|
Livet i hønsegården til den mannlege
heimesideskrivaren. Litt hønemusikk frå da lokale bandet i Klukke-bu, Du må ha godt med lyd på. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Hanen Gideon slit med såra stoltheit, trakkasering og
nesten-kastrering. (Lenger ned kan du lese mykje meir hønestoff)
Dei to gjenværande hønene i hønsegården til den mannlege
heimesideskrivaren, Gråstjert og Høna til Eva, har lagt å ruga på egg i
snart 3 månader no. Da er langt øve tida, så det har nok gått litt i
surr for dei. Da er ikkje berre å ligge å ruge, skal det verte kyllinga
må han Gideon inn i bildet for å gjere haneting. Gideon er
pliktoppfyllande og prøver seg stadig vekk, med å utøve haneting, men
det er ikkje så lett å komme til når hønene ligg å ruga. Ikkje er dei so
mottakelige for kurtisen til Gideon heller, når dei konsentrera seg om
ruging. Under her kan du sjå nokre bilde frå tildragelsen. Dei mest dramatiske sekundane vart ikkje fotografert, da gjekk altfor fort føre seg til at heimesideskrivaren klarte å reagere. Klikk ein gong på bilda så vert dei større. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Ein bitteliten julerapport frå jula i hønsegården, 2009. (Lenger ned kan du lese mykje meir hønestoff)
Julafta 2009 feira 3 haner og 3 høner jul i hønsehuset til den mannlege
heimesideskrivaren. Gamlehøna, "Gråstjert", var vekk sist eg kom frå
sjøen. Truleg er da ein rovfugl som har hogge kloa i ho. Da stod ein
svolten hauk av ein eller anna sort oppe i eit tre og glodde hin dagen,
men itte att heimesideskrivaren glodde stygt tilbakers og trua med både
da eine og andre, så har ikkje uvesenet vore å sett etterpå. Eg veit
ikkje kva sort da var, men den hadde skikkelig spisse venger når den
fauk, såg eg.
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Så blei 6 lykkelige kyllingar redusert til 4 forskremde. Nok ein gong
stor dramatikk i hønsegården til heimesideskrivaren. (Lenger ned kan du lese mykje meir hønestoff)
Ei dramatisk kveldstund den 10.07.09, ca. i 22:00- tida dundra da på
døra til heimesideskrivaren. Ungane, til turistane, som budde i rorbua
hadde vore ein tur for å kikke på dei seks dager gamle kyllingane, og
der i hønsegarden sat jammen eit pinnsvin og gnog på den eine kyllingen.
Vel å merke var kyllingane søte, og til å ete opp, men da får no være
måte på å gå bokstaveleg til verks. Mor til kyllingane, "Høna til Eva", og kyllingane vart plassert og låst
inn i da gamle hønsehuset. Her får dei berre være til kyllingane har
passert pubertetsalderen og vel so da.
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Høna til Eva har gjort ein kjempeinnsats i helja. 04.07.09 (Lenger ned kan du lese mykje meir hønestoff) Høna til Eva, som ein kan lese meir om under her, har brukt Nordsjøpothelja til nok skikkeleg vetigt. Ho har klekka ut ei røys med kyllinga. Meir reportasje om saka vil nok komme seinare.
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Den mannlege heimesideskrivaren har fått høne hos Eva. (Lenger ned kan du lese mykje meir hønestoff)
Heimesideskrivaren var på folkeaukeseminar 1. og 2. mai på Værlandet. I
den forbindelse var han nett ein kort tur innom puben på Værlandet
fredags kvelden. Du må klikke ein gong på bilde for å få da større.
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Den mannlege heimesideskrivaren har knapt nok ei høne att. Den tidlegare livlige og hønetallige hønsegarden til den mannlege heimesideskrivaren er no blitt til 1,5 høner og ein redusert hane. Heimesideskrivaren ser med misunnelse på hønsegarden til Liv og hønsegarden på Grånåsa, dar ser da ut til å være fred og fordrageligheit, og trygge lykkelige høne året rundt. I fjor sommar trippa da 11 lykkelige høner og to forskrekka kalkunungar rundt i skogen på Vadøyna. No er da berre høna Gråstjert som er uskada, om enn noko psykisk redusert, Valla som er halvveis oppeten og Gideon som har fått den store halestjerten sin redusert til to fjøyr. Kalkunungane vart funne flytande på sjøen, oppned. Truleg jaga på havet av kattar eller mink. Her er da minken som er hovedmistenkt sidan det var eit slikt udyr i nærområdet i den tida. Minken døde seinare av blyforgifting men i seinaste laget for kalkunungane. Dei 4 kyllingane som blei fødd i fjor sommer forsvant i løpet av hausten og vinteren, den siste i februar i år. Heilt utan spor. Her er da katten Gråtass og kompisen Artur som er hovedmistenkt. Dei plukka seg ut ei stakkars høne og jaga den, til den hoppa på havet i forskrekkelsen, Gråtass er sjefen og Artur gjere so han får beskjed om. Sjølv om eigarane betvila at dissa snille englereine kattane utøve noko vold så er da nok vitneobservasjona om tildragelsane til at Gråtass og Artur alltid vil leve eit farleg liv så lenge dei bevega seg inn i skogen på Vadøyna. Får heimesideskrivaren tak i dei så fyk dei på bortaste havet nokre sekundar seinare, uansett kor englereine dei ser ut. Yndlingshanen Labbetuss forsvant sporlaust i februar. Da låg berre to nokre svarte fjøyr att, pluss ein masse kattespor i snøen. Den snille naboen Steinar hjelpte då heimesideskrivaren med å få tak i nokre feller som fanga udyr levande, med da resultat at to kattar fekk seg ein flygetur på bortaste havet. Då blei da fred i hønsegarden ei lita stund. Så gjekk da ei par veker i fred og fordrageligheit. Heimesideskrivaren trippa fornøgd ned til hønene sine i to tida for å gje dei noko god mat, og hønene trippa imot han like fornøgde. Dei kikka på ham med eit godt ømt høneglimt i auga og var særs nøgd med godsakene dei fekk. Litt før klokka fire skulle heimesideskrivaren ta seg ein tur for å hente posten, og då blei han møtt med eit forskrekkelig syn. Hønsegården flaut i fjøyr øve alt, og inni låg Klukki med eit hol i brystet og tom for da meste. Dei andre hønene sat forskremte inne i ein krok i hønsehuset og hadde alt anna enn gode ømme hønseglimt i auga. Anjelina hadde til og med fleire sår på ryggen etter eit eller anna udyr. Onkel Tias har sett ein mystisk fugl som har lurt rundt hønsegarden min på morgonkvisten, og på eit fjernsynsprogram kjende han den att som ein hønsehauk. Nota i hønsegarden vart strama enda meir til, så det var berre eit ytterst lite hemmelig hol hønene kunne passere. Og så slapp dei ikkje ut utan tilsyn. Då blei da fred i hønsegarden ei lita stund til. Heimesideskrivaren reiste til havs og påska kom med masse glade påsketuristungar og heimehøyrande ungar som kikka etter hønene. Påska medførte og turistar med kjekke snille hundar. Store hundar er ofte kjekke og snille så lenge dei ikkje et opp folk eller dyr, og vert haldne i band når da ikkje er eigarar som passa på. Ein slik kjekk og snill hund fekk gå laus utan band og tilsyn, fordi den vanligvis ikkje åt verken folk eller fe. Men årsaken til at han ikkje åt opp alt i sin vei var vel fordi han ikkje har tilgang på slikt vanligvis. Nok om da, utyskje kom og glefsa i seg alt han fant. Anjelina som hadde to sår på ryggen etter hønsehauken, vart so maltraktert at da var berre dei to såra på ryggen som var heile ittepå. Valla vart halvveis oppeten, men leve ennå. Ho er naken i bakre halvdel, og ser noko maltraktert ut ellers. Men ho et og går på normalt vis, så heimesideskrivaren har ikkje hjarte til å avlive ho så lenge ho ikkje har tydelige lidelsar utanom å være flau, naken og misbrukt på skjendeleg vis. Gideon har og fått ei skikkeleg glefse i bakstussen, men da er mest stoltheiten da har godt ut over. Kanskje litt meir og, sidan han ikkje eingong har prøvd å bedrive yndlingsaktiviteten sin sidan, klatre på høner og gjere haneting. Gråstjert ser ut som ho har bjerga da meste, utanom vetet. Hundeeigarar er som katteeigarar, dei fornekta realitetane. Hundeeigarar står i ei sky med hønsefjøyr mens kjøt slintrene frå hønsene dryssa ned frå greinene, småungane er i sjokk etter massakren dei har sett og hunden sit å pirka seg i tennene med den største fjøyra han fekk tak i, og så betvila dei at da er den snille bisken som har herja her. Utruleg. Ja ja, freden har no senka seg øve hønsegården endå ein gong, får vi håpe. Under her kan ein sjå restane av høneflokken til den mannlege
heimesideskrivaren.
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Kurt'n har fått hjelp med å få orden på hønene sine. (2008) No har den mannlege heimesideskrivaren fått hjelp til å navnsette alle hønsene sine. Alle hønene lever og har da fint enno, sjølv om både katten Gråtass og ein kompis av han som heiter Artur, har prøvd så godt dei kan å få livet utav dei. Da er berre å stikke bortom for å helse på hønene, dei held til rundt hønsehuset i skogen på Vadøyna. Men ta helst ikkje med nokon morderiske kattar. Når alle hønene/hanane har fått navn og hønsehuset er skikkelig målt og pynta, so vert da høgtidelig åpning dar alle er velkomne. Hønsehuset må vel målast rødt, men da må verte veir til da fyrst. Åpninga skal verte behørligt annonsert på førehand. Sikkert i mars, april, mai eller juni ett eller anna år. For å få med seg heile historikken om fjørkre'a på Vaineset so må ein
nesten og lese om åpninga av Klukkebu ,
forsvinninga av Brynhild
, begravelsen til Svanhild og
Alberta på havet. So har den kvinnelige
heimesideskriverska vore innblanda i høne
dramatikk ho og. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 31.08.08 Labbetuss har blitt far, Gideon har det fint og
ein kylling har forsvunne. Fyrst nokre glade nyheiter. Lenger ned på sida kan ein lese om att hanen Labbetuss har reist til Værlandet for å prøve seg med amorøse haneting på høna til Eva. No har dei amorøse hanetinga medført familieforøkelse, da kan ein og lese om på heimesida til Værlandet ride og aktivitetsgard. Litt bilder kan ein sjå under her. Det har vore litt bekymring om
hanen Gideon sin tilstand på gjesteboka.
Den mannlege heimesideskrivaren pleie slå Gideon i haue med ein kjepp
kvar gong han prøve seg med haneting opp etter føtene til
heimesideskrivaren, men som ein kan sjå av bilda so har ikkje Gideon
teke skade av da. Da går verst ut øve føtene til heimesideskrivaren som
ein og kan studere på bilda under her. Ellers må da berre nevnast at den mannlege heimesideskrivaren har
katt og, den ligg berre å kosa seg rundt omkring. So studera den
kyllinga og høne med ei våkent, intelligent og barmhjertigt blikk ei
lita stund, før den søv vidare. Da har sikkert noko med oppdragelse å
gjere korleis dissa kattane oppføre seg.
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
21.08.08 Litt hane/høne/kalkunstoff Hanen Silas har fått ny heim. Hanen til Astri har vorten eten opp av ein katt, dermed spredde frustrasjonen seg blant hønene i hønsgarden. Da er ingen gong den mannlege heimesideskrivaren er så hjelpsom som når han høyrer det er frustrerte høner i nærområda, so han stilte ein av hanane sine til disposisjon med ein gong. Da var to hana att i flokken, Gideon og Silas. Den mannlege heimesidekrivaren ville helst gje vekk Gideon, då den kan være litt agressiv og remja mykje. Gideon er ikkje so tam, men da kan komme seg av at den mannlege heimesidekrivaren har slått han i haue med ein kjepp nokre gonger, då Gideon har gått angrep på beina hans. Silas er rolig og gemyttelig, ganske tam og stillfaren. Men heimesideskrivarungen Johannes ville helst gje vekk Silas, då den ikkje oppførte seg heilt i tråd med hans moralske normer, overfor hønene. Johannes har observert at Silas berre lurer seg innpå hønene, glefser tak i nakkeskinnet på dei, hiv seg på og gjere slike haneting. Gideon virka meir slik at han spør om lov fyrst, før han set i gong med haneting. Eit vektig argument som gjorde at Silas blei sendt på Værlandet i staden for Gideon. Så har det komme to innbyggarar til i skogen på Vadøyna, dei held seg i da gamle hønsehuset og er to kalkunar. Eit av kvart kjønn ( trur vi). Da er berre å komme med navneforslag i gjesteboka. Så har kyllingane vokse litt sidan sist, da er berre å komme med navneforslag her og. Litt bilde av dei og under her.
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ein fredag midt i Nordsjøporthelga 2008 kom da 4 nye innbyggarar til hønsegården. Gråstjert, som ein kan lese meir om litt under her, forsvant for nokre veker sidan. Etter nokre dager vart den attfunnen under eit tre saman med 10 egg. På fredag 4.juli, om morgonen, stod Gråstjert saman med 4 kyllinga og ein haug med kyllingsvoltne svartbaker rundt seg, utanfor hønsehuset. Gråstjert og kyllingane blei bjerga inn i da gamle hønsehuset, Klukkebu, og der kosa dei seg inntil dei var store nok til å klare seg sjølv. So er da berre å komme med nye navneforslag :o)
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Labbetuss har reist til Værlandet for å prøve å finne tonen med den amorøse høna til ho Eva.
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() Lurehøna Hjørdis I og med at hønsegården i da siste har vorte heimsøkt av blodtørstige katta, såsom Gråtass og Artur, so har den mannlege heimesideskrivaren sett ut ei primitiv felle for å gjere eit forsøk på å fange nokon av udyra. Her kan dei sitte i bur til skjemsel og advarsel nokre tima, før dei får si velfortjente straff. Straffa består i ein luftetur gjønna lause lukta til dei havna på bortaste havet, so held dei seg vekk inntil dei har glømt heile seansen. Da er no tydeligvis ikkje so mykje med dei, for dei gløyme fort, spesielt Gråtass. I fella sit Lurehøna Hjørdis og gjer seg skikkelig attraktiv, for å lokke grakattane til seg. Lurehøna Hjørdis er forøvrig oppkalt etter eit liknande individ den mannlege heimesideskrivaren var bort i ein gong for lenge sidan. Er da nokon som er bortom og ser ein grakatt og ei lurehøne i eit bur, so berre la dei sitte dar til den mannlege heimesideskrivaren kjem for å ta eit overblikk øve situasjonen. Siste 080308: Da har visstnok vore ein del diskusjon om kven Lurehøna Hjørdis kan være oppkalt etter. Den mannlege heimesideskrivar vil no berre fortelje alle om at Hjørdis er eit fiktivt navn, da var da einaste navnet han kom på i farten som ikkje kunne knyttast mot nokon person som han kjenne og som dermed kunne føle seg ille berørt. For den som har lurt på dette so kan den mannlege heimesideskrivaren berolige deg med att da ikkje er deg eg har i tankane (so vidt eg kjem på i farten då ). Er da enno nokon som lurer meir på ditta, so er da berre å skrive i gjesteboka. :o) Siste240409: |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eric Cantona Den er rød, med litt mørk stjert. Rase er ukjent, men den har nok litt Silkehøne i seg trur eg. Er rask og litt forsiktig. Har litt Sunnfjordsk lune. Er veldig forsiktig i starten, men når ho først kjem, so kjem ho fort og er vanskelig å stoppe. Ditta navnevalget kom frå mailadressa til Jessica, men den mannlege heimesideskrivaren har ein mistanke om att da er Vegard som har valgt navn. Han ville ha navnet på plassert på nummer 3, som meir sannsynlig er ein hane, men da navnet var alt oppteke. Dinna høna her har begynt å oppføre seg meir og meir som ein hane, so heimesideskrivaren satsa på att den passa til navnet. Skulle den mot formodning begynne å legge egg, so får vi kalle den Erica Cantona. Siste 080308: Eric Cantona er nok eit lurt navn på denne høna, då da trulig er ein av fleire hanar i hønsegården. Kammen på haue har begynt å verte veldig stor og raud, og han har begynt å hisse seg litt opp når den mannlege heimesideskrivaren kjem med mat. Da er vanlig att hanane vert litt sure vist andre kjem med mat, då da ligg i genane deira att dei skal ordne mat sjølv og so skal hønedamene komme springande etterpå. Da er nok ei genetisk arv mange kan kjenne seg att i. Eric er nok ein hane, so han slepp skifte navn. Siste 190408: Han Eric Cantona har fått ny heim og nytt navn. Hanen til Liv Gjørøy slo seg krakilsk og angreip ein liten unge forrige helg, og da var bortimot da siste han gjorde. Den mannlege heimesideskrivaren, Tias og Johannes stilte mannsterke opp og skaut den krakilske hanen. Han Eric Cantona har vore sist på rangstigen av hanane i hønsegården til heimesideskrivaren, han har ikkje fått lov til å rope kykliky på ein manndig måte, og han har ikkje fått kosa med hønene. Ho Liv fekk han Eric Cantona i byte for den krakilske hanen som vart skoten, og der har han teke seg skikkelig opp. No laga han kykliky lyda som ein hane skal og er vistnok godt fornøgd og vel forsynt på alle måta. Så har ho Liv døypt om han Eric Cantona til Kurt, utan att hanen kava seg so mykje opp med da. Siste240409: Lever og kosar seg med hønene til Liv. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() Labbetuss Den er heilt svart og har typiske trekk frå Silkehøne. Mjuke fjøyr og fjøyr heilt ned på beina. Den prøve å tøffe seg av og til, men spring fort når da vert trøbbel. So spring den med ei spesiell breid beinføring. Synnøve Fedøy har valgt navnet på dinna hanen, og hanen er kalt opp itte gamlehanen til Målfrid Siste 080308: Siste 250608: |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() Gideon. Dette her er mogeligens ein hane, sjølv om vedkommande ikkje har sagt eit ord enno. Den briska seg litt saman men ein anna potensiell kvit hane, men da kan berre være rein pubertal krangel dei held på med. Rase er ukjend, men den har visse trekk av Jærhøns. Den utprega seg med lange bein, og so lika den å stå høgt i terrenget. Bjørn Landøy har komme med eit velformulert forslag på navn til dinna hanen. Han meina att ein hane da ikkje kjem lyd utav må heite Gideon. Bestemor hans stod eingong på hågen og lytta itte ein båt som skulle komme. Båten som skulle komme hadde ein motor som heiter Gideon. Bestefar hans hadde tydeligvis ikkje mykje tru på dissa motorane, for han gå bestemora beskjed om att da ikkje nytta å stå på hågen å lytte itte ein Gideon for den gjekk aldri likevel. So ein hane som ikkje laga lyd, må då heite Gideon Siste 080308: Siste240409: |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() Valla Dette er ei av dei 2 voksne hønene som blei med frå Austevoll, for liksom å halde ungdommen i sjakk. Ho er mest raud av farge, mens den andre voksne er litt mørkare. Ho her er tøff og er alltid den som kjem først fram for å sjå om da er noko spanande mat på gong. So gjer ho grei beskjed til dei andre om da er noko ho ikkje er nøgd med. Rasa er nok litt ubestemmelig, men ho har typiske trekk frå Orbington. Ditta er den mest sjefete av alle hønene, og minna i grunn Kurt'n om att da finnast mykje menneskelige trekk i hønene og. Da er Eva Solum som har bestemt navn på denne høna, sjølv om ho ikkje er særlig begeistra for høns. Den mannlege heimesideskrivaren synes navnevalget passa perfekt i so måte.. Siste 080308: Valla er sjefen i flokken, ingen tvil om da. Ho er den tammaste av alle, og den med mest autoritet. Når den mannlege heimesideskrivaren kjem med mat om morgonen so er da ho Valla som står klar til fyrts å få mat. Ho et frå neven og føl nøye med kva dei andre får. Er ho fornøgd sjølv, so får dei andre ete og. Er ho sur so får dei andre skikkelig bank, hanane inkludert, bortsett frå Kurthild då. Siste240409: |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() Kurthild Dette er den andre voksne høna. Ho er litt mørkare i fargen og har typiske trekk av Orbington rase i seg. Ho held seg alltid i bakgrunnen, og er veldig forsiktig og anonym. Litt spesiell i grunn. Når alle dei andre sit på vagle om natta, so sit denne her innerst i ein krok og nyt livet for seg sjølv. Kurt'n er litt svak for spesielle høne, so ditta her er egentlig favoritten hans. Gunnvor Cassells, svigerinna til Kurt'n, ha bestemt navn på denne høna. I og med att da er favoritthøna til den mannlege heimesideskrivaren so passa navnet veldig godt. Siste 080308: Kurthild er nestledar i flokken so lenge ho held seg eit steg bak Valla. Når Valla er vekk so er da ingen som bryr seg om Kurthild. Så lenge Valla er nær so er Kurthild beskytta av Valla. Da er i grunn utrulig so mykje menneskelige trekk ein kan finne i hønene. Ellers so et Kurthild frå neven og er saman med Valla den mest tamme hønene. Siste240409: Kurthild var skranten og slapp nokre veker, og ein snørik februardag 2009 sovna ho stille inn. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() Silas Dette er den einaste høna som er heilt kvit, med litt gyllent skjer på ryggen. Da er ikkje sikkert da er ei høne eingong for den krangla mykje med den potensielle hanen, som er høne nummer 3. Den er tøff og uredd, so lenge høne nummer 4 har sjekka forholda først. Av rase ein typisk Kvit Italienar vil eg tru. Når den krangla so står den iro og tek imot kjeft, mens alle nakkefjøyra røyse seg, litt typisk mannfolk i grunn. Ruth og Øyvind Landøy har bestemt navn på denne høna. Silas er ein albino i boka Davinci koden. Da er usikkert om Silas i boka var tøff, uredd og sto iro når han fekk kjeft, men kvit var han no i alle fall. Siste 080308: Silas har vokse opp til å verte ein av dei største i flokken, og han er definitivt ein hane. Han remja ikkje so mykje kykkeliky for då kjem Gideon og banka han, og prøve han å verte fyrst i matfatet so får han bank av Valla. Han står for seg sjølv av og til og røyse alle nakkefjøyra, men da er ingen som bryr seg. Den mannlege heimesideskrivaren kjenne seg godt att i Silas sin situasjon, han er råtøff men da er ingen som merka da liksom. Siste 210808: |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() Klukki. Denne har fått navn, og Johannes har bestemt navnet. Denne er nok ein Kvit Italienar for da meste, men har nokre svarte flekka som tyda på att andre gena har blanda seg opp i saka.Da er ei høne som er vill og ubestemmelig, ho sit i ro eit sekund og so fer ho i full fres i da neste. Siste 080308: Klukki er ei truskyldig og forskrekka høne. Ho er berre ei sånn ein får lyst å ta på fanget og være god med når ein ser ho. Ho er usynlig tilstedeværande på ein måte. Usynlig når alle er der, men veldig tilstedeværande når alle er vekk bortsett frå ho. Litt djupt kanskje, men sånn er da berre med Klukki Siste240409: |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() Anjelina. Ei typisk Jærhøns som Sofie har bestemt navn på. Anjelina er veldigt nysgjerrig og kjem tuslande sjølv om dei andre spring sin veg, berre for å sjå kva som foregår liksom. Da er og den høna som roa seg fortast når ein tek ho i armane, ho lika litt kos. Siste 080308:
Siste 240409: |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() Gråstjert. Endå ei typisk Jærhøns som Sindre har bestemt navn på. Den ligna mykje på Anjelina, men har ein mykje grå'are stjert, og er litt meir forsiktig enn Anjelina. Den roa seg fort i armane og lika kos og kløing i nakken. Siste 080308:
Siste240409: |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() Her er da nye hønsehuset. Plakatane ein ser på veggane er berre advarsla til hønene om Gråtass, so dei veit kva slags udyr dei skal passe seg for. Da er berre å komme bortom å kikke på hønene. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() Her står hønene i kø for å lære seg korleis Gråtass seg ut, sånn att dei kan springe å gjøyme seg med ein gong dei ser han. No vise da seg att da er ein annan katt som heiter Artur som er like morderisk som Gråtass. Den var godt i gong med å ribbe eine høna før Johannes kom til staden og fekk kontroll over situasjonen. So da er mykje å passe på . |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Stemingsbilder av høner som kosa seg | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||