfrå og utvikla etter kvart ei ny båttype som kombinerte gode egenskapar frå østland-og vestlandsbåtar, den sokalla «Listerbåten».
Etterkvart vart denne båttypa kopiert nordetter langs heile kysten. Vi kjenner til stader som for eksempel Halsnes, Omestrand, Herand,Svåsand, Håkonsund, Bokn og Kvitsøy.
Folk ifrå heile kysten var på opplæring på Lista og tileigna seg kunnskapane om dei nye båtane og praktiserte sidan som vandrelærarar i båtbyggjarbransjen.
Det sermerkte med denne nye båttypa var bæreevna og dei gode seglegenskapane. Skvettbordet lokalt kalla «Settbordet», langs ripa var og nytt. Ikkje alle var einige i at dette bordet var noko fordel, for korleis skulle det gå med ballaststeinane ved kollsegling.  Men tross alt, ei ny båttype hadde innteke kysten, og den var mange hakk betre enn gamlebåtane.

Ut på 1800-talet var «Listerbåten» så godt kopiert av båtbyggjeria nordetter vestlandskysten, og også  vidare nordover etterkvart, at det var mest det same kor dei kjøpte båtane sine  ifrå, sjøegenskapane var mykje godt det same som på  den ekte «Listerbåten». No var ikkje alle gamlekarane heilt einige i det, for dei meinte at som seglar kunne ingen båt måle seg med ein ekte Listerbåt. Det var serleg i bidevind at dei merkte seg ut. Med ein ekte Listerbåt kunne ein sigle mest rett imot vinden. Vi som ikkje levde  i denne segltida lyt berre tru dei på det dei seier, så slik var det vel.
Listerbåten vart og bygd i fleire størrelser.
Det var fiskarane sjølv som bestemte lengde og breidde, og denne båt-typa vart innkjøpt i flåten heilt fram på 1920 -talet. Bygd flest av i Hardanger. Båtane som vart bygde etter den tid vart gradvis mindre og bygginga avtek. Desse spissstevningane vart etter at det i fyrstninga av 1900 vart sett motor i båtane, kalla for «Motoren». Den vart i tillegg til fiske nytta i persontransport,  til slepefartøy for gavlebåtane når dei håva og leverte sild. På dei gamle sildebileta kan vi sjå  at «motorane» er med når dei håvar sild i gavlane.
«Motoren» var snar og «trive» til når ein skulle eit lite ærend.
 


Seglbåtane  og «Motorane» deira:
«Roald»«Pittermotoren»  kalla i daglegtale, 26 fot lang 10 fot brei og 4 fot djup, bygd som klinker på Halsnes i Dalsfjord 1902. Bereevne 50 mål sild.  Kjøpt 1929 og  innmontert ein  ny 6 hk Vickmann. Eigarar: Kristoffer Ludviksen Vørø, og sonen Johannes, svigerson Petter K. Kalvøy og sonen hans Einar P. Kalvøy.
I 1962 vart motoren utskifta med ein 6-12 Sabb og  det vart eigarskifte. Johannes eigde fortsatt og Bjarne Kalvøy og Olav K. Værøy kom til. Båten vart i byrginga brukt  som brønnbåt til føring av levande fisk, seinare brukt til  teine- ruser - garn og linefiske. Ingen  i Værlandet eller omegn var so godt kjent i Rygsteinhavet og der omkring, som karane på denne båten.

«Fiskaren» (Leitemotoren) 30 fot lang 8 fot brei og  4 fot djup.  Bygd som klinker på Lista i siste helvta av 1800 -talet.  Bereevner 50 mål sild. Båten var rigga for segl. I 1913 vart det sett inn ein  6 Hk. Aktiv Petroleumsmotor.  Eigar: Andreas J. Landøy.
Det var på denne båten Leitekarane førde Leitebua (Saltebu i Kinn) ein gong  utpå 1880 talet til Værlandet. Endåtil  steinen i kjæra på saltebua tok dei med seg over Stavfjorden. I gamle protokollar i Hittunsbua kan vi lese at «Leitmotoren» har vore og bunkra kring 70 liter parafin til petroleumsmotoren.
Mast med stag, bom og gaffel til segl finnast  truleg endå i Leitebua. Båten vart utmeld or fiskebåtregisteret 1933,  limma året før, og brukt til kledning på  naustet deira i Landøyvågen. Namnet og registreringsnr. vart no overført til den nye Landøygavlen som eg skriv om lenger framme.

«Lett» (Kalvøymotoren) 28 fot - 9 fot - 4 fot -.I fylgje registeret bygd på Kvitsøy 1910, muntlege kjelder meiner dette var ein Halsnesbåt. Vel og merke står det eit ? bak Kvitsøy  i registeret, difor får vi tru at dei muntlege kjeldene her har rett. Eigar Olai S. Kalvøy. I 1919 montert ein 4 hk. Alpha. Denne båten finnast bilete av og han kan difor vere med og illustrere korleis desse båtane på denne tida såg ut.  Den skrå motorkassen som enda ute i babord sida var mykje vanleg, seinare kom ruffen bak med styrehus som vi kan sjå på båten  «Duen» (Rappen).
I historia eg har skrive om Kveitefiskarane frå Pollmyra har eg nevnt  eigaren av «Lett». Karane ombord i denne båten var serdeles dyktige fiskarar. I gamle dokument frå fiskemotaket i Værøyhamna kan ein finne dokumentasjon på dette. Kveitefangstane deira utmerkte seg spesielt.  
 


Båten "Lett". Bilete er teke ved Bua til Vesteråsane.  Karane: Olai S. Kalvøy 1875 - 1950 og Sivert K. Værøy (Gamle-Sivert)1845 - 1923.
Foto er utlånt av Werner Vesterås
 
«Sonja» (Myramotoren), 30 fot -  10,4 fot -  4,2 fot - , truleg bygd på Kvitsøy 1929. Motor : Ein 6 hk. Rubb. Eigarar Bernt Henriksen Værøy og Ludvik Hittun.  «Sonja»  har vi på bilete ifrå Værøyhamna 1935 der båten ligg fortøyd ved Berntbua.  Bernt og Ludvik eigde båten saman til hausten 1960 då Ludvik vart eineeigar. I 1966 vart båten seld til Oskar Lilleholdt Bergen.

«Hittun I» (Hittunmotoren) 29 fot - 9 fot -  5 fot -, bygd kravell på Værlandet 1934 av Bendik Bråstad.  Motor: 7.5 hk Heimdal. Eigarar Bernt Hittun og sønene Johan og Andreas. I 1954 vart båten seld til Bendik Bråstad Leirvik  i Sogn.

«Viggo» 23 fot - 7 fot -  3 fot -, bygd i Landøy 1923.  (Halfdan Landøy) Motor: 3 hk Viktor petroliumsmotor. Vinteren 1942  vart båten opphogd.

«Sjømann» (Brosvikmotoren) Det var Bendik Bråstad som var fyrst ute med bygging av «større» båtar i Værlandet. Han bygde i 1930 ein dekka «søring», «Sjømann», på vel 32  fot, til Sverre Brosvik. Denne vart i 1938 ombygd og forlengd til ei skøyte på 38 fot som eg skriv om lenger framme under skøyter.

«Sjøfuglen»  Hakk i hel med Bendik var Jens Værøy med skøyta «Sjøfuglen» kalla Jensskøyta i daglegtale. Ho var 30 fot lang 10 fot brei og djupne på 4 fot. Bereevne 50 mål sild. Skøyta vart innmeldt til fiskebåtregisteret hausten 1932 og fekk same året innsett ein ny 7 hk Vickmann (Rubb). På bilete frå Værøyhamna kan vi sjå skøyta ligg ved Jensbua.

På dette bilete ser vi Jens-skøyta "Sjøfuglen". Nede på bilete til høgre ligg ho ved Jensbua. Bilete fått av Rune Thistel

«Prosent» (Jensmotoren) Jens Værøy bygde båt så tidleg som i 1917, han var  18 fot lang 4 fot brei 2 fot djup. Bereevne 12 mål sild. Motor: 4 hk Meteor bensinmotor frå 1918.Eigar : Jens Værøy.

«Svalen»  Bror til Jens, Halvdan Landøy bygde to-tre år seinare ein dekka «søring»  32 fot lang 10 fot brei og 4 fot djup.Bereevne 80 hl sild. Det vart sett inn ein ny 7,5 hk Union. «Søringen» vart i 1941 ombygd til skøyte og vart innmeldt i fiskebåtregistert heilt i slutten på 1941,og fekk namnet «Svalen» I 1959 vart vert skøyta «oppdatert» med nytt styrehus og to år seinare også ny motor, ein 24 hk Marnadiesel. Tidleg på året 1969 vart skøyta seld til Elmar og Alfred Nordheim i Bulandet.

Båtbyggjartradisjonen i Landøy var gamal, vi veit at Lars i Landøyna som budde på same jorda som Halvdan, hadde bygd fleire feringar. Ein av båtane han bygde er framleis i god stand og finnast i Gjervik på Altøy der oldebarnet til Lars har teke hand om han. Lars døydde i 1912.

Her er ein av dei feringane Lars i Landøyna byg. Det er truleg at båten som Kristoffer Ludviksen Værøy (Kristoffer i Hola) hadde, var ein Landøybåt. Han såg også akkurat slik ut.


«Farmann» (Landøymotoren) 30 fot – 10 fot – 4 fot -. Bygd i Hardanger 1924. Eigarar  fyrst Teodor og Trygve Hågøy, seinare Magnus og Trygve Hågøy. Motor 6-9 Heimdal petroleumsmotor  frå 1924. Vinteren 1947 seld til Johannes Landøy. Etter 9 år i Landøyna vart han seld til Ivar Jordal Leirvik. Båten hadde brønn for levande fisk, ikkje styrehus, men ein skrå kasse over motoren som gjekk heilt ut til babord esing, med open gang langs styrbord side.

«Sverre» (Kalvøymotoren) 26 fot lang 9 fot brei 3 fot djup. Bygd i Melvær 1886. Eigar i fylgje fiskebåtreg 1922 var Knut J. Kalvøy m. fleire. I 1947 vart båten ved hjelp av Bendik Bråstad ombygd , forhøya med eit bord og forlengd til  28 fot og 9.5 fot brei.  I 1922  same året som han vart innmeld i det nye fiskebåtregisteret anno 1920, vart det montert ein 6 hk Rapp. Seinare vart denne erstatta med ein 10 hk Rapp. Båten vart seld til Einar P.  Kalvøy. 1953, etter sigende vart motoren no skifta til ein 6 hk.. Rubb. Dette skulle vere motoren som hadde vore i båten  «Ask» frå Altløy,eigar Kistrup Vilnes. Vinteren 1965 vart «Sverre» seld til Fredrik F. Alden og broren Jarl F. Alden. Historia fortel at mykje talar til at dette var frå fyrst av ein båt bygd på Lista, at, men i registertet finn vi at han var bygd i Melvær.  Han enda sine dagar i fjæra i Alden.

«Vitar» (Egilmotoren) Bygd i Hardanger i 1900.  30 fot lang  6 fot brei og 3 fot djup. Eigar: Egil Værøy. Kjøpte ein 5-9 hk Sabb  etter krigen, motoren vart montert og båten innmeldt i fiskebåtregisteret 1946. Bereevne 40-50 hl sild.  Vi veit at  Egil var kjend som lokalhistoriker,  han visste det meste frå gamle dagar, so vi kan takke han for mykje av det vi veit om den gamle Værlandshistoria. Det forundrar meg ikkje at han er den einaste som har brukt det eldste namnet på Værlandet på båten sin.
Båten meiner eg vart seld ein gong ut på 1950-talet.

«Dorien»   Bygd i Romsdalen,  år ukjendt. 29,5 fot lang 9 fot  brei og 2,8 fot djup. Eigar: Ivar Brosvik.   Motoren var ein 10 hk Solo bensinmotor frå 1946. Innmeldt i fiskebåtreg. 1947. På bilete frå hamna frå  1949 kan vi sjå «Dorien» ligg sør for Brosvik-kaia saman med ein annan spiss-stevning. Vinteren 1961 vart han utmeld or fiskebåtregisteret.

«Fiskarguten» (Seinesmotoren) Bygd i 1939 i Holmsund. Klinkerbygd på 29 fot lang 9 fot brei og 2 fot og 7 tommar djupne i rummet. Bereevne 75 hl sild. Båten var bygd med lugar forut og ruff med styrehus bak. Det var lagt dekk  midt i båten med ei lita luke. Ripa  på settbordet var fleire tommar høgre enn vanleg, og auka bereevna. Det vart sett inn ein ny 7,5 hk Union i båten.
Eigar: Nordlands/Værlendingen Kåre Seines. Kåre omkom i siste krig då han var mannskap på skipet «Annavore» som vart bomba i Atlanteren 1942. Unggutane Jon og Edmund Værøy som hadde vore med Kåre som mannskap, overtok båten. Gutane var dyktige fiskarar og var ikkje redd for det våte element. Dei fiska sild med garn på «Fiskarguten», og det hende seg dei kom inn i havna så søkklasta med sild at dei måtte berre halde seg midt i båten. Gamlekarane brukte å sette handa på ripa, rakk fingrane ned i sjøen, var dette fribord nok, men Værøygutane kom til lands utan fribord dei, og det gjekk godt.

«Fiskarguten» vart seld hausten 1963 til ein Refsøy i Eikefjorden og  seinare til Svein Høydal i Sauesund.

«Sjøgutten» (Edvardmotoren). Bygd i Nordland  1931. 26 fot lang 8 fot brei og 6 fot djup. Motor ein 7.5 hk Rapp frå 1933. Bereevne ca. 30 hl sild. Eigar: Edvard Værøy. Båten vart innmeldt i fiskebåtreg. 1947 og utmeld 1954.  Denne båt-typa vart på Nordland som nevnt kalla for «Listring».
Båten hadde styrehus og ruff med maskinhus bak og lugar forut.

«Viktor»  (Edvardmotoren) Bygd på Værlandet 1942 av Bendik Bråstad. 20 fot lang 6 fot brei 3 fot djup. Bereevne ca. 1 tonn. Motor 4 hk Viktor(Alder ukjent). Eigar: Edvard Værøy. Kring 1947 vart båten seld.

«Sydvær» (Nybømotoren)  Bygd i Dalsfjorden ( Halsnes) 1921. Klinkerbygd  seglbåt 20 fot lang 7 fot brei 3 fot djup. Bereevne 15 tønder. Motor 4 hk Heimdal 1923. Eigar: Mattias Nybø.
Ein gong på 1930 -talet kjøpte Per Nybø ein seksæring ute på Bjørnøyna og sette motoren frå «Sydvær» i den. Kring 1961 vart denne ombygd til seglbåt av Magnus Nybø. Eigar: Magnus Nybø.

«Prøven» (Resamotoren)  Bygd  i Hardanger 1923 klinkerbygd  26 fot lang - 9 fot brei -  4 fot djup. Motor : ein 6 hk Heimdal.  Eigar Ludvig Ludvigsen Værøy. (Son til Ludvik i Hola) Sidan broren Leonard (kalla «Resen»)  var saman med han på fiske vart båten kalla «Resamotoren.»
Ludvik og Leonard og faren var med på landnotbruket til Peder Johan Knutsen (Pirrejohan), dei hadde difor ein gavlbåt som var registrert på same nr. som «Prøven». Det er truleg at denne rogavlen stod i Gyttanaustet utanom sildesesongen. Peder Johan hadde også landnota si der i naustet. Sumaren 1961 var det sendt melding om at båten var opphogd.

«Hild»  (Smienesmotoren)   Bygd i Strandebarm 1947 Klinkerbygd 19 fot lang 5 fot brei og 4 fot djup. Motor 3 hk. Sleipner bensin frå 1948. Bereevne ca, 15 hl sild. Eigar Olav Andersen Alden. Sendt utmelding til fiskebåtregisteret  1968.

«Lux» Bygd på Gjølanger 1950. 18 fot lang 6 fot brei og 3 fot djup. Motor 4 hk FM bensin..Bereevne 1.5 tonn. Eigar: Augun Antonsen (Geita) Værlandet.

«Jakk» (Vikamotoren) Bygb i Hardanger 1951 Klinker 23 fot 6,5 fot 3,5 fot. Bereevne  ca. 3 tonn. Motor: 4- 5 hk Sabb 1951. Eigar Jens Værøyvik. 1963 Eigarar: Torvald og Torolf Værøyvik.

«Kvikk» (Vikamotoren) Bygd i Hardanger 1950 Klinker   22 fot 6,5 fot og 2,5 fot. Bereevne ca 2 tonn. Motor 5 hk Sabb frå 1949. Ein gong på 60 – talet vart det bygd lugar med styrehus framme. Eigar Torfinn Melvær. Opphogd kring år 2000.

«Bjørner» (Aldemotoren) Hardangerbygd 28 fot - 10 fot - 1,22 m. I Alden finn vi tidleg på 1920-talet denne båten. Han står oppgjeven med bereevne på 25-30 tønner. Bygd i Hardanger 1921, og i 1922 innsett ein 8 hk Rapp. Eigar Morten Andreas Kjæmpenes og sonen Morten Kjæmpenes. I ein gamal protokoll på butikken til»Hittunen» i Værøyhamna frå 1911 kan vi lese at Morten Andreas vart benevnt som «Kjempen i Alda».
Ein sumardag i juli månad 1911, i fylgje protokollen, trefftest tre karar på butikken i havna. Det var gamle-Bernt på Myra, gamle- Andreas i Hittunen og Morten Andreas Kjæmpenes. Alle tre hadde på same tid kjøpt ei stong med skrå. Butikken var ein viktig samlingstad for gamlekarane, der fekk dei frette nytt og gamalt. Andreas døydde seinare same året og Gamle – Bernt året etter. «Kjempen i Alda»  døydde i 1935.
«Bjørner» vart seld vinteren 1938 til Engel Haugland Storebø Ausstevoll

«Småen» og «Rapp» (Aldemotorane)  «Småen»: 23 fot – 6 fot – 4 fot-. Bygd i Nordfjord 1908. Kjøpt av Olav Andersen i 1929. Motor: Ein 4 hk. Tenfjord petroleumsmotor frå 1920. I 1938 sette han inn maskina frå Aldebåten «Rapp» ein 6 Hk. Rapp. «Rapp» vart innkjøpt frå Austrheim i 1927 av Fredrik og Mattias Alden. Båten vart bygd i Hordaland i 1916  og 6 år seinare 1922,  vart Rappen insett. «Rapp» var noko større enn «Småen» 25 fot lang 8 fot brei og 3 fot og seks tommar djup. I 1939 vart båten opphogd. «Småen» hadde dei til 1953 då han vart utmeld or fiskebåtreg.

«Sabb» (Dorrien) 27 fot – 2,68 m – 1 m 3tom. Bygd i Håkonsund 1937.  Eigar Johannes Leite. «Sabb» var ein dorrybåt kjøpt til sildefiske. I 1943 bygde Bendik Bråstad motorhus og styrehus på han bak og det vart montert ein 5-9 Sabbmotor. I 1968 vart båten opphogd. På bilete frå Værøyhamna frå 1949 kan vi sjå at «Sabb» ligg ved Leitebua ved sida av «Årvak»

«Seien» (Karlmotoren) 25 fot – 8 fot – 3 fot -. Bygd i Bulandet 1938 av Bendik Bråstad. Eigar fyrst Nikolai Thistel. 4 Hk Gideon frå 1908. I slutten av 40-talet seld til Karl K. Værøy. I den overgongen vart det sett inn ein 5 hk Sabb. I 1968  seld til Nils Værøy.
På bilete frå Værøyhamna 1949 kan vi sjå  på flyfoto frå 1961 frå nordre Værøyhamna» at «Seien» ligg fortøyd på plassen der «Roald» brukte å ligge i «hund» midt på  havna.
Fortøyningshunden på nordre havna var den einaste i Værøyhamna, den vart truleg utlagd på same tid som Ludvik Knutsen Værøy (Ludvik i Holene) etablerte seg med sjøbu i nordre hamna. Vi veit han kjøpte tomta til sjøbua av Jens Andreassen (Gamle-Jens i Vika) etter utskifninga 1878. Årstalet når bua vart bygd har vi ikkje fått på det reine, men  fleire av sjøbuene i hamna vart bygde på 1880-talet. Det er truleg at det var i denne tida Ludvik bygde sjøbu og la ut «hund» til fortøyning.

«Duen» (Landøymotoren) (Rappen) 28 fot – 9 fot – 4 fot-. Bygd i Hardanger 1922.  Eigarar fyrst Johan og Mathias Kjæmpenes, seld 1938 til Knut Landøy  (omkom i krigen) familia Johannes Landøy overtok båten.  Motor: 8 hk. Rapp frå 1922. Endeligt: I «Maghildesenja», fjæra ved Rånane i 1955.


Bilete av "Duen" i daglegtale kalla Rappen. Bilete er teke i Landøyna og det er Bjarne Landøy son til Johannes som sit til venstre. Bilete utlånt av Rune Landøy.
 
«Signal»  Kalvøyrubben kalla i daglegtale , vart bygd i  Håkonsund (Sund) i 1930.  Kalvøykarane hadde på denne tida motorbåten «Sverre» der Knut J. Kalvøy m. fleire. stod som red. Den nye båten «Signal» er det brødrene hans, Jonas og Magnus Kalvøy og systersonen Johan Landøy som stod som redarar.  Båten var 30 fot lang og 9 fot brei djupne i rummet 3 fot. Bereevne 80 hl sild. Det vart montert ein ny 8 hk Vickmann (Rubb) 1930.  Båten var kravellbygd. På flyfoto frå Værlandet 1961 frå Landøy, kan vi sjå Kalvøyrubben ligg fortøyd ved bua til Johan Landøy.

På 1880-talet var fiskarane frå Værlandet som tidlegare nevnt på Møre på torskefiske, dei står oppførde med  «Sørebåtar», kor desse var bygde  veit vi  ikkje. Ein av båtane deira nokre år seinare, var båten «Fiskaren», som eg har omtala ovenfor, og som truleg er ein av dei eldste sørebåtane  vi kjenner til, vart med oss langt inn i det 19nde århundre. Opphogd 1932.

I fleire tiår i det 18nde århundre var det desse sokalla «sørebåtane» som dominerte flåten til fiskarane. Kring 1860 vart det vanleg å legge dekk i «Listerbåten» og etter kvart vart «Listerskøyta utvikla. Lenger nord på kysten på Møre og vidare nordetter hadde og «Listerbåten» teke mykje av plassen til «Sunnmørsåttringen» «Møringen» og «Fembøringen», her vart den nye båttypa kalla for «Listringen». Her vart det og lagt dekk i båtane, på same måte som lenger sør, der den vidgjetne «Listerskøyta» etterkvart vart utvikla.
Vi har dokumentasjon på at «Listerbåten» var komen til øyane i slutten av 1800-talet.
Ute i Bulandet finn vi Sandøybåten «Leif» på 27 fot bygd på Lista 1890 og båten «Fix» på 28 fot bygd på Lista 1898. Listerbåten «Fiskaren» på Værlandet var i bruk på Værlandet på 1880-talet, men byggeår er ukjendt.
Det var truleg mange fleire av den båtypa både i Bulandet og Værlandet i det 18nde århundre, men desse vart ikkje fanga opp i noko register. Dei vart nok lagd i fjæra eller opphogde før fiskebåtregisteret vart oppretta  i 1920.

"Linda": Listerskøyta museum viser skøyta "Linda" bygd på Lista 1907. 37,5 ' lang 12.8 ' brei 5 ' djup.
Bilete utlånt av Skøytemuseumet på Lista.
 

"Kristina": Ei typisk Listerskøyte bygd på Lista 1917.
40' lang 12,5 ' brei 6' djup. Bilete er utlånt av Karmøy Fiskerimuseum.
 

Vi har enno ikkje noko dokumentasjon på om fiskarane våre hadde dei populære «Listerskøytene» før århundreskifte, men tidleg på 1900-talet vert det innkjøpt fleire skøyter av denne typa til Værlandet, og den fyrste var truleg Myraskøyta:

 Seglskøytene:
«Værø» (Myraskøyta) Bygd som seglskøyte på Lista 1900,  sua med einersaum. 38 fot lang 16 fot brei 5 fot djup. Bereevne 16 tonn. Eigarar: Jens, Johannes og Halvdan Værøy.  Denne skøyta vart i daglegtale kalla for «Nilska» etter tenestejenta til Hans Værøy, far deira, ho Nilske Olsdtr.som var i tjeneste på Myra i heile sitt liv.  Skøyta vart brukt til lossement under landnotfiske og det var nok Nilske som var kokke og kokte mat til karane ombord.  Utanom  lossementtida vart skøyta brukt til bank-og drevfiske ved kysten. I 1916 vart det sett motor i skøyta ein ny 14 Hk Dansk Alpha Petroleumsmotor.  I 1932 vart motoren i «Nilska» montert over i den andre skøyta deira «Forsøk», og den over tredve år gamle skøyta vart slepa sør i inste austre Soknavågen og lagt i støa deira framfor naustetomta som ligg innerst i vågen. 

«Vesla» Bygd på Lista 1900.  Klinkerbygd 32 fot lang 15 fot brei og 64 '' djup i rummet. Brønnbåt til «Torgføring av levande fisk».  Motor 10 hk Gideon Petroleunsmotor 1913.  Bereevne 100 tønder sild. Eigarar: Petter Kalvøy, E.M. Kjæmpenes,Kristoffer L. Værø, Leonard Værø. Skøyta seld  hausten 1937  til Johannes Leite og Ludvik L. Værøy.
Vinteren 1940 seld til S. Gjertsen Rognhaldsvåg.
Desse  30-40 årsgamle båtane var  ofte angrepne av makk og maur i botnen, borda var tynne og det hende seg at makken åt seg heilt inn i båten, men fekk han  ligge i fred i holet sitt så var skuta tett. Dei brukte å reise i inste Dalsfjorden til dei kom nær elva og ferskvatnet der, for å  gjere ende på makken, som skydde ferskvatn. På turen innover var dei innom  Dale på tønnefabrikken og henta sagerubb. Vel inne i ferskvatnet la dei seg roleg og tømde vått sagerubb rundt heile båten. Når makken forlet hola si og sjøen ville renne inn i båten så fylgde sagerubbet med i suget og sette seg i holet. Dei kalla dette for «å maure båten».
Det vart fortalt at ein gong dei var i Flekke på «Vesla» i slutten på tredvetalet kråla det av kvit makk i maskinrummet. Han hadde flykta frå ferskvatnet og var komen inn i båten. Etter mykje mauring vart skøyta tett den, og dei kunne fare ut att til Værlandet. Dei skjøna snart at dei kunne ikkje drive vidare på ein båt som var så fullstendig oppeten av makk, og  i 1937 vart skøyta sett opp i Kleivavågen der Bendik Bråstad bygde oppatt heile båten med ny hud, også ein del spant vart fornya. Dette arbeidet vart gjort i same tida som Bendik bygde om og forlengde Melværskøyta «Juno» som også var ei Listerskøyte bygd 8 år etter «Vesla» «Juno» forlengd frå 36 fot- 42 fot lang13 fot til 14,5 fot brei 5 fot til6 fot djup. Bereevne 90 -100 mål salt til Ca. 200 hl sild. År 1939.
Karane Bendik hadde med seg på denne jobben var Per Nybø, Magnus Værøy og Aksel Landsem.

«Håbet» vart bygd på Lista  kring 1900. Sua med einersaum.  40 fot lang 16 fot brei 5 fot djup. Bereevne 15 tonn. Motor 16 hk Gideon 1916. Eigar Elias Landøy. Far til Elias, Lars Landøy kan ha vore medeigar medan skøyta var i Landøyna. Lars døydde i 1912 og same året flytta Elias til Atløy og tok skøyta med seg.

«Sofia»: Bygd på Lista 1906. Klinkerbygd 37 fot lang 14 fot brei og 6 fot djup. Bereevne 15 tonn. Motor 11 hk Alpha 1913. Eigarar: Martin og Johannes Landøy. Det er ikkje heilt på det reine kor tid ho kom i Landøyna, om Martin og Johannes kjøpte henne ny eller brukt, men skøyta, som alle dei andre fyrste skøytene, vart kjøpte som seglfartøy. Motoren vart montert etter sigende i Kalvøyfjæra av karane sjølv med kyndig hjelp av ein Blålid frå Måløy i 1913.  Vågasmeden var vistnok også med Værlendingane i fyrstinga med desse motormonteringane, til dei etter kvart vart meir sjølvhjelpne.
Når fiskebåtregisteret vart oppretta i 1920 står «Sofia» reg. på Martin og Johannes Landøy. I 1913 var Johannes 15 år og Martin 24 år. Dei var tidleg ute karane med å skaffe seg eigen båt. I fylgje protokollane på fiskemottaket i «Hittunsbua» kan ein lese at gutane fekk det godt til i fiske og. Handlelista på fisketurane viser at dei sparde ikkje noko på kostholdet ombord, berre det beste var godt nok. Før ein av turane dei skulle på sildefiske hadde Martin vore på Hittunsbua og kjøpt lintøy og blonder til nye sengkleda ombord i «Sofia». Dei hadde det nok fint og triveleg i lugaren.

Historia fortel at det i 1900 vart sjøsett 72 skøyter på Lista. To av desse finn vi på Værlandet og tre i Bulandet. Nikøyskøyta «Nikø». Tistelskøyta «Silden» og Fedøyskøyta «Alpha».
Nordstrands-skøytene  «Anna» på 38 fot og «Anna» på 36 fot og Nikøyskøyta «Vega»var bygd i same tida 1898 -1902 og 1898. Ellers er det vel å merke seg at Listerskøytene var godt representerte i Bulandet i fystninga av 1900.  Vi finn skøyta «Agnes» 1909, «Nor» 1906, «Kristina» (alder ukjendt), «Brødrene» 1916, «Midnatsolen» 1920, «Ternen» (alder ukjendt) «Idun»1910 «Mairosen» 1916 «Amanda» 1919, «Juno» 1908.

Seglskøytene -  Motorskøytene -Kutternane og Sluppane:
Svenskane og danskane var allerede godt i gong med bygging av solide kravellskøyter i midten på det 1800 århundre og verfta på norskekysten kom etter kvart etter, og i fyrstninga av det 1900 århundre kjem dei fyrste kravellbygde skøytene til Værlandet.

«Duen». Det var ei seglskøyte, bygd etter sigende ein stad i Hardanger. Eigar: Andreas  S. Landøy. Skøyta veit vi forliste på «Doggeren» i 1912. Ein har funne lite opplysninger om denne skøyta. På dekk skulle ho likna litt på «Velkom Heim» før det vart innsett motor i kutteren. Begge var seglfartøy og hadde den særmerkte ruffen bak som var vanleg på seglfartøya.
 


Skøyta "Flora" vart bygd i Hardanger mest på same tid som "Duen", som seglskøyte for lostjenesta på Utsira år 1907. Skøyta var 47 fot lang 15 fot brei og 7 fot djup. Det vart seinare sett motor i skøyta og ho enda opp på 1950 -talet hos nye eigarar i Sande på Møre. Her er skøyta på veg til lands under makrelldorgefisket på 1960- talet på Sør- Vestlandet. Noko nærmare vil vi truleg ikkje komme utssjånaden til Landøyskøyta "Duen".

At Andreas S. Landøy hadde vore i England og kjøpt seg eit større seglfartøy er det vel få som kjenner til.  Han kjøpte i 1912 kutteren «Zealus» av Yartmouth. Den var noko større enn «Velkom Heim», som Myrakarane hadde kjøpt året før.  «Welcome Home» ca. 40 tonn, «Zealus»: 44 tonn. Båten var ikkje komen i drift dette året,  for Værlandskarane for på «Doggeren» med «Velkom Heim» og «Duen» hausten 1912.  Dette vart siste turen til Andreas. Kva planar han hadde hatt med»Zealus», og kvar den tok veien, har ein ikkje funne ut endå.

«Svanen» (Nybøskøyta) Bygd i Farsund i 1902. Kravell og bygd som seglskøyte  45 fot lang 13 fot brei 7 fot djup. Bereevne 125 tønder.  I 1913 vart det sett inn ein 15 hk. Aktiv Petroleumsmotor. Eigar: Mattias A. Værø. (Mattias Nybø). Skøyta vart seld til Gåsværet kring 1928  til Tormod Gåsvær.

«Våren» vart bygd som seglskøyte i Sagvågen på Stord i 1909. Ho var 42 fot lang 14 fot brei og 7 fot djup. Bereevne 160 tønder sild. I  1914 vart det innsett ein 15 hk. Alpha.
Eigarar:Johannes K. Melvær og syskeneborna hans, Knut Kalvøy, Einar Kalvøy og Anna Kalvøy (Landøy). Anna var enkja etter Andreas S. Landøy som hadde hatt «Duen» og «Zealus».
Ein del av den fyrste seglmasta på «Våren» skal framleis finnast som bærar i  driftsbygningen på jorda i Landøyna  som Johan og Kristina hadde.
I 1941 vart det innsett ein 25 hk. Wickmann, og Johan, son til Anna, overtok parten til Johannes K. Melvær.

«Vega» (Aldeskøyta) Bygd som seglskøyte i Risør 1911 . Ho var 38 fot lang 14,5 fot brei og 6 fot og 6'' djup. Bereevne 130 tønder sild. Motor: 10 hk Norsk Danmotor 1914. Eigar: Johan F. Alden m fl.
Historia om Aldeskøyta kan ein lese om i boka «Båtar med sjel I» av Malvin Toft (nytt opplag i 2010), der han tek føre seg historia om «Alda».

«Norkap» ( Kappen) som han vart kalla, vart bygd i Romsdalen (år ukjent). Han var 36 fot lang 12 fot brei og 7 fot djup. Bereevne 80 tønner. Eigar: Andreas J. Landøy. Det stod ein 8 hk. Alpha Petroleumsmotor i båten då dei kjøpte han. Dei hadde hatt båten i mange år, og på eit verksted ,i 1921, hos  ein  A/S Gulowsen,  truleg for rep. av maskina, kunne verkstedet  legimitere at motoren deira var ein 14 Hk Alpha, og ikkje ein 8 Hk.  Desse opplysningane gjorde til at størrelen på motoren vart retta på same året i fiskebåtregisisteret. Karane spøkte litt med dette i ettertid.
Det A/S Gulowsen hadde funne ut gjorde  desverre ikkje noko utslag på farten til «Kappen».
Leitebrødrene Andreas og Tomas dreiv fiske saman på denne båten.  Hausten 1933  vart Jonas Landøy og broren Knut eigar av sluppen. Faren deira  Andreas døydde i 1921. Det gjekk ikkje alltid så fort å oppdatere merkerigisteret!
I 1942 enda «Kappen» sin seilas i «Magnhildesenja» nord for Rånane.

«Valder» Aldekutteren Klinkerbygd brønnbåt, bygd for segl i Romsdalen 1908. Han var 37 fot lang 11 fot brei og 5  fot djup.   Bereevne 13 og 18/100 tonn. Eigarar : Mattias Alden og Olav Andersen.
Kring 1920 sette dei inn ein 15 hk Norsk Normomotor. Denne motoren vart flytta over i «Vega» (Aldeskøyta) i 1926, og kutteren vart seld til Kinn.

«Velkom Heim» Bygd i Lowestoft i 1898. som seglfartøy kravell.  60.8 fot lang 16,8 fot brei 7.8 fot djup. Tonnasje 39,54. Det var i 1911 brødrene Jens, Halvdan og Johannes reiste til Great Yarmouth og kjøpte den engelske kutteren. Båten var fyrst og fremst innkjøpt med tanke på makrelldorging i Nordsjøen, eit fiske som hadde utvikla  seg, og som Værlendingane  hadde delteke i på andre fartøy. Fisket føregjekk mest på grunna rundt Doggerbank, og i 1911, det året «Velkom Heim» kom med, var heile 399 norske fartøy med.  Fyrste verdskrig sette ein brå stoppar for dette fiske, men sildefiske på «heimebane» tok seg opp og Myrakarane fiska godt med sildegarn. Det vart fortalt at når dei skulle sette garna, og det var «damstille», måtte dei sette ut småbåt og slepe kutteren. Det var eit slit utan like ,men dei tente godt. I 1916 hadde dei heile 2000 kr på lott på nokre hektiske vinterveker,og det var litt av ein rikdom den gongen. Dette året sette karane motor i kutteren, ein 50 Hk Hein. Under det rike landnotfiske i 1930-åra vart kutteren nytta som losjifartøy.
Dette viser fleire bilete frå den tida. I 1941 vart båten seld. Det var Jens som hadde vore skippar ombord og det var han som ordna med salget. Grunnen var nok at han frykta at okkupasjonsmakta ville rekvirere båten. Ny eigar var Andreas P. Klungresør frå Herøy. I 1955 vart kuttern pårend og fekk so store skader at det ikkje var bøtingsvon.
I 1933 vart ein gavlbåt (rogavl)på 30 fot tilført same registreringsnummer som «Velkom Heim».
 


"Velkom Heim". Bilete er teke i hamna på Kalgrov i Solund under storsildfiske ca. 1930. "Velkom Heim" SF 31 A ligg midt på bilete. Bilete utlånt av Rune Thistel.


«Alden» Bygd i Nordfjord kravell i 1912. 40 fot lang 12 fot brei og 7 fot djup. Bereevne 100 hl sild. Motor 15 hk Ideal. Eigar: Olav Andersen Alden. Båten vart kjøpt brukt og var i Alden ca. 5 år på 1940 talet Vinteren 1948 vart kutteren seld.

«Rita (Engelskøyta) den fyrste utenlanske skøyta som vart innkjøpt til Værlandet..  Bygd kravell  i Marstal i Danmark  1915.. Motorskøyta «Rita» var  40 fot lang og 13,5 fot brei 6,5 fot djup. Motor: Dansk Alpha Petroleumsmotor på 14 hk. Eigarar: Engel Andreas Berntsen, Ludvik A. Berntsen, Konrad E: Værøy og Olav O. Håstein.  Ein gong etter krigen vart ho køyrd i øverste vestre fjæra i Kvernhusvågen der ho enda sine dagar. Utmeld or registeret 1947.

«Værø I» er den andre motorskøyta som vert innkjøpt til Værlandet. Ho var bygd kravell i Mandal 1916.  Skøyta var 42 fot lang 14 fot brei 7 fot djup. Bereevne 150 hl sild. Motor Dansk Alpha Petroleumsmotor på 18 hk.. Eigarar: Peder Johan Knutsen Værøy (Pirrejohan) og Karl Værøy (Son) Kristoffer og Ludvik L. Værøy (syskeneborn av Peder) Denne motorskøyta gjekk under navnet «Holeskøyta». Skøyta var og i daglegtale kalla for «Ubåten», dette fordi ho etter sigende tok mykje sjø over seg på motesjø.
Skøyta vart seld til Ingolf Fedøy vinteren 1944, den vart ombygd og han sette inn ein 22 hk Rapp.
1952 seld til Levanger.

«Bjørn» (Kalvøykutteren) Bygd i Hardanger  1915. Ein liten kutter på 32 fot lang 8 fot brei 4 fot djup.
Bereevne 90 hl sild. Motor 8 Hk Avanse frå 1926. Kjøpt til Værlandet i midten på 1930 -talet. Eigar: Andreas Vesterås. Innmeldt for registrering 1934, merkebrev utstedt 1936.
Kutteren seld 1937.

«Viking» (Kvitesluppen) Truleg ein Romsdalskutter.  Kjøpt i 1914 kravellbygd 42 fot lang 12,5 fot brei og 6,5 fot djup. Bereevne 130 mål sild. Motor 10 hk Gideon Petroleumsmotor 1914. Eigar: Bernt Hittun.  Dette fartøyet vart mykje nytta til fiske-og varetransport i samband med landhandelen og fiskemottaket til Bernt Hittun i Værøyhamna. Ein møtte ofte Kvitesluppen på byleia til å frå Bergen, og det var Nils Helgheim som gjekk mest med båten. Nils var i tjeneste hjå Hittunen frå og med 1916 til fram på 1920-åra.

«Hittun» (Kallenamn «Løa»)   Bygd som seglfartøy i Gloppen i Nordfjord 1916. klinker 46 fot lang 14 fot brei 6 fot og 3' djup.  Bereevne 150 mål sild.   I 1918 vart det innsett ein 14 hk Hein Petroleumsmotor. Eigar Bernt Henriksen Værøy og Bernt Hittun.  Denne kutteren vart mykje nytta til transport for fiskemottaket og handelen til Hittunen. Det var på denne tida Nybua vart bygd i Værøyhamna, og med auka sildesalting, større fiskemottak, auka og transporten.
I 1939 vart kutteren opphogd.

«Alvhild» (Myrasluppen)  Bygd i Hardanger 1919. Kravell 45 fot lang 13 fot 6'' brei og 6 fot djup. Bereevne 200 mål sild. Motor 32 hk Bolinder. Ombygd 1932 til 56 fot 7'' 12 fot 20'' og 6 fot og 10'' Ny motor 1937 ein 45 hk Ny-Grei.
Bernt Henriksen hadde om hausten 1938 kjøpt kutteren «Korsund I» av Olav Skår i  Korsund, same året vart det navneskifte og han kalla kutteren «Alvhild.
På flyfoto frå Værlandet 1961 kan ein sjå «Alvhild» ligg ved «Dissberget» på vestsida av Værøyhavna.
 


Motorkutteren "Alvhild" vest av Sandøy der dei hevar Hitra-skøyta "Jolly" som forliste der den 4 feb. 1951.  Jenta på baugen er truleg Aud Værøy dotter til Magnus Værøy som var ein av dei som var med på berginga. Foto utlånt av Sigmund Blom.


Flyfoto frå Værlandet 1961, «Alvhild» ligg ved «Dissberget» på vestsida av Værøyhavna.
 
«Havsulen» (Edvardskøyta) Byggestad ukjend Kjøpt 1938.  32 fot lang 8 fot brei 5 fot djup. Bereevne 7 tonn.
Motor: 8 hk Sterk frå 1918. Eigar: Edvard Værøy. Sterk-motoren var kjend si spesielle gonge, to slag og eit frislag. Det vart slik: Dunk – dunk – dult. Den sermerkte gonga i motoren i «Havsulen» vart lagt merke til, og det vart ikkje lange stunda før værlendingane, som vel vanleg, sette namn på skøyta. Namnet vart «Donkedulten». Edvard dreiv sildefiske på skøyta saman med brødrene og faren. I 1941 vart skøyta seld til Sverre Eikefjord.

«Solveig» (Brosvikskøyta) Bygd i Hardanger 1911 kravell  50 fot lang 16 fot brei 7 fot djup.  23 og 82/ 100 R. Tonn. Motor 30 hk Avanse. Eigarar: Ivar Brosvik og Sverre Brosvik.
Skøyta vart kjøpt våren 1941, og det var på denne skøyta Sverre og Ivar Brosvik og mange med dei, i eit av krigsåra, rømde landet den 23 August 1941. Knapt eit år seinare den 29 juni sende Ivar melding om at «skøyta  er forsvunda».

«Soløy» (Brosvikskøyta) Dette er det største fartøyet som vart bygd på Værlandet. 38 fot lang 12,5 fot brei og 5 fot djup. Bereevne 150 hl. Motor 10 hk Vickmann 1931. Eigarar: Ivar og  Sverre Brosvik.
Denne båten som Bendik bygde om 1938  var den tidlegare «Sjømann» som Bendik Bråstad bygde for Sverre og Ivar Brosvik i 1930. Ein spisstevna motorbåt på 32 fot med ein 10 hk Vicknmann motor. Dette førde til navneskifte på Brosvikbåtane. Den nye skøyta fekk namnet «Soløy» og gavlen «Soløy» som Bendik bygde til dei i 1935 fekk namnet «Sjømann».
Bendik Bråstad vart gift i 1931 med dotter til Maria og Ivar Værøy. Han var frå Bøfjorden og flytta til Værlandet der han starta båtbyggjarverksemnd si, med bygging, reparering, og ombygging av fartøy. Han haldt mykje til i søre Kleivavågen, men var og rundt om i Værlandet og Bulandet med arbeidet sitt. Fleire Værlendingar, som nevnt tidlegare, var i arbeid hjå han: Per Nybø, Axel i Alda (Landsem) og Magnus Værøy. m. fl.
Han hadde planar om kjøp av ei tomt i Kleivavågen for utviding av verksemda, men av ein eller annan grunn fekk han ikkje kjøpe, og for innatt til heimegarden i Bøfjorden og fortsette der.. Her bygde og ombygde han som vel kjendt fleire fartøy for Værlendingane. «Union», Diskus», Øyning og «Fram».
Sverre Brosvik var ein av dei gode kundane til Bendik medan han var på Værlandet.
Sverre veit vi kom til Værlandet i 1927.
Bernt Hittun hadde på den tid søkt etter nye folk til å drive butikken i Hittunsbua. Sverre som nyleg hadde fullført eit handelskurs, var ute etter jobb. Handelsmannjobben i Hittunsbua fekk han, og kom soleis til Værlandet. Far hans, Olai Jakobsen Brosvik var jekteredar og jekteskippar og skulle vere den fyrste som sette motor i jekt.  Båtar, frakt, og fiske, vart også Sverre  mykje engasjert i fram gjennom åra på Værlandet.
Den fyrste Brosvikskøyta «Soløy» vart seld om sumaren 1941 til Hans Nesje Hyllestad.

«Trygg» (Vikaskøyta) Bygd i Hardanger 1941 som klinker.  36 fot lang 12 fot brei og 6 fot djup. Bereevne ca. 7 tonn. Bendik Bråstad rigga båten med dekk, rekker ruff og styrehus.og det vart montert ein 10 hk Union- motor.   Eigarar Torfinn Melvær m. fl.
Det var på denne skøyta vikarane, som dei fyrste vi veit om frå Værlandet, deltok i drivgarnsfiske etter makrell på Sør – Vestlandet i ein periode på 1940-talet.
På bilete frå Værøyhamna 1949 kan vi sjå den grå skøyta ligg ved Vikabua.

Den grå skøyta "Trygg" ligg ved Vikabua

«Borghild» (Moritzskøyta) Bygd på Svanøy 1912 som kravell seglskøyte. Kjøpt til Værlandet tidleg på året 1946.  43 fot lang 13,5 fot brei og 7 fot djup. Bereevne 12  Tonn.
Eigarar:  Torleif og Magnus Værøy.
I 1935 vart skøyta ombygd og det vart innsett ein 20 hk Heimdalmotor.
Ein sumardag i 1961 gjekk turen sør om Værlandet med kurs for Sølvøyvågen. Det var Moritz Værøy, son til Magnus, som førde skøyta den siste turen. Han var godt inne på å «gje motoren på skruen» og ville no sjå kva den 20 Hk  Heimdalen var god for.  Onkelen Torleif, som var med, stod framme på dekk og såg litt ottefullt på den svarte røyken og elden og gneistane som kom opp gjennom eksosrøyra, men han sa ikkje noko, det var siste turen likevel. Og det var krefter i den gamle Heimdalen som sparka godt ifrå seg før han vart stoppa for siste gong. Oppe i Sølvøyvågen på vestre sida vart «Borghild» køyrt opp i fjæra og enda sine dagar der. Heimdalen vart seinare henta til skrap.

«Glimt» Den største båten som vart ombygd på Værlandet  er truleg kutteren «Glimt» som egentleg høyrde til i Gulen SF 182 G. Båten var bygd i 1911 og innkjøpt til Gulen i fyrstninga av 1930 åra. Byggestad ukjendt. Kutteren var 40 fot lang 11 fot brei 7 fot djup. Motor 16 hk Hein.  Eigar fyrst Ludvik Neverdal. Kring 1936-37  overtok yngste bror hans, Edvard Neverdal kutteren, og skifta ut motoren med ein 15 hk Union..  I 1943 vart båten ombygd med ny hud, nytt styrehus og rekker av Bendik Bråstad. Det vert fortalt at Edvard hadde tinga ein reperasjon på kutteren. Bendik skulle føre båten sør i Kleivavågen og legge til ved Nybøbua. Eit eller anna gjekk gale, og han fekk ikkje sette motoren i revers, og dermed bar det med god fart opp i fjæra sør for bua.  Båten vart såpass knust at reperasjonen og «enden på visa» vart ombygging av heile kutteren. Kutteren vart leigd av Værlendingar til sildefiske, men ellers mykje brukt til transport hos handelsmann Sverre Brosvik som var svogeren til Edvard.  Båten var i nokre år ofte å sjå i Værøyhamna.  I 1946 gifte Edvard seg med Borgny Alvild Berntsdtr. Hittun, og vart no busett på Værlandet, men båten hans kom ikkje inn i fiskebåtregistert i Askvoll.
«Glimt» vart seld på denne tid til Hans O. Rise Sygnefest.

«Oberon»  Bygd i Skottland 1907. Kjøpt til Norge i 1949 av Ivar Brosvik og Bernt Henriksen Værøy. Motor: 21 hk  Cooper & Grieg Compound dampmaskin. Den tidlegare sildetrålaren vart straks ombygd til sildesnurpar i Sagvågen på Stord. Innmeldt størrelse 1950 var 92,11 fot og 18,5 brei og 9,8 djup.
Motoren vart på same tid utskifta med ein overhaldt 120 hk Bolinder med fast propell. Bernt Henriksen gjekk tidleg ut som medeigar og inn kom bror til Ivar, Sverre Brosvik. I 1958 overtek Sverre heile båten og han fekk no namnet «Ringnes». Ivar overtek igjen kring 1960. Båten vart seld 1985 og fekk namnet «Nordom». Hausten 1990 vart han senka i djupet ved Jona fyr i Hjeltefjorden.
 

Bilete av "Oberon" Bilete lånt frå boka "Båtar med sjel II " av Malvin Toft m. fl.

Lossementa deira:
«Ternen» (Brosvikkutten) ( kalla «Skrellja»). Byggestad ukjendt. 46 fot lang 13 fot brei 5 fot djup. Bereevne 25 tonn. Motor 10 Hk Avanse 1931. Eigar: Sverre Brosvik.  Kjøpt i 1931 til bruk som notlosjement. I 1939 overtek Ivar Brosvik kutteren og i 1941 vart «Skrellja» opphogd.

«Høken» (Landøyskøyta) Bygd i Sverige årstal ukjent. Kravellbygd motorskøyte 44 fot 6'' lang 16 fot 6'' brei 5 fot 4'' djup. Brutto drektighet 13- 8/100 tonn. Motor: 28 Hk Brunvoll 1925.
Skøyta vart innkjøpt som notlosjement 1937, og var stasjonert i inste Stroka. Eigar: Knut Landøy.
Knut omkom i krigen, og i 1943 selde broren Johannes Landøy skøyta til Kristian Myklebust Skifjorden.

«Forsøk» (Værøyskøyta) Bygd i Hardanger 1920. Kravellbygd seglskøyte 40 fot lang 14 fot brei 5.5 fot djup. Bereevne 150 mål sild.  Kjøpt for kystfiske og notlosji 1920. Eigarar: Jens, Johannes og Halvdan Værøy. I 1932 vart motoren  frå «Nilska» montert i «Forsøk»  ein 14 hk Dansk Alpha frå 1916. «Forsøk» var i bruk nokre år, men var full av kolfyr og i 1942 vart det sendt melding til fiskebåtregisteret at «skøyta er ubrukeleg». Ho vart køyrd ut i Nordnessundet og sett opp i ei fjære vestom Grisholmen. På 1950-talet var det berre den ærverdige Alphaen som stod att i fjæra.

«Årvak» (Henrikskøyta) Bygd i Ranen 1931. Klinker dekka skøyte uten motor 32 fot lang 10 fot 16'' brei 5 fot djup. Bereevne 100 hl sild. Kjøpt 1931 til losjement under sildefiske. 1932 innmeldt i fiskebåtregisteret. Eigarar: Henrik og Jonas Leite. I 1937 innsett ein brukt 20 Hk Grei frå 1924.
Kring 1940 eigde Henrik skøyta åleine. På bilete frå Værøyhamna 1949  kan ein sjå skøyta ligg ved Leitebua. Kring 1950 vart skøyta seld til Bertin Søvik Straumshamn.

Skøyta "Årvak" ligg ved Leitebua. ( Den mørke skøyta).


Gavlane deira:
«Fram» (Nybøgavlen) Bygd i Hardanger år ukjent. Motorgavl 35 fot lang 10 fot brei 4 fot djup. Bereevne 60 tønder. Motor: 8 hk Aktiv Petroleumsmotor 1914. Eigar Mattias Nybø.
Dette er den fyrste motorgavlen vi kjenner til i Værlandet. Det er truleg Mattias kjøpte gavlen brukt og sette motor i han. Når han registrerte båten i det nye fiskebåtregisteret 1920 veit han godt alderen på motoren, men ikkje på båten.

«Soløy» (Nye Brosvikgavlen) vart innkjøpt av Sverre Brosvik etter krigen. Gavlen var bygd i Hardanger 1934 og var på 31 fot 11 fot brei og 4 fot dj. Det stod ein 6 hk Rubb i båten frå 1928.  I 1950 vart gavlen ombygd og forlengd av Bendik Bråstad til 32 fot 11,6 fot og 4 fot. I 1952 vart også motoren bytta ut med ein ny 7 hk Vickmann. Eit par tre år seinare vart det sett radiotelefon i båten og på same tid navneskifte frå «Soløy» til «Brosvik». Det var på denne gavlen karane reiste til Florø og henta is på fryseriet og førde til ishuset på fiskemottaket til Brosvik i Værøyhamna. Gavlen var open så det var ofte ei farefull ferd over Stavfjorden i kuling og blåst med nedlasta båt og berre ei handpumpe til å lense med. Det gjekk godt takka vere karar med godt sjømannskap. Ein gong på 1950 – talet var det berre såvidt  dei kom seg velberga i havn. Det var Erling Kalvøy og Moritz Værøy som gjekk til Florø den dagen. Dei lasta båten som vanleg, men fekk sørleg  kuling på seg på heimatt-turen. Den nedlasta gavlen tok inn så mykje vatn at karane måtte pumpe for livet.
Heime på Værlandet gjekk folk i otte og trudde det verste etter som tida gjekk. Sverre Brosvik som hadde sendt dei avgårde otta nok han og, men han trøysta med at karane var vande på sjøen. «Dei veit ka dei bala med dissa bålane sjeu» sa han. Og han hadde rett. Om kvelden i halvmørkret høyrde vi endeleg lyden av Rubbmotoren  nord på sundet. Så det gjekk godt den gongen og.

«Hittun II» (Hittunsgavlen) Bygd i Håkonsund 1938. Kravellbygd 38,5 fot lang 13 fot brei 6 fot djup. Bereevne 270 hl sild. Motor 14 Hk Hein.  Eigarar: Bernt Hittun og sønene Johan og Andreas. I 1952 vart Heinen utskifta med ein 20 Hk Union med vasstopp.
1958 -59. vart båten ombygd og forlengd på Hellevika i Dalsfjorden til 48,9 fot lang 14,35 fot brei og 5,6 fot djup. Båten er framleis å sjå i Bulandet der han ligg ved Grånåsa, og etterkomarane til Johan har teke hand om han. Ein diselmotor har overteke plassen til dunk-dunk-motoren.


Hittunsgavlen "Hittun II" der han ligg nord for Alden. Johan står på dekk og det er sikkert Andreas som bøyer seg ned på babord side av styrehuset. Det er truleg at bilete er teke eit par tre år etter krigen då karane var nord i Aldefjorden og spela opp kjetting og vire frå minebeltet som låg der. Tre andre båtar var med på opprasjonen. "Union", "Årvak" og "Alvhild".
Dei kom oppatt med fleire lås med kjetting og masse vire. Johan brukte viren til bakfortøyning på gavlen i mange år. Kjettingen som Leitekarane berga vart og brukt til fortøyning. På dekket til "Alvhild" hadde dei fått opp ei minebeltebøye. Den vart lagd opp vest av Berntbua og rusta vekk der. Desse bøyene var mest ein meter i diameter og karane brukte dei mykje til å barke tau i.

Hittunsgavlen etter han vart ombygd og forlengd 1958-59. Bilete her er teke før dei i midten på 1960- talet skifta ut 20 hk Union med ein to sylinder 40 hk Vickmann (Rubb).

«Jarl» (Aldegavlen) Det var ein open gavl på 28 fot 10 fot og 6'' brei og 4 fot djup. Klinkerbygd i Grane i Askvoll 1912. Bereevne: 80 hl sild. Registrert som landnotbåt. Det er truleg at ruffen med styrehus forut  vart påbygd i 1932 i samband med at dei  monterte motor i båten, ein 7 hk Wichmann frå 1930. Eigar Fredrik, Johan og Mattis Alden. (Johan var far til Fredrik og Mattis) Båten vart mykje brukt som skuleskyss i 1940 og 50-åra.
Han enda sine dagar i ei fjære i Alden.

«Soløy» (Gamle Brosvikgavlen) Motorgavl bygd som klinker på Værlandet i 1935 av Bendik Bråstad.
35 fot lang 11,5 fot brei 4 fot djup. Bereevne 150 hl sild. Motor 15 hk Union. Eigar Sverre og Ivar Brosvik.
Eigedomen på Hamnaholmen som Sverre kjøpte under Vikajorda vinteren 1933  fekk namnet Soløy, difor brukte han fleire gonger dette namnet på båtane sine.
«Soløy»: Båten vart bygd og rigga i Jaktenaustet  på Værlandet der «Makrelen» står i dag. I 1938  bygde Bendik, som nevnt, om den fyrste «Sjømann» til ei skøyte på 38 fot og ho fekk namnet «Soløy».
«Soløy vart, som nevnt tidlegare, seld den 26 juni 1941 til Hans Nesje Hyllestad.
Den 3 feb. 1939 sende Sverre melding om at motorgavlen heiter no «Sjømann» Det var på denne båten  28 menneske den 2 august 1941 rømde over til Shetland.
Den 30 juni 1942 sende Sverre melding til fiskebåtregisteret  om at båten er forsvunnen.

«Union» (fyrste Leitegavlen) Bygd i Hardanger 1928. Klinker 32 fot lang 9,5 fot brei 4 fot djup.
Bereevne 100 hl sild. Motor: 10 hk Union 1930. Eigarar: Andreas Kalvøy, Johannes, Henrik, Tomas og Jonas Leite. Forliste under storsildfiske vinteren 1934 på Sjeljeskjeret nord for Værlandet. Dei hadde kasta ut landnota som dei eigde saman med Kalvøykarane. Øyretauet i nota rauk og gavlen enda på skjeret. Dei tok oppatt motoren som stod igjen på skjeret etter at båten vart knust.

«Union» (andre Leitegavlen.) Bygd i Hardanger 1934. Klinker 35 fot  lang 10,5 fot brei 5 fot djup. Bereevne 7,11 Tonn. Motor: 10 Hk Union 1930. (motoren som stod i fyrste Union). Eigarar: Andreas Kalvøy, Tomas og Jonas Leite. Kring 1936-37 overtek Jonas og Tomas Leite gavlen og Andreas går ut.  Gavlen vart no lagd dekk i med rekker av Bendik Bråstad, og Jonas Kalvøy bygde nytt styrehus.  Nytt merkebrev vart utskrive til Jonas og Tomas Leite dat. 2  nov. 1940.

"Union" (andre Leitegavlen). På veg ut Værøyhamna ein fin dag i sumarsildfiske. Dei har landnota ombord og landnotkaggar framme ved rekka. Kanskje dagen er 25 april 1948  då Landøygavlen "Fiskaren" og "Union" var på sildesyner saman i Sørværet og fann inste Skårvågen full av sild, og stengde av Vestlandets største sildekast det året. Heile 11000 skjepper tok dei opp i landnotkastet.
 
«Fiskaren» (Landøygavlen) Bygd i Hardanger 1932. Klinker 32 fot lang 8,5 fot brei 4,5 fot djup. Bereevne 90 hl sild. Motor: 8 Hk Vestkyst frå 1925.  Eigarar Jonas og Knut Landøy.  Karane overtok registreringsnummet frå gamle «Fiskaren» som eg har skrive om, og som vart limma på denne tid. Leitekarane som etterkvart hadde kvar sine notabåtar «Union» og nye «Fiskaren», og eigne notabruk, var framleis ein del saman på sildefiske.
«Fiskaren» vart ein gong på 1960 -talet køyrd sør til Rånane der han enda sine dagar i Magnhildesenja. På flyfoto frå Værlandet 1961 kan ein sjå «Fiskaren» ligg i hund aust for bua til Landøykarane.

«Fram» (Myrvåggavlen) har ei historie for seg sjølv. Båten var bygd i Hardanger som open  klinker i 1936 og var på 34 fot lang 11,5 fot brei og 4 fot djup. Bereevne 110 hl sild. Harald Myrvåg m. fl. var eigar.
I Vornesvika hadde skøyta «Sofia» no enda sine dagar og låg i fjæra der. Martin Landøy som hadde eigd i den var onkelen til Harald og motoren ein 11 hk. Alpha stod framleis i skøyta. Harald hadde fått lov hjå onkelen sin å demontere motoren og sette han over i den nye gavlen. Friskt ungdomsmot gjorde at dei fekk dette til, men motoren frå 1913 hadde nok gjort livsverket sitt og var utsliten. I berre godt og vel eit år stod Alphaen  i gavlen og måtte vike plassen for ein splitters ny 14 hk. Heimdal. Harald omkom i krigen og det var far hans Theodor Myrvåg  m.fl.som overtok båten.
Ein gong på 1940-talet bygde Bendik Bråstad  på gavlen eit bord og la dekk i han.  I 1954 bygde Bendik båten om til kravell  og nokre år seinare vart den fyrste Heimdalen utskifta med ein 20 hk av same merke.  Bernt Hågøy var montormontør. Kring 1968 overtok Ingvar Landøy båten.
 

Myrvåggavlen "Fram" SF 28 A. Han ligg her i hamna i Egersund saman med kjende båtar som "Union" "Suløy" "Vidar I" og "Diskus", under dorgefiske etter makrell 1971.
 

«Harald» (Kalvøygavlen)  Klinkerbygd i Hardanger (Skogsvåg) 1930. Kring 1950 påbygd eit bord og lagt dekk . Bygd styrehus og montert ein ny 7,5 Union. Lengde 32,5 fot  13 fot brei og 5,5 fot djup. 1959 ny motor ein 16 hk Sabbdisel. Eigar Arvid Vesterås m. fl.


Bilete av Kalvøy med gavlen "Harald". Foto Harald Leite
 

«Sjøgutt» (Sigfredgavlen) Bygd i Hardanger 1941 Klinker 32 fot lang 10,5 fot brei 4 fot djup, Bereevne 50 hl sild. Motor: 15 hk  Union frå 1945. Eigar Sigfred Landøy. Gavlen var open med styrehus/ruff og lugar forut. Vart utmeld or fiskebåtreisteret 1961

«Rapp» (Kalvøygavlen)  Bygd i Hardanger 1930 Klinker  32 for lang 11 fot brei  4 fot djup. Bereevne 100 hl sild. Motor 14 hk Rapp 1950. Eigar  Jonas J. Kalvøy. Gavlen var open med styrehus/ruff og lugar forut.

«Grei» (Smelværgavlen) Det var ein open gavl med ruff og styrehus forut. Han var 34 fot12 fot brei 5 fot 6 ' djup.  Klinkerbygd  i Hardanger 1930. Motoren som vart innsett byggeåret var ein Ny-Grei- motor på 14 hk.  Eigarar fyrst Olai A. Smelvær og sonen Anton Smelvær.
Anton gifte seg i 1935 med Værlandsjenta Margit Kristine Kristofferdtr. Værøy og flytta til Værlandet. Eigarar av båten i 1939 var Anton og broren Nils O. Smelvær.

«Sydvær» (Moritzgavlen) Bygd i Hardanger 1930. Klinker. Lengde 30 fot  9 fot brei og 5 fot djup. Bereevne 100 hl sild. Frå fyrst utstyrt for tre par årer, men 1938 sette dei inn ein 7,5 hk. Union og sette på same tid namn på båten. Gavlen var open  med ruff/styrehus og lugar forut.
Eigarar fyrst: Moritz G. Værøy, Ludvik Hittun og Torleif Værøy, seinare brødrene Torleif og Magnus Værøy

«Alvhild» Notgavl  utan motor bygd i Hardanger 1931. Klinkerbygd 30 fot lang 10 fot brei 5 fot djup. Bereevne Ca. 90 hl sild. Eigar: Johannes Værøy. Gavlen var bygd med stilk for motor, men motor vart ikkje innsett. Båten stod i «Jaktenaustet» til han vart flytta i «Svartenaustet i Landøyna der han bytta plass med «Makrelen».

«Makrelen» Rogavl med fire par årer, bygd som klinker i Hardanger 1929. 28 fot lang 9,5 fot brei og 3,5 fot djup. Bereevne 70 mål sild. Eigarar: Johannes  A. Landøy, Knut Kalvøy, Ivar Stang (Værøy),  Theodor Myrvåg, Magnus J. Kalvøy. Båten vart kring århundreskifte restaurert og fekk namnet «Makrelen» og står i Jaktenaustet på Værlandet om vinteren, om sumaren er han å sjå på sjøen i Værøyhamna.

Landøykarane og Kalvøykarane kjøpte to gavlar på same tid dette året. Den andre gavlen var noko mindre enn «Makrelen», men likevel med betre bereevne.  Bygd i Hardanger 1929. «25 fot 5'' lang 9 fot 5'' brei 4 fot djup. Bereevne 75 mål sild. Eigarar: Jonas J. Kalvøy, Johan A. Landøy og Einar J. Kalvøy. Båten vart seld til Olav Landøy Kumle hausten 1950.

                                            ________________________

Eg har og skrive tidlegare om båten til Jørgen Ravn som heitte «Ravnkornet» dette må ha vore ein sokalla sørabåt, men vi veit ikkje størrelsen på han. «Ravnkornet» leverte 31,5 mål sild i Værøyhamna på slutten av 1800 -talet.
Ein annan båt var søringen til Engelen (Engel Andreas Berntsen). Båten heitte «Soten». På bilete frå Værøyhamna 1905 ser vi «Soten» ligg på vestre sida av hamna ned for Leitehuset.
Og så båten hans Tomas i Vika må vi ta med. Seksæringen «Tordensjold». Båten skulle vere den mest lettsiglde seksæringen i heile distriktet. Å kappsegle med «Tordensjold» var fånyttes.

På sørsida av Kalvøy ligg fjøra som dei i fyrstninga nytta til slipping. Mange av dei fyrste fartøya som vart kjøpt til Værlandet var seglfartøy. Når motorane gjorde sitt inntog monterte dei fleire av desse sjølv, og det var i Kalvøyfjæra at den fyrste motoren vart montert. Kven som var fyrst ute av «Vesla» og «Sofia» veit vi ikkje, men i 1913 vart det montert motor i begge desse skøytene.
Det var i Kalvøyfjæra karane heldt på med dette arbeidet og dei hadde etter sigende anvisning og hjelp av ein kyndig mann som heitte Blålid frå Måløy. Gamlekarane fortalde at Listerskøytene skulle vere slik bygde at det gjekk greit å båre hylse i stilken på desse seglfartøya.
Dei sette skøytene opp i fjæra med bakenden og fekk soleis arbeide på fjære sjø.
       


Fjæra i Kalvøy der dei monterte dei fyrste motorane, dei brukte og fjæra til slipping av skøytene for klinking av saum m.m. Bilete er utlånt av Werner Vesterås.


Vi er no komen fram til kring år 1950 og eg avsluttar her. Eg er takksam for rettingar dersom notatar og overleveringane eg har gått ut ifrå for å skrive historia, ikkje stemmer. Det gjenstår 60 år med fiskebåthistorie som ein får ta tak i seinare når det ligg til rette for det.

Kjelder: 

Fiskebåtregisteret

Olav Vesterås

Per Nybø

 Rune Tistel

Håvard Halsøy

Sverre Landøy

 Magnar Landøy

Anders Værøy

Moritz Værøy

Tomas Leite

Nils Værøy

Henrik Leite

Rune Landøy

Vermund Landøy

Harry Landøy

Anna Kjempenes

Molly Værøy.

Anton Landøy

Fredrik Alden

Askvoll Bygdebok Folket II B

Skøytemuseumet på Lista.

Båtar med sjel. (Malvin Toft).

Flyfoto frå heimesida Bulandet og Værlandet.

Egersund  25 desember  2010.

Harald Leite.