Den mannlege heimesideskrivaren har ei etterlysning å komme med. Den
eine høna hans, so heiter Brynhild er sporløst forsvunna.
Dramatikken er so fylgjer:
Onsdag den 7.juni 2006 so var ho Brynhild ute og kikka etter makk
og andre godsaker på vestsida av huset hans Tias på Vadøy'inje.
På bua nede på Vadøyneset so budde dar 4 tyskarar og ein liten hund.
Hunden er på størrelse so ein do-kost.
Når eg tenkjer meg om so er fargen og forma på dinna hunden omtrent da
same so en velbrukt do-kost og.
Brynhild står dar i all fred og fordrageligheit og kosa seg med ein
velvaksen makk då ditta tyske utyskje angripe ho bakfrå.
Ho er godt vant med at hanen Shaggy putlar på med da same, men ditta
vart litt for sterkt for ho Brynhild og ho sette laust nedøve
bakkjen
Han Tias såg tildragelsen og meiner bestemt at ho Brynhild hadde større
fart en ditta tyske utyske,
Brynhild for i full fart nedøve veien til bua og svinga hardt til
babord. Ditta tyske utyskje hadde ikkje ein kjangs å nå ho att.
Itte dinna tildragelsen so har ikkje ho Brynhild vært å sett nokon
stader. Ikkje ei fjøyr å sjå.
Ditta tyske utyskje har ikkje ete ho opp, da er vi temmelig sikker på.
Han er mindre en bakfoten til ho Brynhild.
Får eg tak i ditta vesle utyskje dissa tyskarane kalla for ein hund, so
skal eg bruke han sånn so han ser ut som.
Ho Brynhild er i alle fall sporløst forsvunna itte dinna tedragelsen.
Ho Brynhild var stille og beskjeden og låg alltid attmed hanen Shaggy,
i hønsehuset, for å halde varme i han.
No er han kald og forvirra, og da har ikkje komme lyd frå han sidan
Brynhild forsvant.
Da er full forvirring i hønsehuset og alle er like forskrekka som
heimesideskrivaren.
Sist eg var i hønsehuset so prøvde ho Lydia å ligge attmed hanen Shaggy,
men han er so heimesideskrivaren forsiktig med nærgåande høner.
Alberta er høg-gravid og har nok med å ruge på haugen av egg ho har.
Siste høna, ho Svanhild, går berre rundt og er ekstra forvirra.
Den mannlege heimesideskrivaren føle seg i grunn heime dar og.
Berre so da er nevnt so var dinna heimesideskrivaren ute i havet på
jobb når ditta skjedde.
Sist han var ute på arbeid so kom han heim til ei snekke so låg på
botnen. Da var dei same to personane so passa på hønene no,
utan at heimesideskrivaren vil legge noko meir opp i da..
Dinna heimesideskrivaren vil i alle fall oppfordre folk til å sjå
itte ho Brynhild. Ho er voldsomt stille og beskjeden, seie ho noko i da
heile
so er da berre eit beskjedent "klukk".
Under her so er da nokre bilete av ho Brynhild.
Ho er brun og har prikkar på halsen, og so er ho beskjeden og forsagt.
Ho har i grunn same gemytt so den mannlege heimesidemakaren.
Eventuelle opplysningar om ho Brynhild kan sendast her.
Ho Brynhild, sukk.
Er da nokon som kunne tenke seg å passe på dissa to "passarane" mine når
eg er vekke, so hadde eg blitt glad for da og. For å få med seg heile historikken om fjørkre'a på Vaineset so må ein
nesten og lese om Alberta på havet ,
åpninga av Klukkebu
og begravelsen til Svanhild. So har
den kvinnelige heimesideskriverska vore
innblanda i høne dramatikk ho og.
|