Værlandet Fiskeredskap
Fotograf er Malvin Blom.

Værlandet Fiskeredskap vart etablert i 1996, og heldt dei fyrste åra til i sjøbua til han Sigmund Blom.
Hausten 1999 stod vårt nye næringsbygg, sentralt plassert på industriområdet i Værøyhamna, klart til innflytting.
Bygget hadde ei
grunnflate på 200 m2.
I mai 2003, tok vi i bruk tilbygget på 300 m2, så no har vi 500 m2. grunnflate til disposisjon.
Bedrifta har gått frå å vere tiltenkt som ei attåtnæring, til å ha 3 fulltidstilsette, samt 3 deltidstilsette.
Arbeidsstokken er jamnt fordelt mellom kvinnfolk og mannfolk.  

Værlandet Fiskeredskap har fått endå eit nytt og flott tilbygg som de kan sjå her!

Bilete frå opninga av det nye garnhotellet!

Kva driv vi med?

Vi er leverandør av alle typar garnbruk til store og små fiskefartøy, heimehøyrande på strekninga: Vågsøy – Karmøy.
Vi har også eit eige butikkutsal. Der finn ein eit godt utval innan varer som t.d.: ulike typar tauverk, garnanker og dreggar, blåser og fendrar,
ulike typar jernvarer, samt eit godt utval innan yrkeskl
ær.  

Sjå den spilders nye utstillinga til Værlandet Fiskeredskaper her

Tlfnr.: (dag/kveld) 57731299
Faxnr.:              57731779
Kontaktperson: Audun Oddekalv

Mailadresse: fiskeredskap@enivest.com


Her er ein liten presentasjon av bedrifta.
Du må klikke ein gong på bileta for å få dei større.

Sjefen sjøl, han Audun.Like rolig og beherska sjølv om da kjem heimesideskrivar-journalist på uventa besøk

Elin gjere klart til å sy felling på eit nytt garn

Gry syr på fellinga mens ho held eit vaktsomt auge med kor ho har fingrane. Dei har vist vore fastsydde før, og ho er litt redd for å ødelegge symaskina vist da skjer fleire gonger

Ho Hugrun, smilande og blid som alltid, syr garn for harde livet.

So er Hugrun ferdig å sy og kjøyre garna opp i sekka

Eigen huskatt har dei og på garnmonteringa

Den mannlege heimesideskrivaren vart litt misunnelig på han Malvin som får jobbe saman med so mange kjekke fine jenter. Her gjer Malvin fellinga klar til å verte sydde på nytt

Magni står og administrerar i telefonen, da er ikkje løye om folk vil handle her når dei høyrer ei so kjekk stemme i telefonrøyret.

Her er Johannes i full sving med å prøve ut ny kjeledress, med kyndig hjelp frå Magni og Tias

På varelageret finn ein alt frå kjeledressa, via torskeruser, til angler og kleppa.

Har du plana om å fange ei stor kveite eller ei pikkyrande lita hyse, so har du mogeligheita til da meste. Du finn garn i alle størrelsa her.

Kjeledressa og støvla finn ein for dei fleste anledninga

Som ein kan sjå so er kundane skikkeligt fornøgd når dei er ute å handla her

Litt meir av salsutstillinga

Han Audun har pussa opp kontoret og fått PC og alt sånt som høyre til eit godt kontor. Her sit han og venta på at PC'n skal starte opp

Nytt kaffi-rom har dei og laga, her har heimesidefotografen komme og forstyrra dei midt i kaffipausen. Frå venstre ser ein Elin, Malvin, Audun, Magni og Reidun

Da var i grunn lurt å komme på heimeside reportasje besøk i kaffipausen. Heimesideskrivaren vart traktert med fleire sorta kake og kaffi og konfekt. Den eine kaka var so eksotisk at den hadde fått verken navn eller endelig oppskrift enno. Kaka var skikkelig god den, og vi håpa å kunne presentere oppskrifta på heimesida når ingrediensane og mengda av dei er endelig bestemt