Værlandet køyre- og rideklubb.


Her kan ein stelle dyr, ri og kose seg.
Er det noko du lurer på så er da berre å ta kontakt:        
Info: Eva Landøy. Tlf: 57 73 12 01 / 95 07 54 29. evalandoy@live.no

Eva har og eiga heimeside, den kan du kikke på her.

Nokre av dyra hennars Eva har vore i nyheitene tidligare, her er den dramatiske historia.

Aktivitetar i nær framtid:
Laurdag 24. januar 2008 12:00 til 15:00. Open gard, inngangsbilett kr. 30,-
Det vert Stormhelg med dressur laurdag og sprang søndag siste helga i vinterferien. Da vil sei 28. februar og 1. mars.
 

Her er bilete frå garden.

Du må klikke på bilete ein gong for å få dei større.

Når du kjem frå ferjekaien og ser dette skiltet so har du komme på rett plass.

Her står sjefa sjølv, ho Eva Landøy.

Her stuller og steller ho Eva med nyfødde kaninunger og kaninmora.

Her står hesten Fia og koser med mora si.

Tiasen var litt meir skeptisk til å kose med Fia.

Ho Synnøve steller med hestane.

Ein kar er klar til ridetur, mens Synnøve held hesten i ro so lenge.

Høner høyrer og med på ein gard.

Grisen Pål står å lurer på kva slags fotograf som fer å sleng langs med vegen.

Tiasen og Pål kom av ein eller anna grunn godt overens, kansje dei har noko til felles.

Grisen Pål skal få seg grisete damebesøk snart, men inntil den tid so koser han seg med hønene.

Geiter er her og. Her ved Superspretten, mens Fia klarte å snike seg med på bilete her og.

Gardsguten Steinar og den alltid like fotogene Pål.

Vil ein ha litt pause frå dyrestellet so er da berre å hive seg i trampolina.