Referat frå årsmøte den 25.03.12

Referat frå styremøte den 22.03.12

Referat frå årsmøte den 20.02.11

Referat frå styremøte den 25.01.11
Årsmelding frå 2010

Referat frå styremøte den 24.10.10
Referat frå styremøte den 15.08.10
Referat frå styremøte den 25.02.10
Referat frå styremøte den 28.02.10
Referat frå årsmøte den 30.01.10
Referat frå styremøte den 17.01.10
Referat frå styremøte den 23.10.09

Referat frå arealplanmøte den 17.08.09

Referat frå styremøte i Værlandet Vel den 02.08.09

Referat frå styremøte i Værlandet Vel den 10.06.09

Referat frå styremøte i Værlandet Vel den 07.02.09

Referat frå styremøte i Værlandet Vel den 03.02.09

Årsmelding 2008

Referat frå årsmøte i Værlandet Vel 24. januar 2009

Referat frå styremøte den 11.01.09

Referat frå felles styremøte mellom  Bulandet Grendalag og Værlandet Vel den 2. desember 2008

Referat frå styremøte den 20. september 2008

Årsmelding for Engelbua 2007

Referat frå årsmøtet i Værlandet Vel 2008

Årsmelding 2007

Referat frå fellesmøte med Bulandet Grendalag den 16. september 2007

Referat frå styremøte den 9. september 2007

Referat frå fellesmøte med Bulandet Grendalag og Nordsjøportnemda den 14.juni 2007

Referat frå årsmøte den 18. mars 2007

Referat frå styremøte den 11. februar 2007

Referat frå styremøte den 25.oktober 2006

Referat frå styremøte den 30. august 2006

Referat frå styremøte den 9. mai 2006

Referat frå styremøte den 26. mars 2006

Referat frå årsmøtet 2006, 12.02.06

Referat frå møte om Nordsjøporthelga 30. januar 2006

Referat frå styremøte den 16. januar 2006

Referat frå møte om Nordsjøporthelga 8. januar 2006

Referat frå styremøte den 13. november 2005

Referat frå styremøte den 19. oktober 2005

Referat frå styremøte den 26. september 2005

Referat frå styremøte den 15. august 2005

Referat frå fellesmøte den 4. juli 2005

Referat frå styremøte den 4. juli 2005

Referat frå styremøte den 23. mai 2005

Referat frå allmøte den 11. mai 2005

Referat frå ekstraordinært årsmøte den 26. april 2005

Referat frå fellesmøte 13. april 2005 om festivalhelg

Referat frå styremøte den 4. april 2005 

Referat frå styremøte den 7. mars 2005

Referat frå felles styremøte i Bulandet Grendalag og Værlandet Vel

Årsmøte i Værlandet Vel 2005

Tid: 5. februar 2005 klokka 16.00

Stad: Gamleskulen

Sakliste:

1. Årsmeldingar

2. Rekneskap

3. Val

15 personar møtte

 

Leiar Astri Thorsen Landøy opna med å ynskje alle velkomne til årsmøte i Værlandet Vel. Tradisjonen tru reiste forsamlinga seg og minnest dei som hadde gått bort i 2004.

Innkalling og sakliste vart godkjende utan merknader.

Astri refererte ei koseleg julehilsing som husstyret for gamleskulen hadde fått frå eit turlag frå Askøy som overnatta i gamleskulen i haust.

Sak 1. Årsmeldingar

Astri og Per Vidar la fram årsmeldinga frå styret.

Kommentarar:

Ruteplanarbeidet: Ferja frå Dale til Eikenes bør gå 5 minuttar seinare frå Dale, slik at folk som kjem sørfrå når ferfja Askvoll - Værlandet.

Rogavlen: Sidan det var Værlandet skule som hadde med Rogavlen å gjere tidlegare, har nemnda for Rogavlen søkt kommunen formelt om at Værlandet Vel overtek rogavl og naust, med ei eiga nemnd/stifting.

Museumsgjenstandear: Værlandet Vel har fått mange gjenstandar og må no systematisere desse. Museumsnemnda må utvidast i og med at det no vert meir å gjere.

Tillegg til årsmeldinga: Tenning av julegran i parken den første sundagen i advent har no blitt ein tradisjon. Brassbandet spelte og det var song og gang rundt juletreet. Etterpå var det gløgg og peparkaker i gamleskulen. Harald Leite snakka om 100 - årsjubileet for namnet "Værlandet".

Dei over 80 år får framleis blomar av Værlandet Vel til jul.

Elles: Invitasjon frå Askvoll kommune til profileringsseminar den 2. mars. Her vil Værlandet prøve å markere seg på beste måte.

Ingen merknader utover dette. Årsmeldinga vart godkjend.

Astri refererte årsrapporten frå Naturbruksprosjektet.

Åramelding frå husstyret for gamleskulen: Elin Blom Vesterås la fram rekneskap for 2004. Deretter refererte ho sjølve årsmeldinga.

Spørsmål: kor tid blir drifta mva - pliktig? Dette blir avklara med "Mentor" - konsulent Ronny Mowatt seinare.

Badeplassnemnda: lite aktivitet i 2004, men i 2005 blir det naudsynt med meir aktivitet. Få på plass att sanden, rydde tang og luke vekk tistelen.

Parknemnda: parken såg bra ut i sommar, det har vore ein del telting der. Slåinga har fungert greit. Dreneringa virkar. Audun la fram rekneskapen. Saldo pr 31.12 2004 var 385,36 kroner.

Museumsnemnda: Lite aktivitet i 2004, men ein reknar med større aktivitet i 2005. På konto står det i overkant av 7000 kroner.

Bygdetunet: Audun la fram rekneskapen

Saldo 1/1-04

66271,12

Inntekt

351,00

Lån til g.skule

50000,00

Saldo 31/12

16622,12

Sak 2: Rekneskap for Værlandet Vel

Audun Oddekalv la fram dette. Revisorane Signe Marie Landøy og Gunnar Hopen har revidert rekneskapen for 2004 og 2003. Forsamlinga godkjende rekneskapen.

Økonomi i Værlandet Vel

 

Inntekter

 

 

Inng. Beh 1/1-04

1776,99

Tilskot frå kommunen

4000

Tilskot frå banken

1000

Overført frå Vegvesenet

9250

Bygdeprisen

 

25000

Hjartestartar innsamling

21847,12

Diverse inntekter

508,3

 

 

61605,42

 

 

 

Utgifter

 

 

Overført til Bulandet gr.l

-12500

Overført til Vidar UL

0

bidrag til oppvaskmaskin

-6000

Diverse blomster

-2137

Dekning av reiser

-1542,2

Div utgifter

 

-1108

 

 

-23287,2

Saldo pr 31/12 - 04

38318,22

 

 

 

Saldo kasse

 

164

Sak 3: Val

Bjørg Landøy leia valet.

Leiar

Astri Thorsen Landøy

Attval

Nestleiar

Per Vidar Nybø

 

Kasserar

Arnt Henning Blom

Ny

Styremeldem

Roar Landøy

 

Attval

Styremedlem

Signe Marie Landøy

 

Kommunen

 

 

 

sin repr/

 

 

 

sekretær

Linda Landøy

 

1. Vara

Audun Oddekalv

 

2. Vara

Hjørdis Blom

 

 

3. Vara

Rune Landøy

 

Attval

4. Vara

Laila Landøy

 

Ny

 

 

 

 

Revisorar

Signe Marie Landøy

Attval

 

Gunnar Hopen

Attval

 

 

 

 

Museums-

Magnar Landøy

 

nemnda

Per Vidar Nybø

Attval

 

Linda Landøy

Attval

 

Elin Landøy

 

Ny

 

 

 

 

Badeplass-

Elin Blom Vesterås

 

nemnda

Bengt Ronny Landøy

Attval

 

Maj Ytrøy Landøy

Attval

 

Helge Landøy

 

 

 

 

 

Parknemnda

Bjørg Landøy

 

 

 

Arnt Henning Blom

 

 

Bjarte Vesterås

 

 

Gunnar Hopen

Attval

 

Torhild B. Landøy

Attval

 

 

 

 

Valnemnda

Bjørg Landøy

 

 

 

Harald Leite

 

 

 

Elin Blom Vesterås

Attval

 

Tore Landøy

 

Attval

Spørsmål om ein kan ha den betalte jobben som sekretær samstundes som ein er kommunen sin representant. Dete må avklasrast. Kan ein setje inn vara for kommunen sin representant om dette er eit problem? Det skal undersøkjast etter helga. Styret får fullmakt til å konstituere seg sjølv når ein har avklart dette.

Valet var samrøystes.

Astri takka for oppmøtet og inviterte alle på ei omvising rundt i gamleskulen.

Møtet slutt klokka 17.20

Linda Landøy

- ref

 

 

 

Styremøte i Værlandet Vel torsdag 20/1-05.

 

Til stades: Audun Oddekalv, per Vidar Nybø, Linda Landøy, Laila Kråkenes, Roar Landøy, Astri Thorsen Landøy.

 

Forfall: Signe Marie Landøy

 

Sak 1) Referat frå førre møte. Godkjent.

           Merknad: Nera byggjer mast på Atløy for utbygging av breiband m.a. til øyane.  Tidsperspektiv er første halvdel av 2005.

 

Sak 2) Innsamling til hjartestartar.

Vi har nådd målet på kr. 25000,-. Endeleg svar på vår søknad om utplassering av hjartestartar vert gitt i februar.

 

Sak 3) Innkomne og sendte skriv

 

Sak 4) Årsmøte

Årsmøtet vert laurdag 5/2 kl.16.00 i gamleskulen. Valnemnda har fått melding om å starte arbeidet.

 

Sak 5) Overtaking av skulen

 

Sak 6) Eventuelt

 

 

 

 

 

 

Referat frå styremøte i Værlandet Vel 13/12-04 kl.20.00

Stad: Værlandet bygdehus

 

Desse møtte: Audun Oddekalv, Signe Marie Landøy, Per Vidar Nybø, Linda Landøy, Roar Landøy, Astri Thorsen Landøy

 

Frå husstyret: Elin Blom Vesterås, Erna Nekkøy og Linda Landøy

 

 

Sak 1) Overtaking av Værlandet skulehus.

          Skriv frå Askvoll kommune 2/12-04. Vi vart samde om ordlyden i svarbrevet der Værlandet Vel takker ja til å kjøpe skulen for kr. 15000,-. Vi vil behalde kulturskulen i bygget, men ber om at kommunen betaler straum og vask av dei romma kulturskulen nyttar.

 

Sak 2) Innsamling til hjartestartar.

Sidan førre møte har vi fått kr. 4000,- i gåve frå Askvoll Røde kors, vi nærmar oss difor summen og bestiller startaren. Elin Landøy ordnar med bestilling frå Luftambulansen.

 

Sak 3) Skriv frå Statens Vegvesen

Svarbrev ang. kommunal veg og skilting. Vi må avvente å sjå kva som skjer om fylkeskommunen overtek vegen slik han er i dag.

 

Sak 4) Bokbåten

Den sterke mobiliseringa langs kysten var pådrivar for at bokbåten vart berga denne gongen.

 

Sak 5) Det årlege møte mellom kommunen ved formannskapet og velforeiningar/grendalag vart referert.

 

Sak 6) Møte med Møreforskning ang. Atløysambandet

Laila Landøy møtte frå øyane. Endeleg rapport vert utarbeidd.

 

Sak 7) Eventuelt

 

 

 

Referat frå styremøte i Værlandet Vel og Bulandet Grendalag

 

Tid og stad: Værlandet Bygdehus, 18.10.04  kl 20:00 – 22:00

 

Desse møtte:

Værlandet Vel: Astri Landøy, Laila Kråkenes, Per Vidar Nybø, Roar Landøy, Signe Marie Landøy

 

Bulandet Grendalag: Heidi Kjæmpenes, Randi Fedøy, Randi Torvanger, Reidun Norheim, Frida Melvær

 

Sak 1

Innsamling til hjertestartar stasjonert i Værlandet (utekontoret): Det er til no kommen inn kr 2750,- til denne. Ikkje så mykje, men vi kjenner til fleire som har sagt at dei vil komme med eit bidrag. Det som er igjen av bygdeutviklingsmidlane er overført til grendalaga. Desse pengane ynskjer grendalaga skal gå til hjertestartaren.

 

Sak 2

Førebuing til det årlege møtet med kommunen (vert tysdag 19.10)

-         Innspel til ruteplanarbeidet, ferge og buss

-         Kaia i Alden

 

Sak 3

Kurt Rutledal har skrive og sendt eit fellesskriv til Statens Vegvesen ang. vegstandard/utkøyringar frå eigedomar. Brevet vart lest opp.

 

Sak 4

Toalett på fergekaia. Vi har fått brev frå Statens Vegvesen om at dei ikkje ser behov for toalett på fergekaia. Laila Kråkenes har sendt nytt brev der det er skrive om den store auka i trafikken vi har hatt dette året, og ber Statens Vegvesen vurdere behovet på nytt.

 

Sak 5

Førebuing til åpninga av nordsjøløypa 4.november. Miljøvernministeren kjem. Styret får ei kort orientering om programmet for dagen.

 

Sak 6

Atløy Vel inviterer til møte 17.november -04: Finansiering av Atløysambandet. Kva konsekvenser ville det få for Værlandet og Bulandet? Møreforskning orienterer om dei tala som ligg til grunn (og som dei har kvalitetssikra), og bruken av fergeavløysingsmidlar.

 

Sak 7

Mobildekningen på Værlandet og Bulandet: Saka vert tatt opp med kommunen.

 

Sak 8

Bygdeprisen: Gratulerer! Bulandet og Værlandet vant! Vi får tildelt kr 25 000,-. Astri Landøy og Heidi Kjæmpenes reiser til Flåm for å ta imot prisen.

 

 

Ref.:  Laila M. Kråkenes