| Stor dramatikk då ein katte-slamp prøvde seg på hønene på Vaineset. |
For å få med seg heile historikken om fjørkre'a på Vaineset so må ein nesten og lese om åpninga av Klukkebu , forsvinninga av Brynhild og begravelsen til Svanhild . So har den kvinnelige heimesideskriverska vore innblanda i høne dramatikk ho og. Sånn i middagstider lørdag den 21. april ringte ein fortvila Johannes ut på Haltenbanken til den mannlege heimesideskrivaren. Ein katt hadde skremt halve livet av hønene, og no låg dei på sjøen og kjempa for å bjerge resten av livet. Da var da einaste han hadde tid til å sei før han sprang avgårde for å bjerge hønene. Heimesideskrivaren såg føre seg ein unge som kjempa i sjøen saman med nokre høner, so han fant da best å ringe til den lokale hønserednings-tjenesta, representert ved Atle og Tias. Dei var i full beredskap og rykte ut med ein gong. Høna Alberta låg i sjøen, so Atle konsentrerte seg om å bjerge ho fyrst. Itte ein del strabasa blei ho bjerga på land og pakka inn i ein handduk. Kyllingen utan navn hadde komme seg på land på Pynten, og blei frakta tilbakers til den trygge tilværelsen i hønsehuset. Gamlehanen Shaggy hadde komme seg frå seansen utan fysiske skader, psyken hans har derimot sikkert ikkje vorte noko bedre itte dinna tildragelsen. Alberta var heilt blåfrosen og forskrekka. Ho blei tørka med hårfønar og innpakka i handkle og kvetela. Da såg ut som om livet ikkje var til å bjerge, og da rapporterast at tilstanden framleis er kritisk men stabil. Ein får håpe på da beste. Etter at redningaksjonen var utført so
begynte dei å leite itte Torunn, som er hønsepassar i den mannlege
heimesideskrivaren sitt fråvær. Ho fant dei i trygg forvaring på kafe'en,
uvitande om dramatikken som føregjekk seg. |
|
|