Gamle dager i Bulandet og Værlandet
Her skal det komme bilete frå gamle dager og bilete frå notid, slik at ein kan få eit inntrykk av utviklinga i bygda.
Med tid og stunder vil da komme ei bedre sortering her, slik at det blir lettare å finne bilde frå akkurat den plassen
ein vil sjå.
Det er litt tynt med bilde frå gamle dager på Værlandet, men det vil komme seg om ikkje so brått.

Er da nokon som har kommentarer til årstal eller historia rundt bilda som send gjerne ein kommentar til webansvarlig

UKJENDE BILDER SOM VI TRENG HJELP TIL Å NAVNSETTE.

Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i
i virkeligheita.
 

Flyfoto frå Bulandet og Værlandet teke i mai og juni 1961
Steinar Bauge i Askvoll har ein heil del gamle flyfoto av Bulandet og Værlandet.
Disse fotoa har han vore so snill å dele med alle oss lesarane av heimesida for Bulandet Grendalag og Værlandet Vel.

Flyfotoa frå Bulandet finn du her.

Flyfotoa frå Værlandet finn du her.

Flyfoto frå Bulandet og Værlandet i frå nyare tid.
 
Bilder av folk og daglegliv i Bulandet og Værlandet i gamal tid.
Her vil da stadigt komme fleire bilde både frå Værlandet og Bulandet so da er berre å snuse innom av og til.
Er da nokon som har ein album med bilde dei kan tenke seg å dele med resten av lesarane på denne heimesida,
so er da berre å gje beskjed til heimesideskrivarane.

Bilete av folk og diverse frå Bulandet i gamle dager finn du her.

Her ser ein folk og landskap i Bulandet, Fotograf: Sivert Halsøy. Kjelde: Fotoalbumane til Håvard og Anbjørg Halsøy.

Bilete av folk og diverse frå Værlandet i gamle dager finn du her.


Historia om Garden Værøen gjennom fleire hundre år finn du her.
 

Bilder av utviklinga i bygdene frå gamal tid og fram til no.
Vi tek gjerne mot tips om eksakte årstal, historie eller fleire bilde frå gamle dager.
Klikk på bileta ein gong for å få dei større.

Værlandet
 


Bilete frå Værøyhamna 1905

 
 

Hamna på Værlandet frå ein anna vinkel. Årstal her er 1917.

Same motiv i 2005. Mykje meir vegetasjon, nokre hus har komme til og noken er borte.
 
 

Hamna i Værlandet 1935

Hamna i Værlandet slik den tek seg ut, sånn nogenlunde frå same vinkel, somaren 2005.
 

Bilete frå Værøyhamna 1949
 
   

Bulandet

Generelle bilder som omhandler fleire øyer
 

Dette bilete er teke frå loftglaset eller taket til Håvard og Anbjørg Halsøy i 1966. Lite vegetasjon aust for huset i dei dagar.

Dette bilete er teke, med livet som innsats, frå toppen av pipa på huset til Håvard og Anbjørg Halsøy 5.juni 2008. Ein kan sjå att da har skjedd mykje med både vegetasjon og bebyggelse på disse 42 åra.

Her held Håvard på å gjere klar så den mannlege heimesideskrivaren kan komme seg opp på pipa. Heimesideskrivaren var noko skjelven i knærne når han stod oppå der, men Håvard kom med mange trøstens ord underveis så da gjekk fint.

Kjempeneset

Dette bilete er frå eit prospektkort
som det står 1930-35 på. Ein ser at Grånåsa ikkje er bebygd i da heile tatt.
Her er eit bilete frå litt nyare tid. Grånåsa har fått ei bu, og kirka har fått kai. "Skrue-bua" har fått gangvei og ny dør. Sånn ser det ut i dag, frå nesten same vinkel.
Det er vanskelig å ta frå same vinkel då vegetasjonen har økt kraftig.
 
Her ser ein at bygginga av gamleskulen har starta. Årstal må eg har eksperthjelp til. Andre del av same bilete.Bilete var for stort til å skanne i eit stykke. Bilete er kansje teke samstundes med bilete øverst her. Sånn ser det ut frå omtrent same vinkel i dag.
 

Bilete av Kjempeneset teke frå nord.

Da har skjedd mykje forandringer på Kjempeneset og sidan forrige bilde.
 
 

Bilete av Kjempeneset teke frå sørveggen på kirka. Årstal ukjent her og, men det skal eg nok få snusen i om ikkje so lenge.
   
 

Musevågen på Kjempeneset

Eit litt nærmare motiv frå same tidsrommet.

Musevågen i dag.
Gjelsa/Skjæret

Eit bilete av Grånåsa etter at den er
fullt bebygd. Årstal er ukjent, her
treng eg eksperthjelp.

Grånåsa og Skjæret slik som det ser ut i dag.
 
 

Bilete er truleg frå da dei innvia gamleskulen i 1949. Båtane ligg til kai på Søre Gjelsa.

Sånn ser da ut i dag. Vegar og bruer har kommet til, og nokre hus og buer har forsvunne.
 
Vadøy

Vaineset på Vadøy ein gong for lenge sidan. Vaineset er vel ein forkortelse for Vadøyneset tenker eg.

Vaineset i dag. Det har vært mange ombygginger mellom desse to bileta som ein kan sjå.

Ei gammal slita dame blant sidetønner på Vaineskaien. Dama skal vistnok være ho Severine i Halsøyna.
 

Her er og eit bilete frå Vaines huset ein gong i 1916-17. Det er butikk i kjellaren. M.M.Kjempenes til venstre og kona Anna til høgre. Ho i svart er "Madam Norstrand". Dei to andre er ukjende.

Her sit ho Madam Nordstrand i hagen på Vaineset og koser seg.

Madam Nordstrand sitt tippoldebarn Kåre og tipptippoldebarn Håkon står på same plassen i det som eingong var ein hage.
 

So er vi heilt på slutten av 1930 talet og ho "Madam Nordstrand" skal begravast. Huset er bygd om ein del og.

Her er bilete frå same tid og syner alle båtane som låg ved Vaineskaien for å delta i begravelsen. Den einaste båten ein veit navnet på er "Færøyvik 1" frå Solund.
 
Likjenikøyna

Bilete av Likjenikøyna teke frå Hågøyna ein plass

Bilete av Likjenikøyna i dag, teke frå toppen av Hågøyna
 
Hågøyna

Bilete av søre Hågøy før gamle filet'en blei bygd.

Bilete av søre Hågøyna i dag, transformatorhuset og den vesle bua står der enno.

 

Bilete frå Hågøy, meir tekst kjem seinare.
 
Hillersøyna

Bilete teke frå Kjempeneset og vestover. Ser nore delen av Hillersøyna.
 

Bilete teke frå same vinkel. Husa i framgrunnen er sporløst forsvunne mens Norholmen er bebygd. Huset på nore enden av Hillersøyna er da einaste som står som da gjorde i gamle dager.
 
 

Bilete av Hillersøyna. Huset til høgre brant ned 21. mai 1962. Bua vart so skada at den blei nedriven og.

Hillersøyna som da ser ut i dag. Ikkje so lett å finne same vinkel på grunn av vegetasjon.
 
Nikøyna

Bilete frå Nikøyna. Gamlebutikken og båtane "Duen" og "Vega". "Vega" var og over til Shetland med flyktningar under krigen.

Sånn ser det ut i dag, frå omtrent same vinkelen.
 
 

Bilete av Nikøyna teke frå Hågøyna.

Bilete frå omtrent same vinkel i dag. Her ser ein eit godt eksempel på kor mykje meir bebyggelse da har blitt.
 
 

Bilete frå Nikøyna helt på begynnelsen av 1900 tallet. Bilete er frå Bakarfjøra, der var det bakeri og mykje rart i gamle dagar.

Bakarfjøra i dag i frå ein litt annen vinkel.
Ikkje lett å kjenne seg att her.
 
Fedøy Norheim

Bilde frå Fedøy, sånn ca. 1930.
 

Same motiv frå Fedøy, 3. september 2010.
 

Bilete av Fedøyna og Norheim, sikkert teke frå Jelsahågen. Bilete teke i krigsåra, det ser ein av at norske flagg  er malt på rekka.

Her ligg "Havblink","Fedøy" og "Campella" på rekke og rad ved kaien
i Fedøyna.
 
 

Her ser ein Nordre Gjelsa og Norheim, årstal veit eg ikkje enno.

Fedøy og Norheim frå ein annan vinkel
 
Sandøyna

Sildesteng i Sandøyvågen.
Dette bilete er frå før 1927, men etter 1916.
Det ser ein av at huset til "Gamle Johan" er bygd, mens bua hans Steinar ikkje er bygd.

Sandøyvågen noko seinare. Det har kome ei nytt hus og sørligaste bua vart bygd i 1927..Nokre buer er bygde om litt. Bilete er truleg teke etter 1936, men før krigen.

Sandøyvågen under eller rett etter krigen.
Truleg rett etter, hadde ein teke bilde her under krigen hadde ein vel vorte skoten. Nordligaste bua er bygd om. Buene innerst i vågen vart rivne av tyskarane og brukt til ved. Bak huset midt på bilete kan ein skimte peilestasjonen tyskarane hadde under krigen.
 

Eit bilete frå nogenlunde same tidsperiode som over. Lykta ein ser blei sprengt vekk av tyskarane og so sette dei opp radar og kanoner i staden.No er da ny lykt der.

Bilde av radaren som stod på Sandøyna under krigen.

Olav Rogne og Jostein Sandøy har vakt på kanon på Sandøyna rett etter krigen
 

Her håver dei sild for harde livet i Sandøyvågen. Ein ser her nordover mot Hølen.

Her er moloen i Sandøyna bygd, kva år er ukjend for meg.

Her eit litt uklart bilete som er teke før moloen blei bygd,
Halsøyna (tekst kjem seinare.)    

 

 

 

 

 

Her ser ein korleis dei med handmakt drog nøtene på land for å turke og rense dei.
 

 

 

 

 

 

 
Melvær (tekst kjem seinare)

 
 
Diverse Meir tekst og bedre sortering kjem seinare.

Bilete av Thistelen og Vadøyna teke frå Kjempeneset

Nogenlunde same motiv teke i vår tid.
 
 

Bilete teke frå Nikøyna og vestover.

Same motiv i dag. Det har skjedd mykje både på Kjempeneset og på Skjæret.
 
 
 
 

 
   
Kråka

Bilete av Kråka
 

Endå eit bilete av Kråka

Bilete av Kråka i dag, her har det ikkje skjedd så store forandringen.