Nordsjøporthelga 2006

Sjå bileta frå den fantastiske Nordsjøporthelga 2006!


Denne informasjonen vert oppdatert etter kvart som vi får ting på plass. Følg med!
Information in English

Pressemelding 2006

Programmet ser førebels slik ut:

Fredag den 30. juni
Kl 20.00
i ungdomshuset på Værlandet.

Jubelhornet underheld frå klokka 20.00 til klokka 21.00, etter det får vi innslag ved dei skotske ungdommane fram til klokka 22.00.  Resten av kvelden og natta blir det Keltisk pub. Det irsk-skotske firemannnsbandet "The Corner Boys" spelar keltisk tradisjonsmusikk.

Båtsamling i Værøyhamna.

Værlandet Handel hel ope frå klokka 10.00 - 17.00

Værlandet Båt held ope fram til klokka 20.00

Værlandet ride- og aktivitetsgard har open gard frå klokka 12.00 - 16.00.

Laurdag den 1. juli
Kl 09.30
Offisiell opning av museet i bua etter Peder M. Hansen. Askvoll Sogenemnd har sin stand her. Det vert servering av tørka sild med flatbrød og rømme, natronkaker og kaffi. Museet held ope utover dagen.
Kl. 10.00 - 16.30
Marknad.  Det vert allsidig aktivitet i Hamna på Værlandet. Omlag 40 ulike stands på området til Værlandet Båt og Værlandet Fiskeredskaper. Aktivitetane varierer frå riding, steinhoggarleir og salsboder til konkurransar og lykkehjul. Njord er der med havkajakkar. Skotske ungdommar underheld med song og musikk.

Kl 14.00 - 16.00

Prøvekøyring av firehjulingar for barn. Normarin har bane ved parkeringsplassen.
 

Værlandet Handel held ope frå klokka 10.00 til klokka 15.00.

Værlandet Båt held ope til klokka 22.00.

Buss frå Bulandet klokka 11.15, frå ferjekaia klokka 12.00 til marknaden i Hamna. Retur frå Hamna kokka 17.20 til ferja, så vidare til Bulandet.

Kl 18.00

Konvoi til Bulandet. MS "Atløy" kan ta med omlag 40 passasjerar.

Sundag den 2. juli
Familie- og kulturdag i Bulandet.
Meir om kva som skjer i Bulandet i løpet av helga, kan du lese her.
 

Værlandet Båt held ope frå klokka 16.00 til klokka 21.00.

Værlandet Handel held ope frå klokka 13.00 til klokka 16.30.

 


Dei som ynskjer å vere med på marknadsdagen i Hamna på Værlandet tek kontakt med Audun Oddekalv på telefon 57731299 eller 57731195 eller Gry Leite på telefon 57731128 eller 57731108.

Oversikt over utstillarar

Her er bilete frå Nordsjøporthelga i 2005 og i 2004