Pollen
Mathias Kaareson Værøy heitte han, men på Værlandet kalte dei han berre for "Pollen" det var fordi han budde på husmannsplassen på Pollmyra. Huset til Pollen stod tett sør for garden (gjerde) sør for huset til Nils Værøy.
Som nevnt i historia om "Kveitefiskarane frå husmannsplassen på Pollmyra" so hadde huset jordgolv som visstnok ikkje var uvanleg i dei eldgamle husa ute i øyane. Når dei skulle stelle huset og fjelge opp so la dei einer og siv på golvet og levde då i ein god aroma av eine og siv som alle og ein kvar som har leva i vinyltida kan misunne dei.
Far til Pollen var sogningen Kaare Larsen frå Lærdal. Eg har ikkje noko munnleg eller skriftleg dokumentasjon på om også han vart kalla Pollen. Han gifte seg med dotter til Desiderius Anderson som på den tid Kaare kom ifrå Sogn var brukar av nordre Myrajorda som husmannsplassen på Pollmyra låg under.
Kaare kan også være kalla Pollen den tid han bebudde husmannsplassen. No er det litt vanskeleg og sette noko årstal kor tid denne familia busette seg der, for i same tidsbolken so budde det allerede ein husmann på norde Myrajorda, nemleg Peder Iversen gift med Bulandsjenta Alis Pedersdtr. Musøy.
Kaare Larsen kom fyrst til Melvær der han som mange "innvardrarar" budde i Guriøyna. Eldste dotter hans veit vi var fødd der ute, men om dei andre tre borna også var fødde der, veit vi ikkje. Når vi veit at det på myra i denne tida budde ein husmann, og vi kjenner ikkje til andre buplassar enn Pollmyra og Leite på norde Myrajorda, so har eg laga dette settet på Pollmyra Husmannsplass:
Husmann og fiskar Peder Iverson Værøy fra 1797- 1831. (eventuelle andre frå 1600-talet - 1797)
Husmann og fiskar Kaare Larsen Værøy fra 1831- 1872,
Husmann og fiskar Matias Kaareson Værøy fra 1872- 1906.
Pollen-Matias må ha hatt tilknytning til familia til Matias Anderson Nikøy på Kjempenes, Pollen var husmann der ute på Kjempeneset ei tid. Dotter til Pollen, ho Susanne, var fyrst barnepike hos Matias Anderson, seinare også tenestejente. Kan det være der ute Pollen fann kona si? Matias Anderson Nikøy gifte seg 1854 med ei sognejente frå Lærdal og året etter 1855 gifte også Pollen seg og med Lærdalsjenta Anne Andersdotter. (f. Anders Nilsson).
Matias og Anne fekk desse borna:
Susanne | 1855 | Kjempeneset, Bulandet |
Ivar | 1857 | Bergen (Nye Sandviksvei 16) |
Johannes | 1862 | |
Sivert | 1865 | |
Petrine | 1867 | 14 dg |
Ole Andreas | 1868 | |
Kristoffer Johan | 1871 | |
Anne Marie | 1873 |
Berre to av borna til Pollen veit vi kva dei for hen, det er eldste dotter Susanne og Ivar. Alle eldre på Værlandet har høyrt om Poll-Ivar,eller Ivar Mathisen som var namnet han brukte. Han reiste til Bergen godt og vel 20 år gamal og gifte seg 1881 med den tre år yngre Magdalene Kristine Holt. Desse to fekk saman 21 born, av desse var fire tvillingepar. Her er namnet på dei:
Henrik |
1882 |
Herborg |
1883 |
Ingolf | 1885 |
Ingolf og Anna | 1886 |
Svanhild | 1888 |
Svanhild og Rosa | 1890 |
Udøypt | 1891 |
Ragnvald | 1893 |
Magdalene og Ragnvald | 1894 |
Magdalene | 1895 |
Rosa | 1896 |
Ragnvald | 1897 |
Magnus | 1899 |
Henriette | 1900 |
Lilly og Betty | 1901 |
Magdalon | 1906 |
Anders | 1907 |
Då Magdalene Mathisen døydde 3. september 1918 var ho 58 år gamal. Ho etterlet seg enkemannen Ivar Mathisen, og 12
Henrik Mathisen, Amerika
Herborg, g. m. Peder Pedersen
Ingolf, California.
Svanhild, g. m. Lars Skybakken, Amerika.
Magdalena Mathisen
Ragnvald Mathisen
Rosa Mathisen
Henriette Mathise
Lilly Mathisen
Betty Mathisen
Magdalon Emil Holt Mathisen
Anders Holt Mathisen.
Ein sumardag i 1920 åra var ei jente av etterkomarane til Matias Kaareson heimeatt på Værlandet og sat på ein av steinane der huset til Pollen hadde stått. Berte Hansen vart var jenta medan ho sjølv var på veg til utmarka for og sjå etter kyrne. Ho gjekk bort til jenta og snakka med henne. Berte fortalde at jenta sat der og gret. Ho fortalde at ho var av Pollen-familia, men om ho var Matias eller Ivar sitt barn det veit ikkje vi.
Når Værlendingane var i Bergen
på båt kunne Poll-Ivar komme ned og helse på dei, og dei var ofte med han heim
eller opp på fabrikken Vingard Jernstøperi der han jobba heile livet sitt.
Kanskje ein gong i tida desse utflytte Værlendingane får lyst og ta turen
tilbake til øya der dei har røtene
sine?