Værlandet og Bulandet får telefonsamband til fastlandet. 

Den 1. juli i 1890 vart det oppretta postopneri i Værø som var namnet på Værlandet i den tid. Postopneriet vart lagt til «Hittunsbua» der Iver Karlsen frå Hyllestad dreiv landhandel og eit mindre fiskamottak.
Dampskipsamband finn vi heilt tilbake til kring 1880-talet.
Men so var det telefonen då. Den let vente på seg. Det skulle gå heile 26 år frå fyrste dampskipsanløp til Staten endeleg tok affære og strakte telefonkabel utover til øyane.

Telefonkabelen med linje frå Askvoll til Bulandet vart strakt året 1906.
Vistnok same linja som knytte Sauesund og Hindøyna til fastlandet. Telefonstasjonar på desse to plassane vart opna nokre dagar før hjå oss, nemleg 6. November.

Anlegget vart meldt ferdig 16. Oktober 1906, og to nye rikstelefonstasjonar vart åpna på Værlandet og Bulandet laurdag den 17. November 1906.
Då øyane i 1890 fekk sitt fyrste postopneri fekk dette namnet Bulandet Postopneri i Værøyhamn på Værø, dette vart gjort for at posten til øyane ikkje skulle fare på videvanke nordover til Værøy i Trøndelag, eller Værøy i Lofoten.
Når Bulandet fekk sitt eige postopneri fyrst i 1904 benevnt som Ytre Bulandet, og i 1905 som Bulandet Postopneri, fekk postopneriet i Værøyhamn namnet Værlandet Postopneri.
Øya Værø i Askvoll vart heretter benevnt som Værlandet.
Berre to år etter når telefonkatalogen kom ut vart det nye namnet på Værlandet teke i bruk også på telegrafstasjonen. No benevnt som Værlandet Telegrafstasjon.  Bulandet vart benevnt som Bulandet Telegrafstasjon.
Fyrst i 1911 kjem der inn i telefonkatalogen to personnamn: Marie Vadø og Bernt Værø. Dei er då dei fyrste personar som er nemde so tidleg..  Marie Vadø veit vi hadde  telegrafen i Bulandet og Bernt Værø (Hittun) telegrafen i Værlandet.

Telefonsentralen i Bulandet var heile tida frå 1906 til 1983 på Vadøyna.
Det var ei familie som styrde denne heile tida frå generasjon til generasjon.
Fyrst Sivert Johan Abrahamson Nikøy som var gift med Marta Marie Nilsdtr. Kumle.
Det var Marie som ein finn som styrar då den stasjonen vart opna i 1906.
Dotter deira Nancy Amanda Sivertsdtr. Abrahamson Vadøy gifte seg 1927 med Bernhard Johan Mathiasson Hugøy og dei overtok som neste generasjon. Seinare vart det Rikard, bror til Nancy og dotter til Nancy, Dagmar som styrde fram til atomatiseringa i 1983.  I mange år var det berre 5-6 telefonar i Bulandet difor hadde både Sivert og Bernhard (Hugøyen som dei kalla) utallige turar på færingen rundt om i Bulandsunda med telefonbud. Dei eldre fortel at dei hugsar at Hugøyen var eit velkjendt syn i sunda i Bulandet der han rodde med telegrammar og bud til folk på øyane, ja heilt inn til Melvær for han.
Den fyrste Rikstelefonstasjonen i Bulandet vart etablert i gamlehuset på Vadøy, seinare vart den flytta til nyehuset  som vart bygd på 1950-talet, og var der fram til 1983.  Huset der den fyrste stasjonen var, er no borte, men det stod på nordsida av nyehuset.

Den vidare utviklinga med telefonen lokalt gjekk utruleg tregt, dette skyldast nok at ein måtte koste både telefonapperat og linje sjølv. Dette vart nok for stor kostnad for folk flest, dessutan var dei vel storleg nøgd med det nye vidunderet(telfonen) som dei hadde fått til øyane, og dreiv vel ei stund på med og fordøye denne gleda.
Litt etter kvart dukka det opp ein og annan telefonen i begge bygdane.
Ikkje før i august 1932 fekk dei telefon i Alden.  Hamna i Alden var ein sentral hamn når storsildfisket pågjekk i området , dette var nok grunn til at det her i den perioden vart oppretta ein Rikstelefonstasjon med vanlege opningstider. Denne vart i seinare tid omgjort til vanleg talestasjon.
Det var stas for dei gamle i Alden som såg med ærefrykt på dette nye vidunderet som vart montert i eit rom i underetasja. Når telefonen ringde nede vart det fortalt at ho Johanne (Hanna dei kallte) tok på seg kvitt forkle og kjemde håret og pynta seg før ho kunne gå ned å snakke i telefonen.

Abonnentar som budde nærmast telegrafstasjonen hadde ein fordel, kostnaden vart betydeleg større for dei som måtte strekke lange linjer. Ei meir kostbar linje var linja frå Vadøy til Nikøy. Det er ikkje utruleg at Petter og Nicolai var saman om denne linja og at Nicolai seinare registrerte seg i telefonkatalogen.
Andre kostbare linjer må være linjene til Sandøy og Melvær. Dette vart gjort ca. 10 år før staten kjøpte opp og overtok både kostnad og vedlikehald av heile telefonverket.

Nokre innstallerte telefon uten å registrere seg.  Difor finn vi ikkje register over nokre av dei fyrste abonnentane.

Det vart i fyrstninga mykje brukt å vere eit par abonnentar på same linja. Dette har vi eit eksempel på i Landøyna i seinare tid, som vi hugsar. Her var det Jonas Landøy og Halfdan Landøy som gjekk saman og kosta linje og telfonapperat.
Det var i 1947-48 at telefonlinja vart lagt nord til Landøy. Vi veit at den gamle linja gjekk ut over Leite og  gjennom Fargedalen, utover nord for Duvatnet, over nordre Duvasselva der ho går ut i sjøen, og vidare utover til Melværsundet der ho går over i kabel. Frå Duvasselva var det ikkje so langt nord til Jonas og Halvdan.
Med to abonentar på same linja fungerte dette slik: Når det ringde ein gong hjå Jonas var telefonen til han, ringde det to gonger skulle han ikkje ta telefonen, då gjekk han vidare til Halvdan.
Når telefonen kom i Landøyna vart det endeleg slutt på dei mange turane i Landøyna og Kalvøyna med bud. Det var alltid den yngre generasjonen som fekk dette oppdraget. Det heitte at: «Dei var so lette på foten at dei sprang fort ut om landet», men prøv i vår dagar om ein hadde fått nokon til å springe ut til Landøy eller Kalvøy for femti øre i lønn. Eg trur den femtiøringen er den som har vore jobba mest føre i heile Norges land.  Og so var det strengt og, eit telefonbud kunne ikkje berre rope over Stroka at den og den skulle komme i telefonen, nei, det skulle overleveres «En og personlig», med andre ord berre den som det var bud til kunne få meldinga.
Bud til Kalvøyna og gjekk vi fri når telefonen kom til Landøy. På det nordste huset i Landøy budde Anny og Halvdan med ein stor barneflokk og dei vart mykje nytta som budberarar til Kalvøy, før dei endeleg fekk telefon i Kalvøyna kring 1960.
Karl Landøy fortalde at dei hadde mange turar ned i båten og over Stroka og bort i Kalvøy med bud.  Han var ikkje sikker på om det var ei krone eller femti øre dei fekk for kvar tur i dei dagar.

I Bulandet hadde dei sin måte å gå med bud på. Dette var før bruene si tid og ein nytta robåten mellom øyane.  Dei hadde sin særmerkte måte å varsle på når dei for med meldingar og bud ute i Bulandet. Dei rodde so nær huset til den som skulle ha varsel eller bud, som mogeleg, so klakka dei med årane. Årane vart slegne hardt ned på keipane og var det sink eller kopar på keip og årar som dei ofte brukte for å hindre slitasje, laga båten lyd som ei tromme. Ein effektiv måte å få kontakt på, for å  få fram ærendet sitt.

I telefonkatalogen for 1926 er det berre tre registrerte abonnentar i Bulandet:
Knut Gjørø      nr. 5
Petter Nikø      nr.  6
Magnus Rogne nr.  4
Seinare i 1932 ser vi det som vi kanskje kan samalikne med på Landøy i Værlandet.
Her er no seks registrerte abonnenter og Mattias Kjempenes har same nummeret som tidlegare Magnus Rogne. nr. 4.
Nicolai Tistel har her same nummer som Petter Nikø nr.  6.  No har Einar Hillersø komen til med nr. 5. Medan Knut Gjørø no har fått nr. 2.
Skal tru kven som hadde telefon nr. 1 og 3 i Bulandet?


Utklypp av telefonkatalogen frå 1932 for Bulandet.

Dreiv dei handel, ekspedisjon eller fiskemottak, hadde dei bruk for å stå registrert i katalogen, ser det ut som. Kanskje det kosta ein del å registrere seg i katalog og at det er ein av grunnane til at vi ikkje finn alle i registeret.

Vi ser at på Værlandet i telefonkatalogen for 1926 er to abonentar, Johannes Leite som har telefon nr. 6. Johannes var foretningsmann. Ekspeditør Bernt Værø står med nr. 5.
I katalogen for 1932 har Sverre Brosvik nr. 5 som Bernt hadde. Sverre veit vi dreiv handel på Hittunsbua før han bygde og etablerte seg  i 1930-åra borte på Hamnaholmen eller «Nakken» i daglegtale.
Det er truleg at Bernt, som står oppført som ekspeditør med nr. 6, har telefonen sin i Hittunet.
Bernt Hittun flytta frå Værøyhamna og sør i Hittun i midten på 20-talet. Det vart strakt linje sørover «landet» og han hadde telefon i Hittun. Han hadde ekspedisjonen i Værøyhamna  og var truleg difor registrert.  På Værlandet har vi også ikkje greidd å finne kven som hadde nummera: 1-2-3-4.

Utklypp av telefonkatalogen frå 1932 for Værlandet

Ragnhild Johanne Ludvikke Hansen gift med bror til Berte Marie Andreasdtr. Værøy overtok telefonsentralen etter at Bernt flytta til Hittun.  Det er  mest truleg at i denne tid låg sentralen i Nyehuset som Bernt hadde bygd oppfor Hittunsbua kring 1914.
Ragnhild og Ludvik overtok sentralen og flytta han sør i «Engelhuset» ein gong i midten 1920-talet.  Dette er på same tid som vi veit Bernt flytta sør til Hittun.
I 1929 døydde Ludvik, og Ragnhild flytta til Florø der ho seinare gifte seg oppatt.
No vart telefonsentralen flytta nord i huset til Tomas Leite og det var  kona hans Dorthea som overtok denne. I nærmare 40 år hadde dei telefonen i dette huset.
Etter berre nokre år overtok Solveig Leite telefonsentralen, ho var gift med eldste son i huset, Johannes Leite. Desse to hadde sentralen fram til 1968 då Alma Værøy overtok, og sentralen vart flytta bort i huset deira berre eit steinkast frå «Leitehuset».

Telefon var ikkje vanleg for folk flest, det var fyrst når staten overtok heile greia at det vart fart i telefontilknyttninga. I 1956, mandag den 1. Oktober, vart lokaltelfonar tilknytt rikstelefonsentralane innløst av staten.  I  Bulandet skjedde det same tirsdag 1. Januar 1957.
No var det staten ved Televerket som sette opp linjer og stod for velikehaldet.
I fyrstninga av femtitalet fekk øybuarane elektrisitet, mange av dei stolpane som bar linjene vart nytta også til telefonkablar, dette gjorde framføring av telefonen mykje lettare.

I 1983 vart telefonen automatisert, det var slutt på sentralane i øyane.
Eit lettelsens sukk gjekk over øyane, no kunne ein ringe kor tid som heldst på døgnet.
Tidene for opning og lukking av telefonen var ein saga blott.

Kjelder: 
Norsk Telemuseum
Målfrid Hittun Fedøy
Håvard Halsøy
Dagfrid Roska
Liv Grimelid
Karl Landøy
Nils Værøy
Ingebjørg og Olav Vesterås
Jofrid og Fredrik Alden
Jardar Melvær


Hamna 1917. Vi kan tydeleg sjå telefonpålane ned til Hittunsbua. "Engelhuset" er det kvite huset midt på bilete over mønet på Leitebua


Hamna 1935. Her ser vi Hittunsbua ( bua med pipe). Ovenfor den Hittunshuset som Bernt bygde 1914, og bakerst Leitehuset
der sentralen var i mest 40 år.


Bernt Hittun


Dorthea Leite


Hamna 2005. Det gule huset bak Hittunsbua er huset til Arvid og Alma der sentralen var frå 1968 til 1983.


På museumet i Engelbua i Hamna er deler frå den gamle telefonstasjonen utstilt.


Telegrafstasjonen i Bulandet i 1909, fotografert frå vestsida. Kvinna som står er Marie Abrahamsen. Ho hetter
opprinneleg Marta Marie Nilsdotter Kumle.
Mannen som sit i midten er truleg ein dei kalla Gamle Karl og kom frå Bergen. Han budde vist i Girkjehuset.
Dei andre er foreløpig ukjende, men Nancy er nok ein av ungane.


Marie Abrahamsen.


Telegrafstasjonen i Bulandet nokre år seinare, fotografert frå aust. Den har fått tilbygg mot nord sidan forrige bilde.
Her er trulig stasjonen alt flytta til nyehuset, der var og doktorkontor. Den kvite søyla ein ser er ei innretning dei
målte nedbørsmengde med. Nyehuset blei bygd på 1950 talet.


Johan Hugøy rodde med telegram mylja øyane.


Eit typisk telegram frå dei tider det var vanleg med telegram.


Sjølve telefonsentralen i nyehuset. Arild Mathisen er telefonvakt for anledninga.


Telefonsentralen nokre år tidlegare. Arild Mathisen her og. Så bestemor Nancy Mathisen som dreiv stasjonen
og bestefar Johan Hugøy.


Nancy med endå eit barnebarn, her er det Tony Hillersøy som held ho med selskap.