Værlandet bedehuskapell

Opptakten

Opptakten til bedehuskapellet på Værlandet var ei bedehusforening som starta innsaming av pengar i 1936, same året som Værlandet fekk gravstad. Gudshuset som vart reist fleire tiår seinare, hadde frå først av namnet Vonheim og huset er i daglegtale blitt heitande bedehuset. Før bedehuskapellet kom, vart det skipa til møte og gudstenestelege samlingar i skulehuset.

Værlendingane som før skulle til kyrkje måtte reise over fjorden til Vilnes eller ein sjeldan gong til Bulandet etter at dei fekk sitt gudshus. Ofte var vêret eller vindretninga avgjerande for om dei kunne våge å leggje ut på kyrkjeferd.

Mange bygdelag har ofte einskildmenneske å takke for at dei fekk sitt eige gudshus. På Værlandet er folket samde om at dei hadde ei stor drivkraft, Tomas Leite, som drog mykje av lasset.

Værlandet bedehuskapell vart vigsla 30. oktober 1960 av biskop Ragnvald Indrebø. Bedehuskapellet er bygt slik at det høver seg godt til både møteverksemd og gudstenester. Koret har same breidde som sjølve kyrkjerommet og har eit tilbygg i form av ei nisje som rommar altartavla og altaret. Altartavla er laga av Wilhelm Bjørknes og er frå 1959. Motivet er den synkande Peter (Matteus 14, 22 - 33). Under biletet står Peters rop om hjelp; Herre frels meg.

Her kan du lese om Bulandet Kapell.

Bilete frå kyrkjejubileumet på Værlandet den 29. august 2010