Intervju med Marit Rogne januar
1995.
Med ein gong vi kom inn begynte ho på stresse med å finne fram noko godt å
ete og å drikke. Då ho hadde funne noko å bite i, sette ho seg ned med ein kopp
kaffe og ein røyk. Marit ropar på Kjartan for å få litt hjelp til å svare.
Og så begynte vi:
Kor gammal var du då krigen braut ut?
- Eg var 10 år gammal då.
Gjekk du på skulen?
- Ja, det er klart.
Hadde borna vanleg skulegong på sin vanlege skule under
heile okkupasjonen?
- Vi gjekk på dei vanlege skulane. Først tre år på småskulen. Vi hadde berre ein
lærar i alle fag. Vi lærte ikkje grammatikk, det synest eg er dumt.
Mista du nokon i familien?
- Ikkje av dei nærmaste. Eg mista to fetrar, Bernt og Harald Myrevåg. Harald
døydde i konsentrasjonsleir. Eg hadde og andre slektningar i fangenskap.
Kva gjorde du på under krigen?
- Eg gjekk på skulen. Eg passa og ein del ungar og vaska panner og liknande, men
det vart kalla teneste, ikkje jobb.
Kjente du nokon som vart tatt av Gestapo?
- Ja, det må vere ein heil bråte. Dei fleste på Hillersøya, på Landøya, i
Melværen, i Myrevågen og dessutan Petter Nikøy og Jonas og Henrik på Leite.
Vi var på skulen dei fleste gongane då Gestaposkøyta kom. Ein gong låg ho på
Hillersøya. Vi fekk ikkje vete noko serleg om kven som vart teken med, men
Melvær, Hillersøy og Myrevågen vart tekne den dagen på same tid.
Det var forferdelig når Gestaposkøyta kom. Ho kom som ei svart klyse. Det var
verkeleg uhyggeleg. Eg får endå frysningar når eg tenkjer på Gestapo.
Dei som vart tekne med av skøyta vart i første omgong tekne med til Askvoll. Der
vart dei forhøyrt før dei vart sendt til ein leir.
Dei hadde våpen lagra i Hovden.
Vi hadde det ikkje so ildt, men Gestapo var noko av det verste. Alle var redde
dei.
Eg passa ungar då Gestapo kom og henta nokre på Hillersøyna. Ein gong eg og "Likkje-Einar"
var på tur såg vi eit fly som vart skote ned, og det styrta ned i fjorden. Vi
begynte å gå heim då det kom masse fly. Det begynte å skyte rundt oss.
Korleis var det å vere ungjente under krigen?
- Det er litt vanskeleg å svare på. Vi hadde ikkje så mykje mat. Smør var det
veldig lite av, det var og ganske vanskeleg med klede og sko. Vi brukte papirsko.
Dei brukte vi uansett ver og vind, soldagar som regndagar. Støvlar fekk vi ikkje
tak i. I staden for flesk fekk vi kvalspekk.
Marit seier ho synest det var godt med kvalspekk i staden for flesk. Kjartan er
slett ikkje einig.
Kvar budde du under krigen?
- Eg budde heime og på Grånåsa. Eg var barnejente på Grånåsa dei siste åra av
krigen.
Eg vart komfirmert under krigen. Det var vanskeleg å skaffe klede sjølv til
slike høve, men vi fekk tak i kvit kjole. Og attpå til eit par svarte sko.
Skorne var i størrelse 34, mens eg brukte størrelse 36. Eg måtte krølle tærne
for å få beina oppi.
Kva jobba foreldra dine med?
- Bernt, far min, var fiskar. Han døde i 1936. Agnes, mor mi, jobba heime. Vi
hadde ein liten bror på 4 år som drukna.
Kva var det verste du opplevde?
- Vi fekk greie på at krigen var begynt den 9.april. Alt var uhyggeleg då vi
fekk høyre om dette. Vi var berre ungar, og vi satt og diskuterte om vi kom til
å bli drept.
Eg trudde tyskerane var dyr, at dei gjekk på to bein, men at dei var ei blanding
av menneske og dyr. Dei oppførte seg som dyr i alle fall.
Eg stod ein del i butikken på Grånåsa. Ein austerrikar som heitte Blasius hugsar
eg svært godt. Han pleidde alltid å stå og skrike når han snakka om mor si.
Var de nokon gong ute og reiste under krigen?
- Vi skulle reise til Bergen ein gong med Solveig for å besøke Idden som sat i
fangeleiren "Ulven". Mens vi var på veg, kom det ein vaktbåt. Vi sat i lugarane.
Kapteinen sa at vi ikkje måtte få panikk. Tyskarane kom ombord for å sjekke om
dei fann våpen eller rømlingar. Då fekk eg panikk. Eg måtte opp på dekk å
trekkje luft. Tyskarane ville sjå lasterommet, men dei fann berre fisk. Til
slutt snakka dei med Hans, så kom vi oss vidare.
Før jul budde vi hos kjende. Vi var i byen. Ei av jentene syntest eg var for
mykje inne. Ho tok meg med ut for å poste brev. Eg var frykteleg redd, men eg
blei med henne. Eg torde ikkje seie at eg var redd. Vi gjekk ei stund i gatene,
men eg ville heile tida inn igjen.
Budde det tyskarar hos dykk?
- Nei, ingen tyskarar budde i private hus. Alle tyskerane budde i Sandøyna.
( Merknad frå
heimesideskriverane: Tyskerane budde i private hus i Sandøya, mens dei sivile
som budde dar fekk 3 dagar å komme seg vekk på. Ref. intervju med Oddmund.)
Hadde de forsvarsvåpen heime hos dykk?
- Nei, langt ifrå. Dei forsvarsvåpena folk hadde tok tyskerane. Vi hadde
foresten eit forsvarsvåpen, og det var norskeflagget.
Ein gong kom tyskerane til oss. Då var Birger sjuk. Dei spurde om kor mange som
budde her. Vi fortalde det, men vi måtte hente Birger ned for å vise han fram.
Hadde de radio?
- Nei, det hadde vi ikkje.
Hadde du kjæraste under krigen?
- Nei, men eg var forelska.
Kjende du nokon tyskarar?
- Nei, men eg kjende austerrikaren Blasius, som eg sa tidlegare. Eg snakka med
tyskarar i butikken og sånn, men eg kjende dei ikkje. Eg hugsar ikkje namnet på
nokon av dei.
Ein gong då Blasius kom, tok han av seg støvelen. Han hadde veldig fillete
sokkar. Eg syntest synd på han, og sa at eg skulle forsøke å skaffe tråd til
han, så han kunne stoppe sokkane. Ho mor hadde fått tak i tre nøste med tråd. Eg
visste at ho trengde dei snellene. Men eg syntest så synd i Blasius at eg tok
den eine snella med meg. Neste gong han kom til butikken, gav eg han snella. Han
vart kjempeglad, så eg fekk ein pose med kaffe av han.
Var det vanskeleg å få tak i mat og andre ting de hadde
bruk for?
- Vanleg såpe fekk vi ikkje kjøpe. Vi pleidde å vaske oss med B-såpe. Ho var
grusom. Vi vart jo reine, men skumma ikkje i det heile tatt.
Vi brukte rasjoneringskort på alt. Ein gong fekk vi ein sekk med mjøl frå ein
bonde i Holmedal.
Korleis reagerte du då du fekk høyre at krigen var slutt?
- Eg gløymer aldri den dagen då vi fekk greie på at krigen var omme. "Likkje-Einar"
kom inn i butikken og fortalde det. Først trudde eg det ikkje, men då eg gjekk
ut og fekk sjå flagget, gjekk det verkeleg opp for meg. Vi skreik av glede. Vi
skreik antagelegvis i fleire timar.
Ho tørka tårer frå augo då ho snakka om fredsdagane. Det skaper så mange minne å
tenkje tilbake på dei dagane, seier ho.
Stod det bra til med helsa?
- Det har aldri stått så bra til med helsa.
Har du mareritt om dei fæle dagane under krigen?
- Nei, det har eg ikkje.
Visste du om alle jødane som vart drepne under krigen?
- Vi hadde ikkje peiling på det. Vi fekk først vete det etter at krigen var
slutt.
Er du redd for at det skal skje igjen?
- Ja, kven er vel ikkje redd for det? Eg trur ikkje det skjer igjen, men eg er
redd for det.
Var mørklegginga eit problem?
- Det måtte då vere eit problem for dei fleste. Særleg dersom blendingsgardinene
gjekk sunde. Dei måtte sitte heilt inn til glaset. Det måtte sjå svart ut
utanfrå.
Skapte tyskarane mange arbeidsplassar?
- Det gjorde dei kanskje andre plassar, men ikkje her i Bulandet. Folk var nok
ikkje alltid interesserte. Tyskarane hadde masse fangar som bygde vegar og
liknande.
Var det vanskeleg den første tida då krigen var over?
- Med mat og klede og sånne ting var det ganske vanskeleg. Vi brukte
rasjoneringskort ein del år etter krigen og, heilt fram til ca. 1950.
Vidare fortel ho at hadde ho visst, skulle ho spart noko av det svarte brødet og den svarte sirupen til oss. Ho lurer på om vi ville smakt på det.
Eldrid Fedøy
Stein Are Norstrand