Harald Leite har sendt kart ,historie og vedlegg med dokument. Denne historia finn ein og på "Ei reise på Garden Værøen gjennom fleire hundre år", der all historie om Garden Værøen er samla. Kartet med oppmerking av bruka og husmannsplasser kan ein få opp i eit eige bilde ved å klikke på dinna teksten her. Eller ein finn kartet nederst på sida her. |
I
brevet som Ole Eliassen skreiv dat. 16De October 1874 vart det søkt om å
få utskift utmarka på Garden Værøen frå Fellesskab.
Gardsbruka fekk kvar sin del av vegen og kloppene å opparbeide og
vedlikehalde: "Hovedveien. Fra Søen ved Havnen oparbeider og
vedligeholder Andreas Berntsen Veien sydover i en Længde af 126 Alen til
en nedsat Sten paa vestlige Side af Veien; Bernt Henriksen herfra 163,5
Alen til en nedsat Sten ligeledes paa Veiens Vestside; Jens Andreassen
herfra 334,5 Alen til en nedsat Sten; Johan Henriksen herfra 200 Alen
til en nedsat Sten; Gerhard Olsen herfra 266 Alen til en nedsat Sten
ovenfor sit Fjøs og Ole Eliassen herfra til Grinden 189 Alen." Den
fyrste vegen på Værlandet var som vi ser gode 800 meter. Det gjekk an
og køyre med hest og kjerre like til den nordre Kloppa, men derifrå og
ned til Meyerbua var det heller tvilsomt. Vegen har her frå Kloppa vorte
omlagd og lagt nordover slik vegen idag ligg, men svinga ned til
sjøbuene mellom Hittunsnøstet og "Berget". Den siste stubben frå
hamna og opp til Hovedvegen vart fiksa og opparbeidd på 1950 talet etter
at Hittunsnøstet vart rive. Sjef for prosjektet var Johan Hittun og
skytebas var Magnus Værøy. Vegen vart døypt for Røyrgata. Tunet til Andreas Berntsen (C) vart flytta og bygd oppatt der Hittunstunet er idag. Naustet nede i Skrøpelestøa vart flytta nord i hamna og oppsett på den tildelte naustplanen til Andreas Berntsen (C). I søre stova på gamle Hittunshuset kan vi sjå tømmeret i veggane frå det fyrste huset deira nord på Egiljorda (A). Det var dette tunet litt nord for gjerde nord- aust for Borgnyhuset som fyrst vart kalla for Hitt Tunet.
|
Kopi frå
Utskiftningsprotokollen om flytting av Hittunhusa. |
Peder som dreiv "Hamrajorda" (B) budde i tunet som låg
vest-sørvest for huset til Agnar Værøy. Denne plassen vart kalla for
Tunet i Sørgarden. Dette huset til Abraham vart seldt til Henrik Martinussen (Henrik med Vatnet) og rive ned og bygd oppatt som søre enden av Vatnahuset.
Abraham og kona Cesilie flytta ut til Henrik og Petrine med Vatnet og
budde der hos dei på sine gamle dagar |
Kontrakten: Kopi frå Utskiftningsprotokollen viser arbeid og kostnad med desse prosjekta. |
"De
Holmer eller Skjær, som ikke her ere nævnte, eies af den Lodeier, hvis
Eigedom er nærmest beliggende". |
Kopi frå Utskiftningsprotokollen. |
|