Referat frå styremøte i Værlandet Vel onsdag 25.10.06 i gamleskulen.

 

Tilstades: Linda Landøy, Audun Oddekalv, Roar Landøy, Nina Kjempenes og Astri Thorsen Landøy.

 

Forfall: Arnt Henning Blom

 

Andre som møtte: Elin Blom (husstyret sak. 1)

                                Eva Landøy (Værlandet ride og aktivitetsgard, sak.2)

 

Sak 1) Økonomien til Gamleskulen

Pr. 25/10 har gamleskulen på konto kr. 42000,- kr. 10800,- uteståande.

Husstyret ynskjer å få laga til to toalett med dusj i soveetasjen, det vil auke standarden på overnattingstilbodet betrakteleg. Ein vil og skifte resten av belegget i kjellaren, samt gjere små utbetringar på garderobane og toaletta i tilbygget. Det vart søkt om kr. 200000 i Bu midlar, husstyret har fått løyve på kr. 100000,-

Styret gjorde føljande vedtak:

Styret i værlandet Vel går inn for at husstyret tek opp eit nytt byggjelån på kr. 200000, som vidareførar trinn 2 i oppgraderinga av kjøken og sanitæranlegg.

Byggjelånet vert redusert med kr. 100000,- når Bu støtta vert utbetalt. Samla lån totalt vert då kr. 300000,-

Samrøystes.

 

Sak 2) Søknad frå Værlandet køyre og rideklubb om å få nytte idrettsbana på Værlandet.

Styret i Værlandet Vel har utarbeidd ein kontrakt, og ynskjer å ha eit prøveprosjekt på bruk av hest på idrettsbana.

 

Avtale mellom Værlandet køyre og rideklubb og Værlandet Vel

 

1.     Værlandet køyre og rideklubb kan nytte bana på onsdagane mellom kl. 09.00 og kl.17.00 og på fredagane mellom kl. 09.00 og 17.00.

2.      Værlandet køyre og rideklubb skal syte føre at alt ustyr vert fjerna etter bruk, og at bana vert rydda for hestemøkk umiddelbart etter bruk. Hestemøkka vert vektfrakta.

3.     Avtala gjelder frå oktober 2006 og fram til 30. april 2007.

4.     Dersom det skulle vise seg at bana ikkje tåler bruken av hest m.m. vert avtala sagt opp.

5.     Kolliderer hestetreninga med anna bruk av gamleskulen, må Værlandet køyre og rideklubb stå over den gjeldande treningsdagen. Dette skal det gjevast melding om i god tid.

6.     Værlandet køyre og rideklubb forpliktar seg til å vere med og halde bana i god stand.

 

 

Værlandet 29/10-06

 

      Værlandet køyre og rideklubb                       Værlandet Vel

 

 

--------------------------------------------                    -------------------------------------

          -Eva Landøy-                                                   - Linda Landøy-  

 

 

Sak 3) Endring av reguleringsplan Magnhildsenga - Brimmen Quarry.

Styret har ingen merknader til planen.

Frist 19/11-0 for innsending av eventuelle merknader.

 

Sak 4) Askvoll sin kulturpris for 2006.

Styret sender inn føljande forslag til Askvoll kultur og næringskontor.

·        Peder Hansen sitt museum.

·        Nybø band v/ Per Vidar Nybø

·        Rogavlen ”Makrelen”.

 

 

Sak 5) Fylkesprisen - idérike bygder

Styret har ingen forslag.

 

Sak 6) Eventuelt

·        Vi har fått avslag på søknaden om lokale Agenda midlar.

·        Rekning frå Fylkesbiblioteket ang.forfattarbesøket Grete Haagenrud pålydande kr. 2000,-: Vi skriv søknad til kultur og næringskontoret og håper vi får dekka nokre av kostnadene.

 

Møtet slutt kl. 22.00