Reportasje frå då heimesideskrivarane reiste til Florø for å få overrekt sponsormidlar frå Veikingkonvoien. Bilete frå turen finn ein nederst på sida.

Her er link til Veikingkonvoien.

Grunnlaget til reportasja starta eigentlig  under Nordsjøporthelga i 2006.
Då var heimesideskrivarane so frimodige at dei spurte generalen for Veikingkonvoien, Vidar Nupen, om sponsormidlar til å kjøpe webkamera. Veikingkonvoi-generalen var velvilligheita sjølv, men heimesideskrivarane hadde ikkje peiling på webkamera so da rant liksom ut i sanden.

Lokale sponsorar har  i myljatida bidrege med sopass mykje midlar at heimesideskrivarane har gått til innkjøp av web-kamera likevel. Utan at vi har meir peiling på webkamera av den grunn, men da kjem seg.

So fekk dissa heimesideskrivarane eit nytt frimodigt øyeblikk øve seg att, og forespurte Generalen for Veikingkonvoien, Vidar Nupen, om da var litt sponsormidlar å få.
Da var nok ein gong velvilligheita sjølv vi møtte, og brått stod da 10-tusen kroner på kontoen til heimesida, frå Veikingkonvoien.

Heimesideskrivarane var heilt overvelda øve ei so stor sponsorgåve på ein gong, og da vart fort bestemt i heimesideskrivarstyret at dissa pengane skulle verte brukt til noko skikkeligt fornuftigt og at vi måtte lage eiga reportasje om saka.
Ellers må da nemnast at alle sponsorgåver vert brukt til noko skikkeligt fornuftigt, og at vi er like glade og fornøgde med alle sponsorane våre. Sponsorane finn ein forresten på  sponsorsida vår.
Er da nokon som vil ha ekstra profilering so stille vi sjølvsagt opp.

Nok om da.
Her starta liksom reportasja om då heimesideskrivarane reiste til Florø for å motta sponsormidlar frå Veikingkonvoien.

Fredag den 13.april 2007
Alle har komme seg ombord i ferja.
Dei potensielle framtidige heimesideskrivarane, Sofie og Johannes, vert fortalt kor hardt da kan være å verte framtidige heimesideskrivarar. Vi fortel om mediakjøyr og korleis ein skal forhalde seg til krevande sponsorar.
Dei framtidige heimesideskrivarane bryr seg ikkje so mykje om kva vi seie, og da er nok sikkert like greit for dei noverande heimesideskriverane har ikkje peiling om kva dei prata om sjølv i so måte.
So er da ein kort stopp i Førde.
Den kvinnelege heimesideskriverska har glømt toalettveska heime og den framtidige heimesideskriverska må ha nytt badetøy. Den mannlege delen av heimesideskrivarane beheld fatninga so godt dei kan, og roa seg ned med å ete bolla og studere skumle PC-spel.
Veiret er fint, og turen vidare til Florø går like fint.

Laurdag den 14.april 2007
Dei framtidige heimesideskrivarane hadde fått lovnad om å få bade i Havhesten so mykje dei vil, og den lovnaden utnytta dei seg til fulle. Da var full aktivitet i nesten 4 tima, og vel so da.
Itte badinga so måtte alle ha litt mat i skrotten. 
Heimesideskrivarane viste då at vi skulle møte sponsorar og media på ein plass i Florø som hette "Hjørnevikshagen" eller noko sånt. So vi la like godt veien dit, for å gjere seg kjent liksom.
Itte 4 timar med assorterte aktiviteta i badebasseng og mat, so gav dei framtidige heimesideskrivarane klart uttrykk for at no var dei fornøgd med dagen. Noko mediapress og sponsoraktiviteta  ville ikkje dei ha noko av.
Denne gamle heimesideskrivaren og ho "ikkje fullt so gamle" heimesideskriverska let då ungdommen få fri resten av dagen.

Da er ikkje berre berre for to truskyldige heimesideskrivarar å møte sånt stort pressekorps, og sånne framande store sponsorar på ein gong. Vi var nervøse både i haua og magen begge to. Nervøsiteten i haua er da ingen som ser, og vi meina bestemt at da var ingen som hørte noko av nervøsiteten i magen. Sikre er vi ikkje, men trur vi kom frå da med æra i behold.
Frå Veikingkonvoien so var da generalen sjølv, Vidar Nupen. So var da administerande direktøra eller noko i den dur. Vi fekk ikkje med oss kva dei administrerte, men dei hette no Dag Magne Knapstad og Dag Roar Bjerk. So var da Olav Hatlemark frå Firdaposten og Ivar Longvastøl frå Firda.

Veikingkonvoien skrytte fælt av kor kjekt da var å ha folka frå øyane våre med på konvoi. Dei laga god mat, hadde med seg god stemning og flott musikk.Her er da vel Værlenninga og Aldeninga som har bidrege mest, men æra går til alle.
Vi heimesideskrivarane var skikkeligt krye av å høyre kor godt bidrag øyafolket her ute har gjort for å hjelpe til å få  god stemning på Veikingkonvoiane.
So var vi litt skjemde fordi ingen av heimesideskrivarane har vore på Veikingkonvoi nokon gong, men vi klarte no å forbigå da i all stillheit.

Sponsormidlane vart øveført i 7 fullstappa sylteglas. Da var nokre skruar og mutrar inn i mylja alle pengane, men totalen var 10-tusen kroner. Skruane og mutrane har vi teke vare på i tilfelle da er ein eller anna veikingbåt som må reparerast ein eller annan gong.

Da vart ikkje lagt nokon føringa på sponsormidlane, anna enn at da skulle verte brukt til noko fornuftigt som gleda både Værlandet, Bulandet, Alden, Ryggsteinen, Håsteinen og alt anna av øyar rundt omkring her.

Heimesideskrivarane tek gjerne imot gode råd om kva vi må bruke pengane på.
Vi er litt usikre på om vi skal bruke da på å utvide folketalet i øyane eller gjere da kjekkare for dei som alt bur her.
Ein kombinasjon hadde kanskje vore da beste.
Vi har bestemt oss for å ha eit ekstraordinært heimesideskrivarstyremøte om saka. Ellers vert no sjølvsagt alt som har med våre felles midlar lagt ut på heimesida til diskusjon og kommentar.
So må da til slutt nemnast at heimesideskrivarane tek på seg å ta den endelige avgjersla vist da skulle oppstå noko krangel i so måte.

So var møtet slutt og alle drog kvar til sitt.

Sundag den 15.april 2007
Da starta no med ny badeøkt for den kommande generasjon heimesideskrivarar.
Johannes hadde so mykje gangsperr i skrotten frå dagen før, att han var sikker på at hans siste dag var kommen.
Han skulle no i alle fall ikkje bade meir.
Itte 5 sekunda i bassenget so var alt glømt, og han såg mest ut som ein propell som låg å dundra nedi vatnet.
Sofie merka ikkje noko av gangsperren frå dagen før og naut bassenget frå fyrste sekund i dag og.

Badebassengets gleder varte ikkje so lenge i dag, sidan vi skulle rekke 3-ferja  frå Askvoll
Veiret var flott og alt gjekk i dundrande fart mot Askvoll.
So vart Johannes litt kvalm og vi stoppa bilen for å ta ein liten pause.
Då viste da seg at den gamle bilen til den mannlege heimesideskrivaren er veldig lik eigaren. Da taut ut fislelyda alle veia, og lukta var heller ikkje av da beste ein kunne tenkje seg.
Den einaste forskjelen var at da kom mykje kvit røyk framme frå motoren til bilen, mens da enda ikkje har komme noko sånt frå eigaren av bilen. Ikkje framme i alle fall.
Vi tok eit bilete av seansen, men då var sjølvsagt røyken ferdig med å røyke.

Den kvinnelege heimesideskriverska såg med ein gong at her var da fleire løysninga enn problem.
Mens den mannlege heimesideskrivar låg med rompa i veiret og kikka på ein radiator som spruta vatn og damp, so fylte ho opp fleire vassflaske frå eit myrhol som tilfeldigvis låg i nærheita. Etter eit par vassflaske med grøne alger og store svarte biller, so var radiatoren so tett som den aldri har vore.

So kom vi oss til Askvoll og ferja og heim.

Da var slutten på dinna reportasja.

Toyota'en til den mannlege heimesideskrivaren virka foresten enno, om enn med ei eksotisk lukt av svidde grøne alger og kokte larver, biller og kva da no enn heiter alt som bur nede i eit grunt myrhol.
SISTE 17.04.07  Toyota'en virka i 2 dagar til, før den kollapsa i Bergen. No er den seld til Afrika, og har begynt nytt liv som taxi i Nigeria.

Klikk ein gong på bilete so vert da større.

Neste generasjon heimesideskrivarar klar til å reise på reportasjetur

Neste generasjon heimesideskrivarar på vei til bading, men dei har liksom ikkje heilt vent seg til å profilere seg skikkeligt framfor kamera enno

Vel 3 og ein halv time med bading er øvestått, og alle gjer seg klar til da foreståande mediakjøyret.

Litt mat må ein ha mylja bading og mediakjøyr. Men itte maten so ville dei framtidige heimesideskrivarane rett og slett ha fred.

Da slo verkeleg gnista so da spraka mylja Linda og Vidar Nupen. Dei påstod no at da berre var statisk elektrisitet då.

So har da begynt å samle seg med heimesideskrivarar, veikingkonvoiarar og journalista.

Her er møtet samla. Med ryggen til ser ein Linda bakfrå. So frå venstre Dag Roar Bjerk, Vidar Nupen, Olav Hatlemark, Ivar Longvastøl og Dag Magne Knapstad

Her er han Dag Roar Bjerk frå Veikingkonvoien. Han var noko administrerande greier, men ein kom ikkje heilt til einigheit om kva da var. Noko skikkeligt fint var da no i alle fall.

Her er han Dag Magne Knapstad frå Veikingkonvoien. Han og er noko skikkeligt fint administrerande noko. Heimesideskrivarane var voldsomt krye av å få være saman med so mykje administrerande på ein gong.

Her er Vidar Nupen frå Veikingkonvoien. Da var litt lettare med tittelen hans, for han er general. Framfor Vidar so ser ein sylteglasa med sponsormidlar.

Dag Magna Knapstad og Ivar Longvastøl frå avisa Firda. Ei skikkelig god avis meg masse kjekt stoff.

Vidar Nupen og Olav Hatlemark frå avisa Firdaposten. Ei skikkelig god avis med mykje kjekt stoff.

Her prøvde den mannlege heimesideskrivaren å sjå skikkeligt seriøs ut. Forsøket varte berre nokre sekunda og han klarte ikkje å lure nokon

Veikingkonvoien øvelet høgtideligt sylteglasa med sponsormidlar til heimesideskrivarane for Værlandet og Bulandet. Vi var skikkeligt krye og stolte dar vi stod.

Generalen i Veikingkonvoien tek eit siste øveblikk for å forsikre seg om at sponsormidlane har havna i rette hender.

Heimesideskrivarane på veg heim. 5 sekunda før bilete vart teke so var bilen inntulla i kvit røyk. Bak i venstre hjørna på bilete so fant Linda eit myrhol med vatn, da bjerga ein verdig heimkomst for heimesideskrivarane og dei framtidige heimesideskrivarane

Ein representant for den framtidige heimesideskrivar generasjonen påstod at ho kunne bygge alle klossane på ferja til eit tårn. Ingen trudde på ho, men da klarte ho fint. Her er Sofie framfor mesterverket sitt.