"LIV OG LYST" sine utleigehus, Høystålet, Gamlestaua og Bualemmen. Og så selskapslokalet Floren.
Bualemmen og Gjørøy sett frå sør Her i det gule huset held Liv til.
Floren og Gamlestaua ser ein og.

Liv Turid Gjørøy har 2 hus på Gjørøy som ho leiger ut. Gamlestaua og Bualemmen.
Så har ho ein flor som ho som har bygd om til møterom/ selskapslokale. Det selskapslokalet heiter då sjølvsagt Floren.
I tilknytning til Floren har ho ei utleigeleiligheit for to personar, som heiter Høystålet.

Høystålet har sengeplass til 2 personar.
Bualemmen har sengeplass til 4 personar fordelt på 2 soverom.
Gamlestaua har sengeplass til 7 personar fordelt på 2 soverom og sovealkove.
God uteplass er det alle stader.
Alt dette kan du sjå bilete av lenger ned på sida.

Båt kan du leige, og skulle du få fisk eller krabbe så er det både sløyerom og krabbekokar.
Berre so det er sagt så får du heilt sikkert både fisk og krabbe.
Og skulle du mot formodning ikkje få fisk, så treffe du no i alle fall ho Liv, da er verdt turen berre da.

Ho Liv treff du i det første gule huset du ser når du kjem landevegen til Bulandet.
Det vil sei vist ho ikkje er i Temaparken eller jobber på butikken.
Du treff ho no som oftast på mobiltelefon 91 31 71 94 eller heimetelefon 57 73 21 19
 

Under her finn ein bilder av Høystålet, Bualemmen, Gamlestaua og Floren. Og so litt til.
 

Slik henta Liv gjestane sine før vegen kom. Når gjestane såg den kvite snekka
og nasetippen til Liv over baugen så viste dei at dei var i trygge hender.
Bilete er teke frå ei bok som heiter "Kjerringkavet" og som er utgjeve på Selja Forlag.
Der kan ein lese om fiskarkvinnene frå Sogn og Fjordane.
Masse fine bilete er da i boka og, til og med fleire bilete av ho Liv.

Her er bilde av Høystålet.

Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i virkeligheita.
 

Inngongen til Høystålet, med vertinna Liv i døra.

Nordligaste delen av staua, med vertinna Liv fint dandert i ein stol. Berre so da er nemdt, så har ho Liv mykje å gjere på, så ho sit ikkje permanent dandert i stolen. Gjestane får staua helt for seg sjølv.

Flott utsikt mot vest.

Sørdelen av staua.

Litt av utsikta frå takglaset i den sørlige delen av staua.

Sovealkoven med 2 sengeplasser

Sengene i sovealkoven står tett, så det er ein fordel om gjestane er venner. Skulle gjestane verte ekstra gode venner, så behøve dei ikkje bry seg om den nysgjerrige pyjamaskledde apa som sit her, den er veldig diskrè.

Her ser ein kjøkkendelen av Høystålet. Bak døra til venstre er toalett og dusj.

Her ser ein litt av dusj og toalett rommet.

Her er utsikta mot nord. Flott uteplass og flott utsikt.


Her er bilete av Bualemmen.

Her er Bualemmen sett frå nord

Og her frå sør

Her sit ho Liv ved inngangen til Bualemmen og venter på neste gjest.

Her er fin solplass på sørsida av bua

Her er snekka til Liv, utleigebåten og skikkelig god kaiplass.

Her er kjøkken og spisekrok.

Ein fin detalj frå kjøkenbordet.

Her er soverommet. Det er nesten så ein får lyst å legge seg nedpå sjølv om ein ikkje er trøtt, so koselig er det.

Toalett og dusj er det no og selvfølgelig.

Her er sengeplass for 2 på hemsen.

I gangen er det utskoren ei kompassrose i golvet. Det er mange sånne detaljar rundt omkring på Bualemmen.


Bilete frå Gamlestaua

Her står jammen Liv ved inngangen til Gamlestaua og.

Fin solplass i sørveggen.

Kjøkkenet i Gamlestaua

Stova i Gamlestaua

Sovealkove i gangen i andre høgda.

Bilete frå eine soverommet.

Bilete fra det andre soverommet

Bilete frå Floren.
 

Her er sjølve floren, inngangen er opp trappa. På sørsida er da og inngongsparti, der ein kan komme seg inn med rullestol eller gåstol eller kva som helst i grunn.

Og sånn såg det ut før ho Liv sette i gang med å restaurere.

Her held dei forrige innbyggarane i floren på å flytte ut.

Her er vi inne i floren. Ikkje mykje fjøslukt att her.

Inne i floren frå ein annan vinkel.

Bilete frå endå ein annan vinkel i floren.

Her er vertinna sjølv, ho Liv, på kjøkenet i floren

Her hos ho Liv er da so koseligt at til å med hønsene og hanane held på å kose seg omtrent klukk ihjel.

Under her kan du sjå nokre kjekke bilder frå da Liv arrangerte skjeltefest i Floren 20. desember 2009.
 

Da er skikkelig fint pynta på borda.

Ikkje berre borda, men heile Floren er er skikkelig flott pynta.

Skikkelig julestemning.

Her er ein ekte Vossa-skalle, røkt og svidd, som ligg å godgjere seg og venta på gjestane.

Og så er da ekstra mykje utav dei skallane vi er mest vant med, flekte og salta. Dei godgjere seg og venta på gjestane dei òg.

Liv i full sving med kålrabistappa, som og høyrer med til eit skjeltebord.

Da er ikkje mangel på detalja når ho Liv styra med noko, til og med øyredobbane er tå rette sorten.

Stearinlysa er og heilt tilpassa ein skjeltefest.

Glasa står klar til gjestane skal komme. Ho Liv hadde ikkje nok glas av same sorten, men ho veit å improvisere den tytta.

Til ein skikkelig skjeltefest høyrer god drikke med òg.

Jardar kjempa med å lage veien framkommelig. Da er godt å ha vetigt brøytemannskap når ein skal ha skjeltefest og da er mykje meir snø enn kva ein er vant til.

Hønene har begynt å tore seg bortom hønsehuset ved Floret att, dei har endelig vorte overbevist om at dei ikkje befinn seg på kveldens meny.

Så har skjeltefesten begynt, og masse gjesta har komme.

So har gjestane begynt å forsyne seg.

Einar Magne har funne seg ein frestande saueskalle, Einar Magne til venstre. Frestelsen i bakgrunnen er ho Marianne.

Oddmund har vore fiskar heile sitt liv, og er vant til å ta raske og rette beslutninga i full fart, på reint instinkt. Men her var da so mykje godt at han må tenkje seg ekstra nøye om, før han hiv seg øve delikatessane.

Her ligg delikatessane på rekke og rad.

Gjestane ser ut til å nyte den gode maten.

Da ser ut som han Arnt Henning er godt fornøgd med maten, og at han har ete mykje.

Ho Liv ausa opp fleire skalla, ditta var noko folk likte. Heimesideskrivaren fekk med seg nokre skalla heimatt òg, og dei var berre ein nytelse å ete. Skikkelig kjekt og godt å smake sånt itte gamalt, jammen lenge mylja kvar gong.

Ho Marianne hjelpte tante Liv under skjeltefesten, og eit sånt flott motiv kan ingen fotograf gå forbi utan å knipse eit bilde eller ti.