Fartsglad lærerinne mot fartsblind høne.

Det var stor dramatikk utanfor eldrebustaden på Værlandet i morgontimane den 27. april 2005.
Klokka var sånn ca. 08:36.
Høna hennar Eva Landøy vart påkjørt av Værlandets heimesidejournalist Linda Landøy.

Tilfeldigheitane vilde at Bulandet sin gravande heimesidejournalist kom syklande rett bak Linda og vart vitne til heile tildragelsen.
Da skal nevnast at farten på bilen hennas Linda var lav, då ho nett i førevegen hadde passert ein vinglande og syklande heimesidejournalist som virra med haue for å sjå etter godt heimesidestoff.
Høna derimot hadde ein fælslig fart, da såg nærmast ut so ho låg i graset klar til å gå til åtak på da første og beste som passerte.
Den syklande heimesidejournalisten torer ikkje tenke tanken på kva som ville skjedd vist han hadde passert høna fyrst med sykkelen. Å få ei rabiat høne i fanget so tidelig på morgonen hadde nok vorte i meste laget sjølv for han. Da var sånn ca. 6 sekunder frå katastrofe.

Høna small i bilen med eit ofselig dunk, men ei sånn hardfør høne trur eg ikkje har trippa langsmed nokon veg før.
Enten har ho Eva Landøy ei makelaust hardfør høne eller so er ho so vant med å verte overkjøyrt at ho ikkje enser det lenger.
Ca. 4 og eit halvt sekund etter påkjørselen var begge heimesidejournalistane og kallen til Linda på intens synfaring rundt bilen, men høna var sporløst vekk.
Ikke ein bloddråpe og ikkje ei fjøyr å oppdrive, og aller minst, ikkje ei høne eingong.
Trass i intens leiting rundt bilen, under og inni bilen, og i dei omkringliggande omgivelser so var høna sporløst borte.
Pr. skrivande stund, ca. klokka 12:46 same dag, har ikkje heimesidejournalistane klart å få  nokon kontakt og darmed heller ikkje nokon kommentar frå høna.
Er da nokon som har tips om høna so send da til heimesideansvarlige slik at mysteriet kan verte oppklart.

I sånne tilfelle er da lett for at ondsinna rykte kan oppstå, so da er berre å avkrefte med da same.
Da var berre tilfeldigheiter at begge heimesidejournalistane var innvolvert i tildragelsen. Vi går ikkje rundt i morgontimane og trakkaserer einsame høner berre for å skaffe "blodferskt" nyhendestoff til heimesida.


For å få med seg fleire dramatiske hønsehistorier so kan ein og lese om  Alberta på havet , forsvinninga av Brynhild, begravelsen til Svanhild og åpninga av Klukkebu
 


Her er nokre bilete fra dei dramatiske minutta etterpå.

Dittta er ho Linda altso. På desperat jakt etter ei skada høne. Høna var ikkje å oppdrive, so darmed er da ikkje bilde av ho.

Linda og Kallen rett før vi resignerte og gav opp heile hønejakta. Begge mannlige deltakarane i jakta var heilt einig om at vi foretrekke hønejakt i meir ordna og forutsigbare omgivelser.

Utan fysiske skadar

Ut på ettermiddagen ryktest det at høna hennar Eva hadde overlevd. Heimesidejournalist og fartsglad / uheldig lærarinne Linda oppsøkte den framleis skjelvande, men forbausande rolege høna for å få ein kommentar til den skrekkelege hendinga som råka den forsvarslause fjørkledde skapningen desse skjebnesvangre sekundane i dag tidleg - Skiltinga er for dårleg på denne strekninga, seier ho.

hone1.jpg (117901 byte)     hone3.jpg (118471 byte)                                                                                         

 

 

 - Det er for mange hønsehjernar i trafikken, seier ei skremd, men fatta høne etter skrekkopplevinga i dag tidleg.

Skilting på plass i dag!

Måndag den 2. mai kom skiltinga endeleg på plass. - Det måtte ei nesten-ulukke til før nokon reagerte, seier hønene.