Referat frå styremøte i Værlandet Vel laurdag 10.januar kl.15.00

 

Til stades: Bjørg Landøy, Linda Landøy, Tone Nystad Nybø, Astri Thorsen Landøy, Roar Landøy, Nina Etterlid og Bengt Ronny Landøy Midtbøen.

 

 

Sak 1) Innkomne skriv

·     Skriv frå Askvoll kommune angåande mobildekning. Fristen er 12.januar og vi gir beskjed til kommunen om at vi treng betre dekning på ferjekaia (butikken/posten)låglandet i Landøyna, Kalvøy (Landøy fiskeoppdrett har sendt eige skriv)Kalvøysvingen, Værlandet kapell m.m. Linda sender inn kart med innringa områder.

·     Universell utforming av ferjemateriell strekninga Askvoll-Fure-Værlandet. Skriv frå hovudutval angåande forandring av avtala som gjeld frå 1/10 2010. Den lange ferjetida meiner fylkesutvalet forsterkar at strekninga treng universell utforming. Brevet er sendt frå fylkesutvalet til samferdsledepartementet.

·     Brev frå Havbrisen barnehage angåande støtte til drift av myggfelle. Under føresetnad av at vi har midlar støtter vi ein månads drift kr. 600,-

·     Brev frå Fylkesmannen v/Nils Yndestad/Johannes Anonby angåande kr.30000, til bosshenting og skjøtselstiltak i landskapsvernområde. (vert handsama som eiga sak)

·     Skriv angåande informasjonssenteret (vert handsama som eigen sak)

·     Henvendingar til styret angåande å få del i overførte midlar i samband med finanskrisa. Vi sender skriv til Askvoll kommune. Vi vil prioritere vegane til bedriftene.

·     Skriv frå Johannes Anonby angåande forlenging av landingsløyvet for Airlift i samband med bosshentinga i Sørveret.

 

 

Sak 2) Informasjon angåande informasjonssenteret

·        Like før jul fekk Askvoll kommune overført kr. 1 million.

·        Lovnad om 1 million er gitt for 2009.

·        Gry Leite har vore i kontakt med Johannes Aanonby miljøvernavdelinga hos fylkesmannen, angåande det å montere ørnekamera i ****** Dette er miljøvernavdelinga i fylket positive til så lenge det skjer innanfor gjeldande regelverk.

·        Verdiskapningsprogram for naturarven vil vere aktuell i samband med utviklinga i forlenging av naturbruksprosjektet.

 

 

Sak 3) Bossrydding i Sørveret

·        Vi har fått forlenga løyvet for å hente bosset med helikopter til mars.

·        Sekkane ligg på Bringeland, ein stor bil må hente dei. Kven kan?

·        Helikopteret kostar framleis kr. 5000,-

·        Vi set av desse datoane for å samle boss: 14.februar, 21.februar og 28.februar.

·        Fylket har overført kr.30000,- til ryddearbeidet, som står på konto i Askvoll kommune.

·        Vi lager oppslag og satsar på at folk er flinke til å jobbe dugnad i samband med bossryddinga.

 

 

Sak 4) Framtidig samanslåing av Værlandet Vel og Bulandet Grendalag?

Styret ser både fordelar og ulempar med eit grendalag, saka må diskuterast på årsmøta i Bulandet og Værlandet.

 

Sak 5) Å få til ein merka helikopterlandingsplass etter modell frå Bremanger (merka med lys).

Vi tek kontakt med Helse Førde for å få deira meining om saka.

 

Sak 6) Nordsjøporthelga

Linda har lagt all informasjon ut på nettet, og folk må nytte sjansen til å melde seg til arbeid under Nordsjøporthelga. Nordsjøporthelga 2009 vert handsama på år smøtet.

 

Sak 7) Årsmøtet vert laurdag 24.januar kl.15.00 i Værlandet Gjesteheim.

Sakliste:

·       Årsmelding frå styret, husstyret, rogavlnemnda, museumsnemnda, parknemnda og badeplassnemnda.

·       Rekneskap frå styret og undergruppene.

·       Diskusjon om framtidig samanslåinga av Værlandet vel og Bulandet Grendalag.

·       Revisjon av vedtektene. (Gjeldande vedtekter ligg her)

·       Nordsjøporthelga 2009.

·       Val

 

         Sak 8) Framtidig drift av Værlandet Gjesteheim.

         Linda Landøy og Elin Blom Vesterås får fullmakt til å skrive driftsavtale     

         med Værlandet Båt ved Gry Leite.

 

 Møte slutt kl. 16.30