Årsmelding for Værlandet Vel 2004

Styret 2004:

Leiar:                    Astri T. Landøy

Nestleiar:              Per Vidar Nybø

Sekretær /

kasserar:                Laila Kråkenes / Audun Oddekalv (kasserar medan Laila har permisjon)

Styremedlem:         Roar Landøøy, Signe Marie Landøy

Kommunen

sin representant:     Linda Landøy

4 vara til styret

Til Værlandet Vel høyrer desse nemndene:

- parknemnd

- museumsnemnd

- badeplassnemnd

 

Oppsummering av 2004

Året 2004 har vore eit spennande år med mykje aktivitet, det har skjedd mykje etter at nyevegen mellom Bulandet og Værlandet vart ferdig. Bedrifter utvidar, næringslivet har fått betre kår.

Tala frå samferdsel viser at det har vore frakta nesten 20000 PBE med ferja (nesten 5000 meir enn kalkylen), vel 50000 passasjerar har reist med ferja, og bussen har nesten hatt det doble antal passasjerr enn det som var kalkulert med. Det var mange som nytta Nordsjøløypa og sykkelutleige sommaren 2004.

- Bulandet og Værlandet har saman fått Sogn og Fjordane Fylkeskommune sin første Bygdeutviklingspris. Presen er på 25000,- samt diplom. Heidi og Astri vart inviterte til Flåm under Fylkestinget og mottok prisen der. Bygdene fekk mange lovord, det er tydeleg at det som skjer her ute vert lagt merke til rundt om i fylket.

- 4. november vart Nordsjøløypa offisielt opna av Miljøvernminister Knut Arild Hardeide. Ministeren fekk presentert Naturbruksprosjektet i lokala til Værlandet Båt, og ministeren gav uttrykk for at han var imponert over engasjementet som var synleggjort. Værlandet Vel håper bygda er eit steg vidare for å få realisert eit Naturbrukshus, som Gry Leite fekk presentert for miljøvernministeren.

- Ferjekaia har blitt satt skikkeleg i stand. Det som gjenstår er å få på plass eit toalett. Vi er i stadig kontakt med kommunen når det gjled den kommunale vegen frå Nybø til Myrvågkrysset. Kommunen har ikkje midlar til utbetring / legging av fast dekke. Kommunen arbeider for at fylkeskommunen skal ta over vegen.

- Arrangert vegfestivalhelg saman med Bulandet 2. - 4. juli. Det vart ein stor suksess, mange oppmodar oss om at dette arrangementet må bli årleg. Vi fekk utbetalt midlar frå næringskontoret (gamle bygdeutviklingsmidlar), desse midlane vart overskotet til velforeining / grendalag, og gjekk inn i innsamlinga til hjartestartaren (ca 5000 kr)

- Innsamla midlar til hjartestartar stasjonert i Værlandet. Ved hjelp av lokale bedrifter, det tidlegare Alden og Værlandet Fiskarlag, overskotet frå vegfestivalhelga og Askvoll Røde Kors har vi samla inn kr 25000,.

- Heimesida saman med Bulandet grendalag er mykje nytta. Webansvarlege Kurt Rutledal og Linda Landøy gjer ein god jobb.

- Under arbeid:

- samarbeid med Atløy Vel ang. Atløysambandet. Vi er med i trafikktala, men øyane har gitt tydelege signal om at vi ikkje vil ha ferjekaia på Herland, og at det ikkje er aktuelt før Atløy har fastlandssamband.

- Ferjekai i Alden. Frustrerande at dette stadig vert utsett, utgangspunktet skulle kaia ha vore ferdig!

- Ruteplanarbeid. I veke 6 skal velforeining / grendalag ha møte med Askvoll kommune, fylkeskommunen, Firda Billag og Fjord 1 angåande rutene frå 1. mai 2005.

- Rydding / varding av løype frå Kleivavågen til Høgde 44.

- Rogavlen inn under Værlandet Vel, med ei eiga nemnd.

- Arbeid med alle museumsgjenstandane som velforeininga har fått.

- Få på plass breiband i løpet av 2005.

- overtaking av gamleskulen

Møteverksemd:

1 årsmøte

1 allmøte

Værlandet Vel var arrangør då Askvoll Venstre hadde møte i ungdomshuset angåande Atløysambandet. Politisk rådgjevar Alfred Bjørlo deltok.

7 styremøte

2 møte med Bulandet Grendalag

1 møte med Fylkeskommunen (samferdselsavdelinga), Askvoll kommune, Statens Vegvesen, Bulandet Grendalag og Fjord 1. Dette fann stad 18 mai 2004. Då vart kaia i Alden diskutert.

1 møte med SUM

Samlingar i Naturbruksprosjektet

Møte med alle velforeiningane i Askvoll, saman med kommunen og formannskapet.

Årsmelding frå husstyret for gamleskulen