Joker Bulandet
Her  ligg butikken i Bulandet Butikken sett frå sjøsida.


Informasjon om butikken, opningstider m.m. for Joker Bulandet finn du på Joker.no

Butikken i Bulandet heiter Joker Bulandet og ligg på øya Nikøy.

Her kan du fylle bensin og diesel, du kan tippe, sende post og sette inn penger i banken.
Har du lyst på trim kan du leige sykkel og treng du båtplass kan du leige det.
Skulle du ha skallebank eller forstoppelse så har dei medisinutsalg og.
Vil du slappe av så er det kaffekrok der du kan kjøpe kaffe og nystekte vafler.
Har du lyst på ein prat med hyggelige folk så kan du berre prate med betjeningen,
alle er damer og alle er like hyggelige. Ikkje er dei så verst å sjå til heller foresten.
Ja, skulle du ha bruk for sement, skruer, syltetøy, toalettpapir eller andre daglegvarer so
har dei no sjølvsagt det òg.

Åpninga av kafèn den 06. juni 2005 kan du lese litt meir om her.

Nye eigarar overtok bedrifta AS Nikøy (butikken og kafeen) kring nyttår 2010/11.
Den 28.mars-12 var det nyopning av butikken etter ombygging og rehabilitering, så no har vi ein moderne og flott butikk - Norges vestlegaste Joker butikk!

Litt info om dei nye eigarane:
Daniel Fedøy mob 47668066,  mail daniel@granasa.no
Ruben Fedøy mob 95067285,  mail ruben@granasa.no

Utanfor er det benker slik at det går an å sitje å kose seg i fineværet.
Kjem du landevegen med buss så er endestasjonen til bussen rett bak butikken.
Vist du kikker godt på bilete til høgre over her, så ser du bakenden på bussen
der den står på haldeplassen sin.

Nikøy Gjestebrygge
Hamneavgift ved liggetid over 5 timar, betalast i butikk/kafè
Prisar per døgn: under 35 fot kr 150,- over 35 fot kr 200,- straum kr50,-

Er da noko du lurer på om dei har på lager, eller om vaflane er varme eller noko anna,
so kan du ringe butikken på 57 73 21 44 eller sende faks til 57 73 22 20

Ei lita reportasje frå då brødskjæremaskina, som Joker Bulandet gav i julegave til kundane sine 2011, blei testa ut.
 

Under her finn du nokre bilete frå Joker Bulandet.
Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i
i virkeligheita.

Lørdag 26.02.2011.
Markering av generasjonskifte for AS Nikøy. Dei nye eigarane Daniel Fedøy, Ruben Fedøy og Arnt Henning Blom ; og dei gamle eigarane Konstanse Tysse, Jorunn Nikøy og Berit Nikøy, blei feira med kaker og blomster og fine ord. Målfrid Nikøy, som òg er ein av dei gamle eigarane, var ikkje med under denne seansen.
 

Fornøgde kunda handler for harde livet. SteinAre og Lindha gjer unna lørdagshandelen før dei skal feire generasjonsskifte, med kaffi og dugelig med kake.

Ikkje løye at kundane er fornøgde når da er sånne nydelig fine og smilande jenter som jobber på butikken. Synnøve og Karoline er like smilande og blide heile tida.

Her er nye butikksjefa Kari Helen Blikås og kokka Trude Melvær, alltid like smilande og blide dei òg.

Jorunn Nikøy, som er ein av dei gamle eigarane, har dreisen på butikkarbeid enno. Men så har ho no 55 års erfaring som butikkarbeidar og då.

Når da er nåke som skal feirast i Bulandet, så høyrer kake med. Ikkje ei og anna kake, men ei rue med kake i alle farga og fasonga.

Da held ikkje med berre eit kakebord når noko skal feirast i Bulandet.

Ekte gratulasjonskake høyrer òg med.

Frank Hatlø, formann i Bulandet Grendalag, helt tale og hadde nokre blomsterbuketter på lur.

Her får ein av dei nye eigarane, Daniel Fedøy, blomster.

Ruben Fedøy, ein annan av dei nye eigarane får blomster, og da ser han ut til å være skikkelig fornøgd med.

Reidun les opp ei tale, med masse skryt til både nye og gamle eigarar, som ho Oddlaug har skreve.

Oddmund heldt tale òg, som ein kan sjå så var han skikkelig fornøgd med tingenes tilstand.

Konstanse Tysse takker for blomster og fine ord, og ynskjer dei nye eigarane lykke til vidare.

Her er da Jorunn som held takketale og ynskjer dei nye eigarane lykke til.

Fotografa var da øve alt, her representert ved ei av dei, ho Magni. Da var mange som ville forevige ditta historiske generasjonsskiftet.

So var da berre å hive seg i kakeeting. Jorunn fekk æra av å starte med kakeeting, og da hadde ho ingenting imot.

Målfrid var godt fornøgd med gutungane sine, som hadde stått for generasjonsskiftet. Jammen vart da vetige folk tå dei òg.

Gamle og nye eigarar. Karane Ruben og Daniel står for nye eigarar, mens jentene Konstanse, Jorunn og Berit er dei gamle eigarane. Målfrid Nikøy, som òg er av dei gamle eigarane var ikkje til stades under fotoseansen.

Arnt Henning på Joker Værlandet er òg ein av dei nye eigarane. Men som da høve seg ein travel butikksjef så hadde han ikkje tid til kakeeting og feiring, han måtte drive butikk. Men fotografering slapp han ikkje unna.


Bilder frå 2005-2007.

Butikken og gjestehamna sett frå lufta under Nordsjøporthelga2007

Butikken og gjestehamna sett frå lufta under Nordsjøporthelga2007

Butikken og gjestehamna sett frå lufta under Nordsjøporthelga2007

Butikken sett frå sjøsida

Gjestehamna ved butikken

Her står ho Eli i kassen.

Ho Irene står å lurer på kva den hersens koden var no igjen.

So har ho Irene tasta koden og pengar var det på kontoen.

Her sit damene og tek seg ein velfortjent matpause. Frå venstre Eli, Reidun, Liv og Marianne.

Her sit sjefa sjølv, ho Reidun, og administrerer eit eller anna på telefonen.

Bill held på med siste finpussen før den nye kafe'en skal opne.

Mandag 06.06.05 var den nye kafe'en ferdig.

Her står Marianne og Eli klar til å servere vafler på morgenkvisten

Fotografen har drista seg bak disken og her held dei på med dagens middag.

Her er da Tiasen som drista seg framfor fotografen si linse for å få seg ein kopp kaffi.

Her går da i vafler, kaffi og skarping av Flaxlodd. Kan no berre nevne at ein av motiva vant 1000 kr. rett etter at bilde var teke.

Her ser du butikken frå litt avstand. Gjestekaia ser du til høgre for butikken. Framtidig gjestekai ser du ligge oppankra.