Årsmøte i Værlandet Vel

 

Tid: 12. februar 2006, klokka 16.30.

 

Stad: Gamleskulen

 

Oppmøte: 14 personar

 

Møtet hadde vore kunngjort i god tid på førehand med plakatar i Landøyna, på stolpen i svingen og på butikken.

 

Astri ynskte velkommen til årsmøtet. Så reiste vi oss og hadde eitt minutt stille for dei her på landet som hadde gått bort i løpet av 2005, Peder M. Hansen og Karl Værøy.

 

Innkallinga og saklista vart godkjent utan merknader.

 

Årsmeldingar

 

Astri las så opp årsmeldinga frå styret.  Årsmeldinga vart godkjent utan merknader.

 

Årsmeldingar frå parknemnda, bygdetunet, badeplassnemnda og rogavlnemnda vart lesne opp og godkjende utan merknader.

 

Elin las opp årsmelding og rekneskap frå husstyret. Desse vart òg godkjende utan merknader.

 

Rekneskap

 

Arnt Henning Blom la rekneskapen fram og refererte dei viktigaste postane .  Rekneskapen er revidert av Signe Marie Landøy og Gunnar Hopen.

Rekneskapen vart godkjent.

 

Val

 

Elin Blom Vesterås la fram valnemnda sitt framlegg til Val – liste.

 

Det må velgast ein ny person som skal disponere kontoen til museumsnemnda. Dette gjer museumsnemnda sjølv i det møtet der dei konstituerer seg.

 

Møtet slutta seg samrøystes til valnemda sitt framlegg. Astri takka Per Vidar og Harald som seier takk for seg. Møtet takka Astri for den framifrå innsatsen ho har gjort som leiar i Værlandet Vel gjennom fem år.

 

Møtet slutt klokka 17.39

 

Etter møtet var det ei lita synfaring i gamleskulen.

 

Linda Landøy

- ref